Stinkande

Tirsdag 10. juli, 2007
- Selskapet Vest Tank hadde frist til i går med å leggje fram dokumentasjon for Statens forureiningstilsyn (SFT) om kva slags materiale som var lagra i tankanlegget som eksploderte i Gulen kommune 24. mai. Giftstoffet som eksploderte, kom etter alt å dømme frå tankskipet «Probu Emu», som høyrer til det internasjonale avfallsselskapet Trafigura. SFT varslar offentleg informasjon om giftstoffet i løpet av dagen. Det er, for å seie det forsiktig, ikkje ein dag for tidleg. Eksplosjonen, forpestinga av lufta nær tankanlegget, helseplagene for lokalbefolkninga, bedriftas atferd og handteringa frå styresmaktene gjer at dette er ei sak som stinkar i meir enn ein forstand.
- Norges Miljøvernforbund har meld Vest Tank til politiet for mottak av giftslam utan å ha oversikt over innhaldet, og for ulovleg import av farleg avfall frå utlandet. Frederic Hauge i Bellona meiner at vi står overfor eit av dei verste miljøbrotsverka i Norge. I ein radiodebatt sist veke, skulda miljøvernminister Helen Bjørnøy Miljøvernforbundets leiar Kurt Oddekalv for å snakke usant då han slakta miljøstyresmaktenes innsats. Det lengste Bjørnøy ville strekke seg i retning av sjølvkritikk, var at samordninga mellom dei ulike etatane kunne vore betre. I røynda har både helse- og miljøstyresmaktene drive ei sjokkerande ansvarsfråskriving, også etter at sjukdomssymptoma i Gulen vart kjente. Då, om ikkje før, skulle det vore tid for å slå alarm.
- Det er fantastisk at det skal gå nesten sju veker frå ein dramatisk eksplosjon i tankar for avfallslagring før miljøstyresmaktene klarer å finne ut kva som gjekk i lufta. Det verkar som om det blir stilt altfor slappe krav til verksemda som er ansvarleg for lagringa, medan SFT kom altfor seint på banen med eigne undersøkingar. Det er også grunn til å rette søkelys på ansvars- og eigarforhold i Vest Tank, der lokale samfunnstoppar som tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth (Ap) og ordføraren i Fedje til nyleg har sitte i styret. Som det gjekk fram av Klassekampens reportasje laurdag, var bedriftsleiinga knapt nok i stand til å opplyse kva klokka var, og langt mindre kven som eig og styrar selskapet. Ein viss seriøsitet må vi kunne forlange av firma som får løyve til å tene pengar på å lagre gift i fjøresteinane.










