
«Coffe-table-book» for proletarar
Onsdag 27. juni, 2007
LES MER
Jørn Magdahl, forfattar
På puben Two Dogs i Oslo kan det kan gå heitt for seg. Diverre ikkje alltid på same vis som i går. Her var heile kjendisgalleriet til den radikale fagrørsla samla – til boklansering.
Historikar Jørn Magdahl har skrive «Meningsløst god – heismontørenes fagforening 1981 – 2005» (Gyldendal Akademisk). Den nær 450-siders rikt illustrerte boka er faktisk det tredje bindet av heismontørane si historie. At fagforeiningar skriv så grundig historie, er ikkje kvardagskost. Det er i alle fall ikkje vanleg at ei rad journalistar kjem for å dekka utgjevinga. Men så er Heismontørenes Fagforening ei relativt uvanleg fagforeining. Dei nyttar historiebøkene sine aktivt i studiearbeid i foreininga.
Det er få yrkesgrupper det finst så mange førestillingar om som heismontørane. Mest utbreidd er kanskje at dei «alltid streikar».
For å få det ut av verda med ein gong, kunne Magdahl i går fortelja at av dei 25 åra han har skrive om, har Heismontørane vore i streik i elleve månader.
– Av dei har 320 dagar vore tariffstreikar, som har vore viktige for heile fagrørsla. Løna slåst dei om mellom dei store oppgjera.
Resultatorientert
Det Heismontørane har streika for, er tenestepensjon, retten til å dela arbeid og at dei alle skal ha ein lik overeinskomst. I fem og ein halv månad streika dei mot sosial dumping. Ein streik som til slutt vart stoppa av regjeringa. Ei avgjerd som ILO seinare har kritisert for å vera feil bruk av tvungen voldgift.
– Heismontørenes Fagforening er den sterkaste, mest spanande og mest resultatorienterte fagforeininga i Noreg, slo ein entusiastisk forfattar fast.
– Det har aldri vore noko krav å vera upartisk i arbeidarhistoria, berre ein driv kjeldekritikk, fortel Jørn Magdahl til Klassekampen.
– Men eg har måtta passa meg for ikkje å romantisera for mykje, for eg meiner faktisk det er svært mykje å skriva heim om, seier Magdahl, som har vore leiar i Raud Valallianse og framleis er aktiv kommunepolitikar for Rødt på Nøtterøy.
Fagidentitet
Jørn Magdahl er ikkje åleine om å erkjenna styrken til Heismontørane, jamvel om han ser noko meir positivt på den enn ein del andre. Tittelen på boka er frå eit drygt 20 år gammalt sitat av Lars Christian Berge – viseadministrerande direktør i NHO: «Heisoverenskomsten er meningsløst god på nesten alle punkter.»
Direktøren stod enno bak utsegna, men ville ikkje vera med å skapa blest om bokutgjevinga ved å vera tilstades i går. Heismontørane hadde han enno langt opp i halsen, fekk vi referert på pressekonferansen i går. Den same kjensla er det også folk i fagrørsla som har hatt.
Kvifor har nettopp heismontørane vorte så sterke?
Jørn Magdahl peika på viljen til å byggja ein fagidentitet. Andre historikarar har jamført heismontørane med profesjonsstudium.
Å leggja vekt på det faglege har i fagrørsla vorte sett på som konservativ bagasje frå handverkartida. Men jamfør Magdahl har heismontørane omskapt fagidentitet til styrke i kampen.
– Dei har insistert på at utdanninga skal omfatta heile faget. Dei har arbeidd for lengre læretid, dei har bytta lønnsvekst mot etterutdanning. Dei var tidleg ute med å prioritera å setja seg inn i teknologiske nyvinningar, dei har sett framover og endra seg heile tida.
– Det har vore avgjerande at dei har hatt ei nasjonal foreining med ein samla overeinskomst, og at dei ikkje berre har vore montørar i ulike selskap. Dette har langt frå vore sjølvsagt, men tvert om sterkt motarbeidd i eit LO med ynske om foreiningslause storforbund.
På spørsmål om kva som er det mest særmerkte med Heismontørenes fagforening, svarer Magdahl nettopp evna til å halda ut.
– Heismontørane har kjempa kontinuerleg i over 30 år, dei har oppdrege nye generasjonar og dei har greidd å halda trykket oppe på 2000-talet.
AKP
Magdahl fortel at det skjedde eit skifte i foreininga på midten av 1970-talet. Frå å vera ei meiningsradikal foreining vart Heismontørenes fagforening ei aktiv kampforeining, med sterke leiarprofilar som Terje Skog.
– Det finst mange markante personlegdommar i Heismontørenes fagforening, som Skog og Per Arne Salo.
– Kampforeininga vart utvikla medan AKP var på sitt sterkaste og fleire av leiarane kom frå partiet. Kva plass har AKP i historia til Heismontørenes fagforening?
– Det har aldri vore meir enn fem AKP-arar samstundes i foreininga, men det var i AKP at dei lærte politikk. Det tok likevel ikkje mange år før dei hadde ein langt meir utvikla faglegpolitikk enn AKP. Som mange av dei fagleg-politiske AKP-medlemmane, gjekk dei fleste ut av partiet på byrjinga av 1990-talet. Det som vart att, var banda til ein del intellektuelle, som dei har halde på og som dei har nytta i skulering og i andre samanhengar.
Magdahl understrekar at det finst radikale tillitsvalde i mange fagforeiningar, men at desse ofte handlar på vegne av medlemmane. Heismontørane skil seg ut med mange aktivistar. Trass betre råd enn mange andre foreiningar har dei også vore nøye på at dei ikkje har hatt nokon tillitsvalde på heiltid. Alle har arbeidd.
Lærebok
– For å ta munnen litt full trur eg dette kan bli ei studiebok for unge, radikale fagforeiningsfolk i åra framover, sa Jørn Magdahl under lanseringa.
– Korleis har du balansert dette ynsket opp mot å skriva historie?
– Eg har tillate meg å lata mine vurderingar bli tydelegare utover i boka. Særleg i dei to siste kapitla. Samstundes trur eg folk utanfrå vil kunne ha størst interesse av nett desse kapitla, seier Magdahl. – For her set eg Heismontørane inn i ein større samanheng: Eg jamfører dei med heismontørar i andre land, eg ser på det politiske grunnlaget for arbeidet deira og eg plasserer dei i den nye fagopposisjonen mellom anna, fortel Magdahl.










