«Mi eiga oppfatning av god kunst, er når eg forlet den med fleire spørsmål enn svar. Eg likar å få trigga nysgjerrigheita»
Børre Sæthre, festspelkunstnar
FILM:? Eg er interessert i det ein kan kalle den tredje dimensjonen. Det å kunne gå fysisk inn i filmen eller filmsettet, og fortape seg sjølv i ein historie eller ein situasjon, seier festspelkunstnar Børre Sæthre. |
– Bøker kan ha ein skjult, parallell handling som eg ikkje treng å oppdage før eg kjem til slutten. Plutseleg innser eg at eg har fått sympati for the bad guy, at forfattaren har fucka med hovudet mitt. Utan å vere heilt klar over kva som skjer, har eg blitt leia til å krysse grenser eg ikkje trudde eg ville krysse. Det er ein interessant situasjon å vere i, og noko eg prøver å få til i installasjonane mine, seier kunstnar Børre Sæthre.
Den internasjonalt anerkjende installasjonskunstnaren er årets festspelutstillar på Festspillene i Bergen. Han er kjend for store installasjonar karakterisert av plettfri overflate, men med foruroligande innhald. Mellom anna var han representert på Nasjonalmuseets Kyss Frosken-utstilling i Oslo.
Klassekampen snakkar med han på utstillinga sin siste riggedag, medan Sæthre står i spissen for eit heilt lag med teknikarar i Bergen Kunsthall.
– Det er lett å henge seg opp i bygningstekniske detaljar, til dømes korleis å få ein fem meter høg vegg til å gå i boge, seier Sæthre og ler.
Men Børre Sæthre er ikkje spesielt interessert i det arkitektoniske eller det byggtekniske i dei store installasjonane sine. Han vil heller snakke om film og litteratur.
Kino
Børre Sæthre trudde lenge at det var film han skulle lage.
– Kunsten min har klåre parallellar til filmverda. Eg er interessert i det ein kan kalle den tredje dimensjonen. Det å kunne gå fysisk inn i filmen eller filmsettet, og fortape seg sjølv i ein historie eller ein situasjon. Slik kan eg gløyme meg sjølv og kvar eg er hen, seier Sæthre, som blant anna brukar lys, lyd, musikk og utstoppa dyr i installasjonane sine.
Han kallar installasjonane for «tredimensjonale narrative layouts», og samanliknar opplevinga av installasjonane med å gå på kino.
– I kinosalen sit du midt mellom fleire hundre menneske du ikkje kjenner, du er opptatt av å finne den riktige sittestillinga og er merksam på situasjonen du er i. Eit par minutt ut i filmen har du likevel gløymd alle dei andre. Du blir trekt inn i det som skjer på lerretet, seier Sæthre engasjert.
– Mitt materiale blir ein tilsvarande erfaring, berre at her kan du gå fysisk inn i handlinga, inn i filmen. Installasjonane formidlar ikkje berre ei melding eller ein beskjed, men eit narrativt forløp, som i film og litteratur.
Uro
Gjennom installasjonane fortel Sæthre intrikate historier ved bruk av mange ulike verkemiddel. I utstillingskatalogen skildrast Sæthres kunst som «hypervirkelighet som beveger seg i grenselandet mellom innbydende komfort på den ene siden, og foruroligende ubehag på den andre».
– Korleis held du deg til det foruroligande elementet som mange les inn i kunsten din?
– På engelsk finst det eit ord som eg synst det er vanskeleg å oversetje til norsk: uncanniness. Det skildrar ein uro som er ubestemmeleg, ein angst som ligg utanfor kroppen. Noko skummelt og foruroligande. Dette ordet er svært dekkjande for måten eg vil at kunsten min skal opplevast på. Eg vil gjenskape kjensla vi kjenner frå film, kjensla av at det foregår ting på fleire nivå samtidig, ei kjensle av motsetningar. Å skape denne kjensla eller stemninga er viktig for korleis eg arbeider, seier kunstnaren.
– Det er her interessa mi ligg, ikkje i dei tekniske installasjonane. Eg vil skape opplevingar og stemningar.
Ingen fasit-kunst
I utstillingskatalogen blir installasjonane referert til både som vonde draumar og beroligande luksus. Loungestilen, duse fargar, mjuke teppe og polerte overflater er å finne i fleire av installasjonane hans. Med så arkitektonisk perfekte overflater, er det ikkje ein risiko for at betraktaren berre vil henge seg opp i det formale ved installasjonane?
– Nokon vil alltid oppfatte installasjonane berre som ei overflate, men eg vil heller ta sjansen på at folk klarer å lese kodar ut av den avgrensa informasjonen eg gir dei, enn å legge direkte føringar i materialet, seier Sæthre.
Han er tydeleg på at han ikkje ønskjer å skape nokon fasit-kunst, der alle betraktarane må skjøne alle kodane som ligg i verket. Han vil heller operere på eit mellomnivå, og presentere nokre få openlyse kodar som dei aller fleste kan oppfatte.
– Som kunstnar har eg mine eigne idear om kva som foregår i verket, men i ein samtale mellom to personar legg du uansett ikkje fram alle detaljar om deg sjølv eller det temaet du snakkar om. Visse ting er meir relevante enn andre, og du stolar på at mottakaren er smart nok til å oppfatte bodskapet, sjølv om du brukar litt færre ord eller er litt mindre tydeleg, seier Sæthre.
– Mi eiga oppfatning av god kunst, er når eg forlet den med fleire spørsmål enn svar. Eg likar å få trigga nysgjerrigheita. Slik ønskjer eg også at min kunst skal opplevast.
Merkevare
Børre Sæthre er etterkvart blitt ein anerkjend kunstnar i Noreg. I tillegg har han også gjort seg bemerka i utlandet. Dei siste åra har han hatt installasjonar blant anna i New York og Toulouse, og i løpet av det komande året skal han ha utstillingar i Tokyo og Paris. Likevel har Sæthre eit avslappa tilhøve til kunstscena.
– Eg er veldig av og på i mitt forhold til kunstverda, og har lange periodar der eg er både fysisk og psykisk langt unna den verda. Eg oppheld meg ikkje aktivt på nokon scene, men likar å vere uavhengig, utan nokon fast tilknyting, seier Sæthre.
Likevel er det ikkje til å kome unna at Sæthre har ein markant posisjon innan samtidskunsten. Den kvite einhjørningen frå utstillinga «My private sky» har nesten blitt eit symbol på installasjonskunsten, og prydar blant anna forsida til boka «Installation Art in the New Millennium» frå forlaget Thames & Hudson.
– Korleis ser du på merkevarebygging?
– Eg forheld meg ikkje så mykje til det. Mitt arbeid med installasjonar har ikkje så stort marknadspotensial, sidan det er få samlarar, iallfall i Noreg, som kan forvalte slike omfattande verk, seier Sæthre.
– Eg er ikkje så redd for å bli utdatert. Eg er i ei verd der eg likar å vere, og har ikkje behov for å fornye meg heile tida.