Onsdag 6. juni 2007
Nei til nynorsknekt
Byrådsleiar i Oslo Erling Lae vil gjere sidemål valfritt for alle elevar ved vidaregåande skule i Oslo. Uaktuelt, meiner direktøren i Utdanningsdirektoratet.

Denne våren går 814 skuleelevar ut av Oslo-skulen utan å ha hatt undervisning i sidemål. Fritaket er eit treårig forsøksprosjekt som Utdanningsdirektoratet gav løyve til i 2004, mot at forsøket skulle evaluerast av eit fagleg kompetent organ.

I november skal forskingsinstitusjonen NIFU STEP leggje fram si evaluering av forsøket, men byrådsleiar i Oslo Erling Lae (H) har ikkje tid til å vente. I Dagsavisen på måndag sa han at Høgre ynskte at bystyret i Oslo skulle søke Utdanningsdirektoratet om fullt fritak for alle elevane i Oslo-skulen.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, er avvisande til Laes framlegg:

– Det var to klare premissar då vi godkjente forsøket. Den eine var at det var eit reelt tidsavgrensa forsøk, at det var den same elevgruppa som gjekk inn i forsøket som kom ut av det. Den andre premissen var at forsøket skulle evaluerast fagleg. Og vi gjorde det heilt klart at det ikkje var aktuelt å godkjenne nye forsøk før dette var avslutta og forskinga var lagd fram, seier Skarheim

– Så Erling Lae kan skrinleggje planane?

– Dei premissane som blei lagde til grunn den gongen gjeld enno.

Kontroversielt

Forsøket var kontroversielt då det blei vedtatt, og Utdanningsetaten i Oslo kommune hadde lenge problem med å finne eit kompetent språkforskingsmiljø som sa seg villig til å evaluere forsøket.

– Vi blei jo kritiserte for at vi innvilga dette forsøket den gongen. Sidemålet er ein viktig del av opplæringa, dette var inga triviell sak og forsøk her kan vere vanskelegare å evaluere enn på andre felt. Vi sa ja til dette fordi det var eit stort forsøk der det blei sett inn mykje ressursar og der det skulle vere ei forsvarleg forskingsmessig evaluering i ettertid.

Difor har Skarheim vend tommelen ned til andre fylkeskommunar som har tenkt på liknande prosjekt:

– Vi gjorde det klart at det ikkje var nokon vits for andre fylkeskommunar å jobbe med liknande prosjekt før dette var ferdig og evaluert. Mange har vendt seg til oss, og dette er ein informasjon eg har gjentatt gjennom heile perioden.

Det er dessutan berre avgrensa forsøk, og ikkje permanente sidemålsreformer som kan få løyve frå direktoratet:

– Vi kan ikkje gje dispensasjon frå kravet om sidemål, det må vere reelle forsøk på å forbetre sidemålsundervisninga eller sidemålets stilling i skulen, seier Skarheim.

Ikkje overraska

Ved NIFU STEP som i desse dagar arbeider for fullt med å ferdigstille ei evaluering til seinhausten, presiserer ein at Laes utspel i alle fall ikkje er basert på deira forsking:

– Så langt er ingenting av sjølve evalueringa vår publisert, det kan i alle fall ikkje vere den som ligg til grunn for dette utspelet, seier direktør ved NIFU STEP Petter Aasen, som likevel ikkje lèt seg overraske over Laes utspel:

– At politiske styresmakter anten på nasjonalt eller lokalt nivå ikkje har tid til å vente på forskingsresultat for å tenkje langsiktig politisk, er noko vi veit frå før. Den politiske tidshorisonten er ein valperiode, og vi ser ofte denne type utspel. Men vi kan ikkje styre den politiske debatten. Vi har fått eit oppdrag og gjennomfører ei evaluering som vi meiner er fagleg forsvarleg. Vi skal rapportere når vi har alle dataa og har fått analysert dei.

– Men er ikkje evalueringa litt meiningslaus om politikarane ikkje har tid til å vente på henne?

– Meiningslaust må heller vere eit ord oppdragsgjevarane bruker. For oss har dette vore spanande og fagleg utfordrande uansett om politikarane ikkje har tid til å vente på resultata. Eg trur uansett dette vil vere vel anvende pengar, det er eit interessant forskingsprosjekt. Som underlag for ei politisk avgjerd er det jo problematisk om den politiske avgjerda blir tatt før prosjektet er levert, men det er ikkje vårt problem.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.40
Fredag 22. september 2017
På fem år er Bladcentralens salgsinntekter nesten blitt halvert. Nå tilbys alle ansatte sluttpakke.
Torsdag 21. september 2017
Fra nyttår inntar bokhandelen Tanum dagligvarehyllene til Coop. Forfatterforeningen frykter det vil gi danske tilstander på bokmarkedet.
Onsdag 20. september 2017
I dag mister 1,8 millioner nordmenn NRKs kanaler i FM-radioene sine. Kritikerne og optimistene er uenige i det meste om slukkingen av FM-­båndet, men enes om at det er bilistene som påvirkes mest.
Tirsdag 19. september 2017
Per Kleivas bilder vil leve videre etter at kunstneren døde i helga, fastslår kunsthistorikere. – Han var et av sin tids viktigste tidsvitner, med poetisk og poengtert slagkraft, sier Øivind Storm Bjerke.
Mandag 18. september 2017
Seks av ti norske annonsører har større tillit til annonsekvaliteten i norske medier enn i utenlandske. Et fåtall ser Google og Facebooks enorme vekst i det digitale annonsemarkedet som en fordel.
Lørdag 16. september 2017
Facebook og Google får stadig mer kontroll over nasjonale mediers forretningsmodell, ifølge dansk rapport. Torry Pedersen i Schibsted mener norske medie­hus må samarbeide tettere.
Fredag 15. september 2017
«Begynnelser» startar med slutten og arbeider seg bakover i tid. I sin nye roman granskar Carl Frode Tiller kva for val som avgjer kor vi endar opp i livet.
Torsdag 14. september 2017
En ny rapport slår fast at ti globale teknologi- og mediegiganter er i ferd med å få full kontroll over dansk mediebransje. Det haster å gjøre noe i Norge også, mener medietopper.
Onsdag 13. september 2017
Fremskrittspartiet fikk mer enn dobbelt så mange delinger og reaksjoner på Facebook som Ap i valgkampen.
Tirsdag 12. september 2017
Ti av landets tjue største aviser ga råd til sine lesere om hva de burde stemme under årets valg. Men redaktørene avviser at partipressen er på vei tilbake.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk