Lørdag 19. mai 2007
– Meiningslaus matematikk
Jon Elster held fram sitt krosstog mot tull i vitskapen. Mykje av økonomifaget og statsvitskapen har inga interesse, meiner Jon Elster.

Det skapte medierabalder då professor Jon Elster i fjor haust gjennom eit føredrag som seinare blei trykt i Nytt Norsk Tidsskrift, gjekk til åtak på det han kalla «den blaute obskurantismen». Postmoderne teoretikarar som Kristeva, Derrida, Deleuze, Lacan og Irigaray var ifølgje Elster nakne keisarar. «Det er en åpen hemmelighet at mye fransk-inspirert forskning innenfor humaniora nærmest kommer i kategorien tull,» sa Elster den gongen.

Denne veka var den Frankrike- og USA-baserte Elster attende i heimlandet, for å framføre del to av sitt krosstog mot tull.

Men no slo han andre vegen, mot det han kalla «hard obskurantisme» og «formalisme på tomgang».

Elster nemnde mange døme på formell metodeslurv, «massering» av datagrunnlaget, naive tesar om rasjonelle aktørar, men framfor noko, heilt unødvendig bruk av avanserte matematiske modellar innan samfunnsvitskapen og økonomifaget.

– Det står som ei gåte for meg at så mange gåverike forskarar driv med noko som korkje har praktisk, matematisk eller estetisk interesse. Altså inga interesse, refsa Elster i føredraget.

Avansert

Elsters hovudanliggjande var tendensen til å matematisere fag som statsvitskap og økonomi. Han viste til at dei leiande tidsskrifta i verda innan desse faga i stort mon trykte artiklar med eigne matematiske appendiks. Ofte var temaet for desse artiklane såkalla «rational choice»-teori, altså teoriar om korleis einskildpersonar kan resonnere i valet mellom ulike handlingsalternativ. Men når slike val blir framstilte i eigne matematiske appendiks, blir Elster mistenksam:

– Det mest fundamentale problemet har med matematisk modellering av åtferd å gjere. Mitt hovudpoeng er ufatteleg banalt, men det kan vere rett likevel. Når slike handlingsval blir skildra i avanserte matematiske utrekningar som det krev høg intelligens og mykje matematisk kunnskap for å utføre, og som forfattarane har brukt månader på å utvikle, korleis kan ein då forvente at aktørane skal meistre slike resonnement, jamvel i «real time», spurde Elster retorisk.

Han gjekk deretter gjennom vanlege innvendingar mot denne type spørsmål, som at utrekningane kunne ha teoretisk interesse som analyse av ein ideell valsituasjon eller utelukkande estetisk interesse som avansert teori. Og avviste desse:

– Det er slett ikkje alle som har estetisk interesse, og dei har sjeldan matematisk interesse. Dei leiande tidsskrifta i verda produserer mange meiningslause artiklar, fastslo Elster.

Fullt hus

Jon Elster trekte som vanleg fullt hus. Føredraget som var i regi av Seminaret i vitskapsteori ved Universitetet i Oslo, måtte flyttast frå det opphavlege til eit større auditorium. Gudmund Hernes, Fredrik Engelstad, Øystein Sørensen, Raino Malnes og Francis Sejersted var mellom mange kjende akademikarfjes i salen.

Statsvitskapprofessor Raino Malnes likte det han fekk høyre:

– Eg må vedgå at eg hittil har vore mest opptatt av den blaute forma for obskurantisme, som eg trur kan øydeleggje samfunnsfaga fullstendig. Om alt er tillate så er det ikkje lenger grenser mellom kva som er vitskap og kva som er snikksnakk. Men eg er glad for dette innlegget òg, seier Malnes til Klassekampen.

Og Malnes meiner det er strategisk viktig at Elster framfører kritikken båe vegar, relativt samstundes:

– Når til dømes Thomas Hylland Eriksen trur at dei som kritiserer blaut obskurantisme ynskjer ei samfunnsforsking som berre tar form av matematisk bevisførsel, så tar han feil. Elster kan kome slike karikaturar til livs, ved å pusse våpna båe vegar.

– Tar slike artiklar med «formalisme på tomgang» stor plass?

– Det har eg ikkje belegg for å svare på. Men eg har eit inntrykk òg frå mine eigne omgjevnader av at det er ein tendens til å belønne det formalistisk sofistikerte, og det er uheldig.

Gymnastikk

Malnes meiner Elsters innlegg dessutan har verdi i den såkalla «teljekantdebatten», om finansiering av universiteta basert på antal artiklar i renommerte tidsskrift:

– Som Elster peikte på, er dei tidsskrifta som tar inn artiklar som er matematisk sofistikerte, men ikkje relevante, rekna for å vere dei beste tidsskrifta i verda. Det gjev høg utteljing å publisere her, og dimed gjev ein eit galt insentiv til unge forskarar.

Malnes meiner likevel den harde obskurantismen har nokre fordelar som den blaute manglar:

– Det er i det minste god hjernegymnastikk, ein kan lære å tenkje klårt og stringent. Om ein sluttar i tide og overfører hjernekrafta til noko meir relevant, er det ikkje farleg. Den blaute obskurantismen derimot gjer berre folk dummare.

Råkande

Òg historieprofessor Francis Sejersted synest Elsters kritikk var interessant og råkande:

– Ja, eg synest dette var ein treffande kritikk. Både i forhold til korleis ein kan «massere» datagrunnlaget for å få det til å stemme, men òg med omsyn til det unødvendig kompliserte i dei matematiske modellane. Ofte seier ikkje desse modellane meir enn det som kunne ha vore sagt med ganske enkle ord, seier Sejersted.

– Er det ein tendens til slik formalisme på tomgang?

– Innan visse område av økonomifaget, trur eg kanskje det er riktig. Økonomi er eit fag som definerer seg i forbausande høg grad gjennom sin metode, som er matematikken. Det er vanskeleg å snakke om økonomifaget under eitt, men den dominerande retninga av faget er veldig matematisert og kan bevege seg nokså langt frå røynda.

– Handlar det om at samfunnsfaga har mindreverdskompleks overfor naturvitskapane?

– Ja, eg trur kanskje det. I forlenginga av positivismen ligg det ei oppfatning om at det som er vitskap er det som er eksakt.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.40
Lørdag 24. februar 2018
Det er ikke så lenge siden forlagene kostet på seg trådheftet innbinding og offset-trykk når en ny roman skulle i trykken. Nå er digitaltrykk og limfresing i ryggen den nye normen.
Fredag 23. februar 2018
Universitetet trenger finansieringsordninger som lar oss teste ut dristige ideer, mener biolog Dag Hessen.
Torsdag 22. februar 2018
Munchmuseet frykter at det vil gå glipp av utstillinger med verdenskjente kunstnere hvis ikke den statlige forsikringsordningen for museer blir bedre.
Onsdag 21. februar 2018
Det finnes knapt digitale lydbøker på norske biblioteker i dag. Det vil kulturminister Trine Skei Grande (V) gjøre noe med.
Tirsdag 20. februar 2018
Er du med i Den norske forfatterforening, har du har ni ganger større sjanse for å få midler fra vederlagsfondene enn ikke-medlemmer. Jan Ove Ekeberg i Forfatterforbundet stiller spørsmål ved jobben DNF gjør.
Mandag 19. februar 2018
Bibliotekene vil tilby digitale lyd­bøker, men hevder at forlag nekter dem å kjøpe. Nå ber de kulturministeren gripe inn.
Lørdag 17. februar 2018
Åsne Seierstad skal skrive bok om ­hvordan metoo-kampanjen traff Trond Giske, Jonas Gahr Støre og resten av ­Arbeiderpartiet.
Fredag 16. februar 2018
Kinobesøket gikk ned i både Norge og EU i fjor. Hvis trenden fortsetter, er det stor grunn til bekymring, ifølge eksperter.
Torsdag 15. februar 2018
Jakten på bestselgerforfattere gjør forlagene likere hverandre, mener forlagsveteran Janneken Øverland.
Onsdag 14. februar 2018
Verken politikere eller kritikere av Kunstsilo-prosjektet har fått innsyn i hvilke verker Nicolai Tangen har lovet bort til det nye kunstmuseet i Kristiansand.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk