Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 14. juni, 2007
Ikkje like?
REAGERER: ? Kunstfagstudentane i Oslo fell utanfor det automatiske opptaket, sjølv om dei i praksis har lik utdanningsbakgrunn mastertudentane i Bergen, seier Gunvor Nervold Antonsen. foto: mikaela berg

Ikkje like?

Torsdag 14. juni, 2007

FAKTA

* Biletkunstnarane sin fagorganisasjon.

* Består av 20 grunnorganisasjonar, derav 14 distriktsorganisasjonar og seks fagorganisasjonar.

* Blant fagorganisasjonane finn vi Norsk Billedhoggerforening, Tegnerforbundet og Norske Grafikere.

* Har omlag 2400 medlemmar. Alle medlemmar må vere profesjonelle kunstnarar.

* Nye opptaksreglar vedtekne på landsmøtet i mai skapar debatt.

LES MER

«All striden KhiO mellom kunstfag og akademiet har svekka kunstfag si stilling»
Runa Carlsen, masterstudent ved KhiO
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Medan masterstudentar i kunst frå Bergen automatisk kjem inn i fagorganisasjonen Norske Billedkunstnere, må Oslostudentar med same utdanning søke.

– Dette er heilt urimeleg. På denne måten seier organisasjonen at kunstutdanninga i Bergen er meir betydningsfull enn utdanninga i Oslo, seier Norske Tekstilkunstneres (NTK) leiar Gunvor Nervold Antonsen.

NTK reagerer på eit vedtak som blei gjort på Norske Billedkunstneres (NBK) landsmøte i Trondheim i mai. Då blei det avgjort at søkjarar til NBK med mastergrad i kunst frå Bergen, Trondheim, Tromsø eller frå akademiet i Oslo kjem automatisk inn i organisasjonen. Studentane ved studieretninga kunstfag ved Kunsthøgskulen i Oslo (KhiO) er ikkje med i det gode selskap.

Grunnen er ifølgje NBK at kunstfagstudentane, som har grunnutdanningar i grafikk, tekstil, metall og keramikk, ikkje driv med biletkunst. Likevel får studentane i Bergen som spesialiserer seg i dei same faga automatisk opptak, fordi Kunsthøgskolen i Bergen (KhiB) ikkje skil mellom biletkunst og kunsthandverk i sine gradstitlar.

– Kunstfagstudentane fell utanfor det automatiske opptaket, sjølv om dei i praksis har lik utdanningsbakgrunn mastertudentane i Bergen, seier Antonsen.

– Lite generøst

På landsmøtet la NTK fram eit forslag om å inkludere kunstfag blant mastergradane som gir automatisk opptak. Forslaget blei nedstemt.

– Om eg skal sette situasjonen på spissen, kan eg samanlikne NBK si haldning til kunstnarar frå det tidlegare kunsthandverksfeltet med måten ein del ser på innvandring på. Det blir påstått at om vi opnar for meir innvandring, vil vi drukne i innvandrarar. Den same haldninga finn vi i NBK: Redsla for at om vi opnar for nokon frå den gamle Kunst og handverksskulen, vil vi ikkje lenger vere ein biletkunstorganisasjon. Eg synst det er ei lite generøs og veldig mistruisk haldning, seier Antonsen

Antonsen trur også at den langvarige konflikten på KhiO mellom kunstakademiet og den tidlegare Kunst- og handverksskulen har medverka til at kunstfag ikkje fekk automatisk opptak. På kunstakademiet har det vore sterk motstand mot at utdanninga har kome inn under same fakultet som dei meir handverksbaserte faga.

– Konflikten spelar inn på delegatane sitt medvit. At det har vore mykje usemje og konflikt på KhiO har truleg vore avgjerande for kva enkelte stemte.

Studentane reagerer

Kunstfagstudentane ved KhiO er skuffa over dei nye opptaksreglane.

– Ein får kjensla av å vere stemoderleg handsama. All striden på KhiO mellom kunstfag og akademiet har svekka kunstfag si stilling. Resultatet er at kunstfagstudentane blir skadelidande, seier masterstudent på kunstfag Runa Carlsen til Klassekampen.

I likskap med Antonsen meiner Carlsen at avgjerda på landsmøtet skapar eit urettmessig skilje mellom studentar frå KhiO og KhiB.

– Utdanninga i spesialisert kunst i Bergen er ganske nøyaktig den same som kunstfagutdanninga i Oslo, men det var openbert at det var stor forvirring blant delegatane på landsmøtet om kva utdanningane står for, seier Carlsen, som sjølv var representert på landsmøtet for Unge Kunstneres Samfund (UKS).

Protest

Også dagleg leiar i NBK Gjert Gjertsen trur den gamle konflikten mellom kunstakademiet og Kunst og handverksskulen gjorde seg gjeldande i avstemminga på landsmøtet.

– Avgjerda illustrerer ein langvarig strid mellom akademi og kunsthandverk. Akademia ønskjer ei tydelegare avgrensing av kunsten, der den eine ytterkanten representerer brukskunst, medan dei sjølv representerer den edle ånd. Nedstemminga av tekstilkunstnarane sitt forslag var nok ein form for protest frå enkelte, seier han.

Gjertsen synst det er for tidleg å vurdere om vedtaket er urimeleg.

– Eg håpar og trur at det ikkje kjem til å bli nokon diskriminering mellom faga i praksis, og eg synst ikkje vi skal skrike om diskriminering før vi ser korleis vedtaket fungerer.

Når Klassekampen spør Gjertsen kva det er som skiljer master i kunst og master i kunstfag, synst han det er vanskeleg å svare.

– Det er små nyansar mellom dei to, vedgår han.

Ulike nok

Rita Marhaug er professor ved avdeling for spesialisert kunst ved Kunsthøgskolen i Bergen, og har sitte i utvalet som utarbeida det nye opptaksforslaget for NBK. Ho seier det er store nok ulikskapar mellom utdanningane til at det er mogeleg å trekke ei grense mellom dei i opptaket.

– KhiO har vald eit større skilje mellom kunstfag og biletkunst enn KhiB har. I Oslo skil dei mellom kunstfag og biletkunst, medan ein i Bergen har ein felles teoretisk plattform for både akademistudentane og spesialisert kunst heilt frå bachelornivå, seier Marhaug til Klassekampen.

– I utvalet var vi nøydde til å trekke ei linje mellom kva utdanningar som kvalifiserer automatisk, og kva utdanningar som ikkje gjer det. Men det er klart at vårt forslag kan diskuterast, seier ho.

– Forstår du at kunstfagstudentar synst at vedtaket er urimeleg?

– Eg forstår at dei kan vere ueinige. Avstemminga viste at det berre var eit lite fleirtal som stemte for vedtaket, så det er klart det er mange som meiner at kunstfagstudentar også har sin naturlege plass i NBK.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT