
– Tendensiøs kritikk
Torsdag 7. juni, 2007
FAKTA
LES MER
Trond Haugen, litteraturkritikar
Bokredaktør i Klassekampen Bendik Wold går i siste nummer av tidsskriftet Vinduet hardt ut mot hegemoniet i den norske samtidspoesien. I artikkelen «Dikt som religionserstatning», som vi trykker utdrag frå i dagens avis, hevdar han at norsk samtidspoesi er livsfjern og uinteressant.
Sentrale norske poetar har vendt seg vekk frå rasjonaliteten, og dyrkar språket på ein måte som minner om antimoderne tendensar frå 1800-talet.
Spesielt Tone Hødnebø, Gunnar Wærness og Steinar Opstad blir trekte fram i artikkelen, men ingen av dei tre ynskjer å kommentere saka overfor Klassekampen. Steinar Opstad vil sjølv skrive eit svar, som kjem i morgondagens avis.
Tidlegare leiar i Norsk Kritikarlag Trond Haugen kjem derimot lyrikarane til unnsetning:
– Artikkelen til Wold kunne ha vore eit interessant innspel, men han ligg i eit altfor høgt stemmeleie til at det er mogleg å få noko ut av det. Polemikken skuggar for klarheita. Det er påfallande at eit skrift som så tydeleg utfordrar poesi-institusjonens antirasjonelle tendens, legg så lite vinn på rasjonell klarheit sjølv, seier Haugen.
Haugen har difor stor forståing for at poetane vegrar seg for å ta debatten:
– Wold er polemisk streng mot poetane i forhold til at dei ikkje ynskjer å forklare og argumentere. Han seier at poesien er i krise, og spør om samtidspoetane kan takke seg sjølve. Og det er ein effektiv strategi, for dimed har han gjort det umogleg for dei å stille opp. Eitkvart forsøk på å stille opp ville ha blitt lese som eit sjølvforsvar og ingenting er så keisamt som å høyre på folk som desperat forsvarer seg mot anklager.
Men spørsmålet i seg sjølv er det ikkje noko gale med, ifølgje Haugen:
– Om samtidspoesien sjølv har skuld i at poesien får så lite merksemd, er eit godt spørsmål. Ein kan sjølvsagt meine at norsk poesi er keisam, men då må ein leite etter kvar den gode poesien finst, i utlandet til dømes, og trekke fram denne.
Tendensiøst
Haugen, som har doktorgrad på Carl Michael Bellmanns dikting og som har jobba med fleire diktarar i kjølvatnet av opplysningstida, sluker heller ikkje Wolds historieoppfatning om ei linje frå den tyske 1800-talsidealismen til dagens språkmetafysikk:
– Den historiske framstellinga hans er systematisk tendensiøs. Det er vanskeleg å akseptere ei forfallshistorie som endar med samtidspoesiens innestengdheit i seg sjølv. Mange av forfattarane i kjølvatnet av opplysningstida tar med seg moment frå opplysninga og utvider desse i nye retningar, på måtar som blei opplevd som befriande i samtida. Å sjå ei anten klart fallande eller klart stigande linje blir for enkelt.
– Er vendinga mot språket og sjølvrefleksiviteten i poesien uproblematisk?
– Det å vere sjølvrefleksiv har aldri vore farleg, og ein gong var det det som var det nye. Det er når noko blir sjølvsagt, når det berre liknar på poesi utan å vere det, at sjølvrefleksiviteten blir autistisk og apolitisk.
Treng språkkritikk
Ein annan poet som blir kritisert i Wolds tekst, for «reinspikka skriftmetafysikk» og «antirasjonalistisk tendens» er Marte Huke. Motsett kollegaene tar ho gjerne til motmæle mot Wolds skuldingar:
– I alle kunstartar jobbar ein med mediet. Ein må undersøke det ein formidlar kunsten sin gjennom. Det han etterlyser er ein poesi som berre betrakter orda som ei bru. Om ein ikkje tar inn over seg at det er orda som transporterer meininga, synest eg det er ei litt naivt språksyn, seier Huke.
Huke meiner språkkritikk er ein naudsynt del av poesien:
– Det er viktig vi har ein poesi som undersøker språket. Det er litt småleg å ikkje late folk få halde på med det. Språket er fullt av maktstrukturar, det er resultat av generasjonar med skrift og tale. Det er ikkje gjennomsiktig, og vi er nøydde å undersøke det.
Huke meiner dessutan Wold overser poetanes bidrag til poesi-formidling og den offentlege debatten, utover det å gje ut bøker:
– Han skriv mykje om bøkene til poetane, men alt det andre vi føretek oss, er ikkje med. Både Opstad og Wærness og eg sjølv, og andre med oss, held på med formidling av poesi, gjennom å arrangere festivalar og å lage tidsskrift. Difor skjøner eg ikkje kva han meiner med at vi ikkje deltek i den offentlege debatten. Sjølv arbeider eg med Trondheim Litteraturfestival. Eg bruker mykje tid på å formidle poesi og på å åpne feltet for andre enn dei som er innanfor og som skriv sjølve.
Skuleanalyse
I teksten i Vinduet analyserer Wold diktet «Blokkene om natten» av Steinar Opstad, som døme på eit dikt der poesien prøver å overta religionens gamle oppgåver. Huke er ikkje imponert over lesnaden:
– Den haldninga som finst i denne teksten gjer at den nye poesien forblir lukka. Når han les diktet til Opstad, les han det slik ein les når ein analyserer dikt på vidaregåande skular. Denne haldninga at diktet er ein kode, og så skal ein løyse denne koden, er akkurat den haldninga som gjer at poesien forblir lukka. Vi må bort frå den måten å lese dikt på.
Og etterlysinga av sterkare bodskapar i dikta, meiner Huke er gamaldags:
– Dette med at ein skal skrive dikt fordi ein har ein klar bodskap, er ein veldig norsk måte å tenke på. Det er eit gamaldags syn. Nokon må gjere det, det må finnast mange måtar å skrive dikt på, men då må òg nokre få jobbe med forma og gleda ved språket.
– Og eg meiner det er veldig stygt å antyde at ein kan bli lurt opp på fascistanes fang fordi om ein jobbar med språket på ein kunstnarisk måte.










