Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Tirsdag 29. mai, 2007
Garborg i forretningsbygg
SENTERET: Slik ser arkitektfirmaet Asplan Viak for seg at eit fellesbygg med Garborgsenter, hotell og bibliotek kan sjå ut.

Garborg i forretningsbygg

Tirsdag 29. mai, 2007

«No har heile Jæren mista sjansen til å få eit bygg som kunne løfte Garborg, og gi varige, kulturelle verdiar»
Tarald Oma, leiar i Time Mållag
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ei styringsgruppe går inn for å samlokalisere Garborgsenteret med eit hotell i Bryne. – Skuffande, seier mållagsleiar Tarald Oma, som håpar politikarane vil stemme ned forslaget.

Klassekampen skreiv i slutten av april om debatten rundt det planlagte Garborgsenteret på Bryne. Planar om å samlokalisere senteret med eit hotell i Bryne sentrum har vekt reaksjonar.

I førre veke vedtok eit fleirtal av styringsgruppa likevel ei innstilling om at senteret bør leggjast i eit fellesbygg, der det vil dele lokale med eit bibliotek og det omstridde tre etasjars hotellet.

– Arne Garborg er ein av dei største diktarane og åndshøvdingane vi har hatt i Noreg. Når vi først skal bygge eit nasjonalt Garborgsenter, synst eg det er viktig at vi satsar på eit bygg som har eit arkitektonisk særpreg, seier leiar i Time Mållag Tarald Oma til Klassekampen.

Om politikarane i Time går for samlokalisering eller ikkje blir avgjort av kommunestyret 19. juni.

Forretningsbygg

Det var Time Mållag som tok initiativet til Garborgsenteret i 2002, og Oma har teke til orde for ei pause i den vidare framdrifta, for å utlyse ein arkitektkonkurranse om senteret, men blei nedstemt på styringsmøtet. Det store bygget vil bli på over 9000 kvadratmeter, der Garborgsenteret vil utgjere 850, altså under ti prosent av den totale bygningsmassen. Oma reagerer særleg på at senteret no kan samlokaliserast med eit hotell, og er skuffa over vedtaket.

– Om innstillinga blir vedteken i kommunestyret, blir senteret berre ein liten del av eit stort forretningsbygg, som ikkje gir høve til noko arkitektonisk uttrykk i det heile, seier Oma.

Stusseleg

Oma får støtte av tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, som seier til Stavanger Aftenblad at ho synst planane ser stusselege ut.

– Då eg fekk høyra om ideen, såg eg for meg eit eige senter og tykte det var heilt rett at senteret måtte liggja på Jæren. Slik planane er no, blir det ikkje den sterke markeringa av Garborg som han fortener. Ein treng ikkje tenkja så stort, men kunne tenkt større og meir særpreg enn dette, seier ho til Stavanger Aftenblad.

Ordførar Arnfinn Vigrestad (KrF) i Time kommune stemte for at Garborgsenteret skal plasserast i fellesbygget i Bryne. Han meiner i motsetnad til Oma og Svarstad Haugland at dette er det einaste høvet kommunen har om ein vil bygge eit Garborgsenter i overskuleleg framtid.

– Eg ser på dette som det einaste reelle alternativet. Om vi skulle følgje Oma sitt forslag med å utsetje bygginga og utlyse ein arkitektkonkurranse, ville vi starta ei ørkenvandring som kan ta mange år. Då står vi igjen på bar bakke med senteret, og må begynne prosjektet på nytt, seier Vigrestad til Klassekampen.

–Kva synst du om at Valgerd Svarstad Haugland sitt utspel i saka?

– Eg er forundra over at ho går ut med eit så sterkt innspel. Så vidt eg veit har ikkje Svarstad Haugland vore aktiv i denne saka tidlegare, og eg synst det er rart at ho markerar seg så sterkt no, seier Vigrestad.

Økonomisk støtte

På førre vekes møte i styringsgruppa hevda Oma også at Garborgsenteret vil gå glipp av store statlege midlar om det blir lokalisert i eit fellesbygg.

– Etter dei signala eg har fått frå kulturdepartementet, er det små sjansar for å få statleg støtte til senteret om vi blir samlokalisert i eit bygg med næringsverksemd. Hadde vi derimot satsa like stort som til dømes Hamsunsenteret på Hamarøy, hadde vi hatt betre sjansar for økonomisk støtte, seier han.

Arnfinn Vigrestad er ikkje einig med Oma.

– Eg veit ikkje kven Oma har snakka med, men vi har ikkje fått nokon signal frå departementet som tydar på at vi får mindre støtte om vi samlokaliserer senteret med andre verksemder. Å samlokalisere senteret med eit bibliotek har uansett vore planen sidan starten, seier Vigrestad.

Han blir motsagt av ein skuffa Oma.

–No har vi både vald ei dårleg arkitektonisk løysing, og vi ha gått glipp av økonomisk støtte til bygget. Dermed har heile Jæren mista sjansen til å få eit bygg som kunne løfte Garborg, og gi varige, kulturelle verdiar.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT