
Nyansert litteratur frå leirene
Tirsdag 19. juni, 2007
FAKTA
LES MER
På fredag forsvarer Anette Homlong Storeide doktorgraden i germanistikk på ei avhandling om skriftlege beretningar frå norske fangar i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. I alt var over 2500 nordmenn innom Sachsenhausen i løpet av verdskrigen, frå desse har Storeide analysert 140 skriftlege bidrag på til saman over 7000 sider.
Og det meste av dette har aldri vore publisert:
– Den analysen som er gjort internasjonalt av fangeberetningar tar som oftast utgangspunkt i ein eller to publiserte tekstar. Eg ville sjå kva som hende om ein tok tekstane til eit heilt fangekollektiv. Eg samla inn alt eg kunne finne frå tidlegare norske fangar ved Sachsenhausen, frå dagbøker, erindringsbøker og sjølvbiografiar til romanar, fortel Storeide.
Og tidsspennet i materialet er stort. Dei eldste tekstane er dagboksnotat som er skrivne under krigen, og reinskrivne i 1945. Det ferskaste dømet er skrive ned så seint som i februar 2006:
– Ein stor del er skrive rett etter krigen, deretter er det mykje som er skrive dei fyrste åra på 1970-talet, før omfanget har eksplodert frå omlag 1990. Frå 1950- og 1960-talet har eg ikkje funne noko.
Perspektivskifte
– Korleis forandrar beretningane seg med tida?
– Rett etter krigen er det motstandsperspektivet som dominerer, dei skriv om seg sjølve som motstandskjempar og om at motstanden heldt fram i fangenskapet. Dei dokumenterer rett nok lidingane i leirane, men det er ein veldig distanse til det å skrive om eiga liding.
Fyrst på 1970-talet kjem det store perspektivskiftet:
– Frå 1970-talet blir det større fokus på lidingane, både i fangenskapet og det at dei aldri blei heilt fridde frå dette. Dei ber fangenskapet med seg vidare, dei har fått psykiske og fysiske lidingar, og dei skriv om manglande oppfølging frå den norske staten.
– Kva var dei misnøgde med?
– Hovudsakleg handla det om retten til krigspensjon som dei fyrst fekk i 1968. Dei var sivile fangar og retten til krigspensjon var knytt til ei kausal forbinding mellom ei hending under krigen og ein skade i ettertid. Desse fangane kunne ikkje vise til éi hending som hadde ført til fysisk og psykisk skade. Dei følte dessutan at dei var ein type annanrangs personar i krigshistoria, det var motstandskjemparane i Milorg som aldri blei tatt til fange som var dei eigentlege heltane.
– Det har endra seg veldig til i dag?
– Ja, i dag har tidsvitna ein høg status som historieformidlarar. Dei lidingane dei opplevde er blitt synlege og har fått merksemd. Dette er noko som kom gradvis på 1960- og 70-talet.
Rikare tekstar
Storeide forsvarer avhandlinga innan faget germanistikk. Og metoden er ikkje historisk, men snarare litteraturteoretisk:
– Ein snakkar gjerne om at desse opplevingane er ubeskrivelege, men samstundes er det mange som har skrive om dei. Eg ville sjå på korleis dei går fram når dei skal skrive om noko slikt. Eg ville samanlikne med ei realhistorisk framstelling av det som gjekk føre seg i leiren, og sjå på kva dei skreiv om og kva dei ikkje skreiv om.
– Har det vore ein naiv tradisjon for å lese slike vitnemål heilt realistisk?
– Ja, trua på at ein kan formidle ting akkurat slik dei var, har vore sterk i norsk historieforsking. Og sjølv om desse fangane har prøvd å tilnærme seg tradisjonell historieskriving, nyttar dei mange litterære teknikkar som at dei byggjer inn dialogar eller nyttar bilete og metaforar. Dei snakkar typisk om helvete, undergang og mareritt.
– Men er det uproblematisk å gjere litterær analyse av denne type tekstar?
– Nokre meiner at det kan verke relativiserande og innvender at dette er skrive av folk som eigentleg ikkje er forfattarar og ikkje har skrive det som litteratur. Men eg meiner at det å sjå på det retoriske og estetiske berre gjer tekstane endå rikare. Eg trur ein på denne måten kan finne ut ting som ein elles ikkje ville ha funne ut, som til dømes korleis beretningane endrar seg over tid.
Same knaggar
Når tekstane samanliknast med omsyn til litterære verkemiddel, dukkar det opp interessante likskapar tekstane i mellom:
– Komposisjonen i tekstane er oftast veldig like. Dei knaggar historia på kva brakke dei budde i, kva arbeidsplass dei hadde og dei fortel oftast i eit vi-perspektiv, noko som vitnar om det sterke norske fangekollektivet i Sachsenhausen der dei frå sommaren 1942 fekk bu på eigne brakker. Beretningar frå norske jødar er sjeldan skrive i eit slikt vi-perspektiv, men er prega av sterk framandgjering og einsemd. Dei fleste av fangekameratane deira døydde og dei hadde derfor ikkje det same kollektivet.
Sachsenhausen-fangane er dessutan medvitne om at dei som vitne har ei plikt til å fortelje:
– Dette er påfallande i internasjonal samanheng, der det ubeskrivelege ved erfaringane oftast blir betont, og dei overlevande ofte syner ein ambivalens til om dei som overlevande har rett til å vitne. Denne tvilen er heilt vekke i dei norske beretningane.
Òg på andre felt skil beretningane seg frå den hegemoniske krigsforteljinga:
– Dei har eit mykje meir differensiert bilete av tyskarane enn den offisielle norske motstandsforteljinga. Dei skil veldig mellom SS og Wehrmacht på den eine sida og sivilbefolkninga på den andre. Mange av fangane legg vekt på etiske dilemma ved å ha vore i ein leir, der dei i alle fall etter 1943 hadde det relativt mykje betre enn dei andre fangane. På grunn av matpakkene frå Raude Krossen som berre dei norske og danske fangane fekk motta, kunne dei ete medan folk svelta på nabobrakkene, og dei kunne bruke matpakkene i fangesamfunnet til å bytte til seg betre klede eller betre arbeidsplassar. Dei er veldig opne om slike dilemma, dilemma som overhovud ikkje er betont i den offisielle forteljinga.
Dårleg unnskyldning
Internasjonalt har det vore ein stor debatt med omsyn til om det i det heile er mogleg å skrive litteratur om røynslene frå konsentrasjonsleirane. Elie Wiesel meiner omgrepet «Auschwitz-litteratur» er umogleg. Det ville anten vere litteratur, eller ikkje handle om Auschwitz, meiner han. Imre Kértesz står for det motsette synet, at ein berre kan førestelle seg konsentrasjonsleirane som litteratur og ikkje som realitet.
Storeides prosjekt med å analysere beretningane som litteratur, skriv seg uunngåeleg inn i denne debatten:
Og det som er konklusjonen for desse nordmennene, er at det er mogleg det er vanskeleg å skrive om det, men nødvendigheita var sterkare. Sjølv har eg stor tru på språket. Det er ein spansk overlevande som har sagt at dette postulatet om at det er umogleg å skildre det, berre er ein dårleg unnskyldning for å sleppe å snakke om det. Det er ei utsegn eg har stor sans for.










