Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Tirsdag 29. mai, 2007
Øydelegg for lokale skolar
FRISKOLE: ? Rukkedalen friskole er eit godt eksempel på ein foreldredriven grendeskole der kommunestyret ville sentralisera, seier Per Olaf Lundteigen (Sp). Foto: Håkon Mosvold Larsen, SCANPIX

Øydelegg for lokale skolar

Tirsdag 29. mai, 2007

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Senterpartipolitikaren Per Olaf Lundteigen meiner det er feil å kutta ut dei foreldredrivne grendeskolane i den nye privatskolelova.

Sist veke vart regjeringspartia samde med Kristeleg Folkeparti om eit framlegg til ny privatskolelov. På same tid som det blir sett bom for dei som vil driva private skolar for profitt, hindrar den nye lova også foreldredrivne grendeskolar som byggjer på offentleg læreplan. Kravet for å få offentleg støtte til å driva ein privat grunnskole, vil vera at skolen blir driven på eit særskilt grunnlag. Det kan vera eit religiøst grunnlag, eller ein «anerkjent pedagogisk retning», i tillegg til skolar som er spesielt tilrettelagde for funksjonshemma og skolar i utlandet.

Senterpartipolitikaren Per Olaf Lundteigen er ikkje redd for å seia høgt at han er usamd med den raudgrønne regjeringa og eigne partikollegaer i denne saka.

– Eg er ueinig i at ein tar vekk det høvet ein no har hatt til å oppretta foreldredrivne skolar utan å gå vegen om eit religiøst eller pedagogisk alternativ, seier Lundteigen til Klassekampen.

Vern mot sentralisering

– Det er viktig å ha retten til å oppretta slike skolar som ein sikkerheitsventil der grendeskolane blir offer for sentraliseringsvedtak i kommunestyra. Mange lokalmiljø kan bli utsette for sentralisering, seier Sp-representanten.

Han viser til Rukkedalen skole i Nes i Hallingdal som eit godt eksempel på ein foreldredriven skole. Kommunestyret vedtok å leggja ned skolen, men foreldra og andre i grenda sa nei, og sist haust opna skolen som Rukkedalen friskole.

– Det vil vera heilt unaturleg at foreldra i slike situasjonar skal tvingast til å gå omvegen om eit pedagogisk eller religiøst alternativ for å oppretthalda grendeskolen, seier Lundteigen.

Han understrekar at den nye lova ikkje har følgjer for dei skolane som alt har fått godkjenning og er i drift, eller kjem i drift innan 31. desember 2007.

Den nye privatskolelova skal behandlast i Stortinget 7. juni. Lundteigen veit førebels ikkje om han er den einaste Sp-representanten som er ueinig i lovframlegget.

– Vil du røysta mot framlegget i Stortinget, det kan kanskje bli du og Høgre mot regjeringspartia og KrF?

– No har eg ikkje sett vedtakspunkta enno, eg må sjå korleis det ser ut. Høgre er ikkje noko naturleg selskap for meg. Men kjem det eit konkret framlegg om at det framleis skal vera høve til å starta foreldredrivne grendeskolar som følgjer offentleg læreplan, vil eg røysta for det, seier Lundteigen.

Minimumstal

Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS) er også svært kritiske til det nye lovframlegget, og meiner det er svært uheldig at regjeringa stengjer døra for dei foreldredrivne grendeskolane. LUFS kritiserer også at det blir sett eit fast minimumstal for kor mange elevar ein skole skal ha for å få godkjenning. Rett nok har dette minimumstalet blitt redusert frå 20 i det opprinnelege utkastet til 15 i lovframlegget.

– Men kvifor skal det i det heile vera eit slikt minimumstal? Det kan vera rett å godkjenna ein skole for ti elevar på ei øy i Finnmark, medan 50 kan vera eit like rett elevtal på Hadeland. Dette må kvalitetsvurderast opp mot kva som vil vera alternativet dersom dei ikkje får løyve, seier Torodd Fagerheim, rådgivar i LUFS, til Klassekampen.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT