Tre på lanseringa
Onsdag 27. juni, 2007
Terje Skog
Leiar i El og it forbundet i Oslo og Akershus, tidlegare leiar i Heismontørenes Fagforening
– Det er viktig å skriva historia si. Vi nyttar historiebøkene våre aktivt i foreininga, til opplæring av nye rekruttar. Eg er svært nøgd med boka. Det den tilfører er ein politisk breidde som gjev boka ein verdi utanfor våre eigne foreiningsrekker. Eg trur denne boka kan appellera til mange.
Kleiv Fiskvik
Leiar i LO Oslo
– Heismontørenes fagforening har vore ein politisk verkstad for dei opposisjonelle i fagrørsla. Dei har vist at ein må ha ei politisk forankring for arbeidet sitt om ein skal vinna fram. Den nyare historia deira har vorte ei lærebok i fagleg-politisk arbeid.
Egil Mongstad
Leiar i Tømrer og Byggfagforeningen i Oslo
– Heismontørane har gjort ein kjempejobb når det gjeld å visa samanhengen mellom kompetanse, styrke og løn. Dei har her kjempa mot kunnskapsfiendtlege haldingar både i LO og AKP.
Ei utfordring for hyllinga av ei einsarta, mannsdominert «kampforeining», er å ikkje undervurdera andre, som Hotell og restaurant i Oslo. Dei vel andre metodar, men gjer mykje for dei svakaste i fagrørsla. Å bryta ned skilje her, vil vera strategisk svært viktig.









