
Konseptkunstnaren
Fredag 1. juni, 2007
FAKTA
LES MER
Jan Sæther, biletkunstnar
I går lanserte forlaget Press Odd Nerdrums kunstbok «Temaer», som oppsummerer Nerdrums liv som malar. Framfor eit fulltallig pressekorps proklamerte Nerdrums elev Jan-Ove Tuv at kunstnaren sjølv ikkje kom til å dukke opp. I staden spelte Tuv av eit lydopptak der Nerdrum les opp eit høyrespel, utan å seie noko om boka. Nerdrum braut altså ikkje sitt sjølvpålagde krav om at han ikkje skulle ha noko med norsk presse å gjere, som han kom med på ei utstillingsopning i 2002.
Forlagets representantar reagerte med overrasking på Nerdrums fråfall.
– Dette visste vi ingenting om, var dagleg leiar Håkon Harket sin kommentar til Klassekampen.
Fotograf Morten Krogvold har dukka opp på pressekonferansen. Han lener seg over bordet og ler:
– Snakk om konseptkunst!










