
Omstillingssmerter i bokbransjen
Lørdag 2. juni, 2007
FAKTA
2005 2006 Endring
Total omsetning 5306 5828 10%
(målt i millionar kroner, utsalspriser)
Totaltmarknad etter delmarkand
(Estimert utsalsverdi)
Skulebokmarkand 587 922 57,1%
Fagbokmarknad 728 819 12,5%
Allmennmarkand 3880 3934 1,4%
Salskanalar i allmennmarkanden
(Estimert utsalsverdi)
Bokklubbar 1088 951 -12,6%
Andre kanalar 2792 2983 6,8%
LES MER
Den norske Forleggarforeininga la i går fram bransjestatistikk for boksalet for 2006. Tala for bokmarknaden sett under eitt viser ei omsetningsauke på 10 prosent målt i utsalsverdi. Men det meste av veksten kjem frå skulebøker, som auka med 57 prosent frå 2005. Det igjen skuldast store investeringar i skuleverket som følgje av Kunnskapsløftet. Dette var som forventa frå bokbransjen.
Året for Kunnskapsløftet var også det fyrste heile året med den nye Bokavtalen. Denne inneber mellom anna at Bokklubbane mista sin eksklusive rett til rabatt på nye bøker. Også som forventa førte dette til ein omsetningsnedgang for Bokklubbene.
– Nedgangen i Bokklubbane er nok både eit resultat av bokavtalen og av tida, bokklubb er ikkje «in» lenger, seier leiar i Forleggarforeininga Geir Berdahl til Klassekampen.
– Faktisk er nedgangen i Bokklubbene litt mindre enn vi rekna med. Likevel er det som blir utfordringa for bransjen, å kompensere for denne nedgangen. Det har ikkje dei andre salsledda greidd så langt, trass i at bokhandlane gjer det godt. Dei aukar omsetninga og har tatt større del av utsalsmarknaden.
Stagnasjon
Det er allmennlitteraturen, som omfattar skjønnlitteratur, sakbøker og barnelitteratur, som blir mest skadelidande av omsetningsnedgangen i Bokklubbene.
Bokbransjen møttest på Lillehammer under Norsk Litteraturfestival før helga for mellom anna å oppsummera verknaden av Bokavtalen så langt. Dagens Næringsliv skreiv fredag at Gyldendals Geir Mork der gav uttrykk for uro med omsyn til utviklinga i salet av allmennlitteratur, som berre aukar med knappe halvannan prosent. Dette kallar Mork for ein stagnasjon i salet.
– Det er ein stagnasjon i allmennmarknaden, seier Geir Berdahl.
Men han er ikkje alvorleg uroa for situasjonen. Det er heller ikkje godt å gjera greie for kvifor denne stagnasjonen kjem no. Men talet på titlar for vaksne minkar (200 færre enn 2005) og i tillegg til bokklubbnedgangen er det ikkje lenger auke i bokhandelomsetninga.
– Kan ein ikkje rekna stagnasjonen i allmennmarknaden som ei omstillingssmerte, som følgje av den nye Bokavtalen?
– Jo, i viss grad er det nok det. Både forlaga og bokhandlane må sjå på drifta si. Ein del tenar for lite og forlaga har måtte gje frå seg ein større del av bokkrona. Men det er ikkje farleg med nye krav til bransjen, meiner leiaren i Forleggarforeininga.
Oppgang totalt
– Og trass alt er det jo oppgang i boksalet totalt. Talet på selde bøker er også viktig, og i tillegg til skuleboksalet går jo billigboksalet svært godt. Vi veit også at publikum les meir og i større grad les ulike ting enn tidlegare. Det er ein auke på 20 prosent fleire titlar i salsleddet, om eg ikkje hugsar feil, seier Berdahl.
Alt er langt frå svart i bokbransjen, og Berdahl nektar for at det på noko vis er ei krisestemning i bransjen.
– Totalt sett kan ein seia at det er eit litt skuffande resultat. Ein forventar jo ein liten auke. Samstundes må ein hugsa at Noreg er ein liten marknad, og vi har eit av verdas mest boklesande folk, vi sel svært mange bøker. Det å utvida marknaden er vanskeleg. Det er også ein samansett bransje. Nokre forlag, som Gyldendal og Oktober, går svært godt og på same vis er det stor variasjon mellom bokhandelkjedene. Tanum, til dømes, gjer det svær bra.










