Trygt i Irak?
- I Sverige har det vekt uro blant politikarar at flyktningar frå Irak som ikkje kan visa til risiko for personleg forfølging, no skal sendast tilbake til dei urolege delane av landet. Ifølgje Dagens Nyheter (DN) er politikarar frå fleire parti opne for ei lovendring for å forhindra ei slik innstramming av den svenske asylpolitikken. Svensk utlendingslovgiving byggjer, som den norske, på FNs flyktningkonvensjon, og opnar i tillegg for at personar som har sterke grunnar til å frykta dødsstraff eller tortur, eller treng vern på grunn av ytre eller indre væpna konflikt eller miljøkatastrofe i heimlandet, kan få opphald. Til no i år har vel 9300 personar flykta frå Irak til Sverige, og dei fleste har fått varig opphald.
- Generaldirektøren for det svenske Migrationsverket, som presenterte dei nye retningslinene sist veke, støttar seg på eit vedtak i Migrationsöverdomstolen (som behandlar klagar i utlendingssaker), sjølv om FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) frårår tvangsreturar til Irak. Vedtaket seier at det ikkje går føre seg nokon væpna konflikt i Irak, det er berre «vanskelege omstende». Generaldirektøren presiserer overfor DN at han held seg til svensk lov og regelverk, medan UNHCR berre gir råd. Socialdemokraterna sin talsmann i asylspørsmål er uroleg over dette standpunktet, eit vesentleg brott med det som til no har vore svensk haldning til Irak, og meiner ei lovendring må vurderast. Moderaterna sin flyktningtalsperson meiner ein bør diskutera om «væpna konflikt» også bør tolkast slik at det omfattar det ein no ser av kaos og terror i Irak.
- Det er ikkje berre i Sverige innvandringspolitiske omsyn kan verka inn på tolkinga av grunnleggjande menneskerettar når talet på flyktningar frå krigsherja område til rike vestlege land når eit visst nivå. Den relativt nye norske praksisen med eitt års mellombels opphald utan familiegjenforeining for flyktningar frå Somalia kan vera eit apropos. Tvangsreturane av afghanske flyktningar er eit anna. Til hausten skal Stortinget behandla ny utlendingslov. Det er all grunn til å passa nøye på korleis ein skal sikra at menneskerettane ikkje blir avhengige av økonomiske konjunkturar eller av talet på flyktningar som søkjer vern.











