
– Det er vanskegradar i poesi
Fredag 8. juni, 2007
FAKTA
* Det litterære tidsskriftet Vinduet trykker i sitt nye nummer artikkelen «Dikt som religionserstatning» av litteraturredaktør i Klassekampen Bendik Wold.
* Wold går her hardt ut mot den modernistiske lyrikken, som han meiner er «mainstream» i den norske lyriske samtida.
* Tittelpoenget til Wold, at lyrikarane hevar diktet til religion, kjem av diktarane si insistering på «reine» lesingar av dikta: Dei vil ikkje ha dikta «omsett», tolka, til andre språk enn det dei er skrivne i. «Diktets suverenitet blir absolutt», skriv Wold, og jamfører den lyriske praksisen med religionsutøving.
* Medan den modernistiske lyrikken hevdar å vera open og evig, stengjer motviljen mot tolking dikta for andre enn dei privilegerte få som har hatt høve til å lesa seg inn i den lyriske tradisjonen. Dei få som kjenner kodane.
* Wold går så langt som å hevda ein kan dra liner frå den modernistiske samtidslyrikken tilbake antirasjonalistiske tendensar på 1800-talet.
* I yttarste konsekvens er motviljen mot den offentlege diskusjonen antidemokratisk, meiner Wold.
LES MER
Eldrid Lunden, forfattarEinar Økland, forfattar
Eldrid Lunden, sjølv lyrikar og professor ved Forfatterstudiet ved Høgskolen i Telemark synest Klassekampens bokredaktør Bendik Wold kastar mange ballar i lufta i sitt oppgjer med den modernistiske samtidslyrikken.
I artikkelen «Dikt som religionserstatning» i siste nummer av tidsskriftet Vinduet, hevdar Wold at den sjølvoppnemnde «opne» lyrikken eigentleg er stengt for andre enn dei privilegerte få som har hatt høve til å lesa seg inn i den lyriske tradisjonen.
Lyrikarane strebar etter eit «sjølvstyrande språk» som ikkje skal eller kan tolkast analytisk eller omsetjast i daglegspråk. Wold dreg linene tilbake til idealistiske ideologiske straumdrag og antirasjonalistiske tendensar på 1800-talet. «Diktets suverenitet blir absolutt», skriv Wold, og jamfører den lyriske praksisen med med religionsutøving.










