Manglar det moderne gjennombrot
Torsdag 31. mai, 2007
I går sa forfattaren Gert Nygårdshaug til NRK at iveren etter å setje opp lister er blitt verre enn vatikanet.
Etter å ha sett lista gjev professor i litteraturvitskap, Irene Iversen, sin tilslutnad til Nygårdshaug:
– Intensjonen er verre enn vatikanet og resultatet er berre ein vits. Heile det moderne gjennombrotet manglar. Mellom «Peer Gynt» og «Fred» er det ingenting, seier Irene Iversen.
Korkje Alexander Kielland, Jonas Lie, Bjørnstjerne Bjørnson eller Amalie Skram, er funnen verdige ein plass på lista:
– Kvalitetsmessig og betydningsmessig er det heilt ellevilt å ikkje ta med Skram. Det er for så vidt morsomt at Nansen er med, men han må forståast i samanheng med det moderne gjennombrotet.
– Kvifor er denne epoken utelaten?
– Eg veit ikkje, kanskje dei ikkje kjenner til han.
– Kva litteratursyn er det elles som slår gjennom?
– Eg hadde venta eit meir modernistisk litteratursyn, men det er ikkje så påfallande som eg hadde trudd. Eg kan ikkje umiddelbart sjå noko, sjølv om det heller svakt mot det modernistiske.
Iversen meiner Torborg Nedreaas, Johan Borgen og Amalie Skram er dei openberre utelatingane, samt Hanne Ørstavik frå vår tid:
– Ein kan ikkje kome utanom Hanne Ørstavik i dagens moderne norske litteratur.
Høglitterært

Klassekampens hovedmeldar Tom Egil Hverven lèt seg ikkje provosere av lista:
– Det er opplagt at tre av dei fire store, altså Kielland, Bjørnson og Lie, er borte. Men for min del er ikkje det noko stort sakn. Men når lista er såpass lite overraskande, ligg spenninga snarare i grunngjevingane enn i namna og verka.
I går skreiv Klassekampen om kanon-boka som mellom andre Erik Bjerck Hagen og Petter Aaslestad har forfatta, der dei 16 viktigaste norske forfattarskapane mellom 1900 og 1960 blei peika ut.
Hverven synest det er interessante skilnader mellom dei to prosjekta:
– Lillehammer-kanonen legg seg på det høglitterære stilnivået. Der Bjerck Hagen argumenterer heilt utan ironi eller forbehald for at Alf Prøysen kan sidestillast med Shakespeare, er ikkje Prøysen ein gong med på denne lista. Bjerck Hagen og medforfattarane hans opnar for eit breiare spekter, og boka deira er difor meir spanande og kontroversiell og meir verd å diskutere. Desse ulike måtane å tenkje kanon på må brytast mot einannan.
Litteraturens forhold til massemedia kan vere ein skilnad mellom gruppene:
– Prøysen produserer litteratur på massemedias premissar. Det er kanskje av same grunn Johan Borgen ikkje er med på Lillehammer-lista, han produserte òg litteratur på medias premissar. Bjerck Hagen framhevar kåseria hans og Mumle Gåsegg-petitane, som stundom var skrivne på nokre få minutt, som noko av det beste som er skrive i norsk litteratur i perioden 1900 til 1960, seier Hverven, som elles saknar Georg Johannesen, Kjell Askildsen og Tor Ulven på lista:
– Det siste skuldast kanskje beskjedenheit, at juryleiaren disputerer på Ulven om eit par veker.
Henrik H. Langeland, forfattar og redaktør av Vinduet, skal i dag vere ordstyrar for debatten «Trenger vi en litterær kanon?» Han er glad for den store overraskinga på lista; inkluderinga av Fridtjof Nansen:
– Personleg er eg glad for at Nansen er med som einaste ikkje-skjønnlitterære forfattar. Eg har alltid hatt stor sans for «På ski over Grønland», og eg las boka tilfeldigvis på nytt for berre nokre få veker sidan. Det er ei fantastisk bok, både språkleg og handlingsmessig.