
– Meir sirkus enn kunst
Fredag 18. mai, 2007
FAKTA
* Kunstnar, fødd i 1965 i Helsingfors.
* Har utdanningsbakgrunn som veterinær.
* Står bak Vestfossen Kunstlaboratorium, eit utstillingslokale for samtidskunst.
* Har vekt oppsikt ved å bruke døde rotter, mus og kattar i kunstverka sine, og ved å male med ei avhogga menneskehand.
* Er innkjøpt av mellom andre dronning Sonja, Christen Sveaas, Rolf A. Hoff og Malmö kunstmuseum.
* Har skapt debatt fordi han vil bruke menneskeorgan i kunstverk på ei utstilling på Vestfossen Arena i mai 2008.
Marianne Zamecznik, gallerist
Etter at det blei kjend at kunstnaren Morten Viskum vil bruke organ frå andre menneske i sine kunstverk, har kunstens etiske grenser vore debattert i media. I debatten har spesielt legar og juristar vore aktive, medan folk frå kunstmiljøet hittil har delteke i liten grad. Kva meiner kunstfeltet om Viskums sterke verkemiddel?
Stor fallhøgde
– På det beste klarer Morten Viskums kunst å røre ved oss og vekke sterke kjensler. Ved å gå så konkret til verks, og bruke element av døde kroppar, klarer han å vise kor sårbare vi er, seier Ingvill Hennmo. Ho er kunstkritikar og redaktør i tidsskriftet Billedkunst.
– På det verste grensar kunsten hans til misbruk og skjending av det som har vore levande vesen. Både menneske og dyr. Han opererer dermed i eit etisk grenseland. Då kan kunsten opplevast som støytande, og ein stiller spørsmålsteikn ved om det er verd det å bruke så sterke verkemiddel, legg ho til.
– Han skaper seg ei veldig stor fallhøgd når verket ikkje opplevast å fungera som kunst.
Utydeleg etikk
Marianne Zamecznik er administrerande leiar for galleriet 0047 Oslo og tidlegare redaktør i UKS Forum for Samtidskunst. Ho meiner det er vanskeleg å stille seg kritisk til Viskums bruk av sterke verkemiddel når ein sjølv jobbar innan kunstfeltet.
– Ein kan bli personleg, moralsk og etisk støtt av Viskums kunst, men innan kunstfeltet er det ei generell oppfatning om at alt er lov. Dermed blir dei etiske grensene diffuse og vage, seier ho til Klassekampen.
– Sjølv synst eg det kan vere problematisk at grensene er såpass utydelege, men om vi skal begynne å avskrive kunstverk ut frå etiske og moralske regelverk, må mykje skrivast ut av kunsthistoria, seier Zamecznik.
Eindimensjonal
Få av dei Klassekampen har snakka med frå kunstfeltet synst at Viskums kunst er provoserande. Kunstkritikar Marit Paasche let seg ikkje provosere av Viskum.
– For dei som er knytt til kunstmiljøet brukar Viskum ein velkjent og etablert måte å jobbe på. Viskum er ikkje den første som brukar provoserande eller ekstreme element i kunsten sin, seier Paasche.
– Kvifor trur du då det har blitt så stor debatt rundt Viskums kunst?
– Det er fordi folk utanfor kunstmiljøet gjerne oppfattar kunsten og Viskums utspel som provoserande. Viskum er flink til å vere tydeleg i det offentlege rom. Det kan sjølvsagt vere positivt, men problemet er at kunsten hans gjerne blir oppfatta berre som provokasjonar eller ekstreme ytringar. Resultatet er at kunsten framstår som eindimensjonal, seier Paasche.
Problematisk
Ingvill Hennmo meiner at utfordringa til Viskum er å gi kunsten eit innhald utover provokasjonen.
– Viskums kunst opplevast så sjokkerande at rekkevidda av den fort ikkje blir noko meir enn ein provokasjon. Eg skjønar godt at det blir bråk når han brukar døde kroppar og døde dyr i kunsten. På denne måten kan han risikere å hamne i grøfta ved å berre vere oppsiktsvekkjande, og ikkje noko meir, seier Hennmo.
– Synst du Viskums kunst er provoserande?
– Om ikkje provoserande, så i alle fall problematisk. Det er for eksempel veldig spesielt at han brukar ein død person si hand som malepensel. Det skal ei god kunstnarisk grunngjeving til for å rettferdiggjere dette, seier Hennmo.
– På den andre sida er det sjeldan at kunstnarar tør å bruke så store ord som Viskum. Det krev eit utruleg mot, legg ho til.
Viskum ikkje viktig
– Morten Viskum er ein energisk fyr som held på med sine prosjekt, men eg trur ikkje han kjem til å endre på historia. Eg har ikkje sett på Viskum som ein viktig aktør på kunstfeltet.
Det seier Gunnar Kvaran, direktør for Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst. Då Klassekampen ringte rundt til personar i det norske kunstmiljøet, var det mange sentrale aktørar som i likskap med Kvaran ikkje ønskte å uttale seg om Viskums kunst. Dei fleste grunngav dette med at dei ikkje kjente godt nok til Viskums kunstnarskap.
Ketil Neergaard, redaktør for nettstaden Kunstkritikk.no, seier han ikkje har noko forhold til Viskum som kunstnar.
– Heile oppstyret rundt Viskum verkar for meg meir som sirkus enn kunst, seier Neergaard.
Redaktør Halvor Haugen i tidsskriftet UKS Forum for samtidskunst, ønskjer ikkje å uttale seg om Viskums nyare kunst utan å ha sett den først, men han synst ikkje det er spesielt interessant at Viskum brukar ei død han til å male med.
– Det heile er prega av ei viss sensasjonalistisk slagside. Om du maler med ei avhogd hand, eignar dette seg godt til å få medieomtale, men eg synst ikkje nødvendigvis at det gir eit interessant kunstnarisk arbeid, seier Haugen til Klassekampen.
Skandaleeffekten
– Kvifor får Viskum så mykje merksemd om han ikkje blir rekna som viktig i kunstmiljøet?
– Mitt inntrykk er at Viskum ikkje når fram til fagfolk, men til mannen i gata. Ola Nordmann har blitt kjent med kunsten hans gjennom media, men vi som er i bransjen har problem med å ta han alvorleg. Eg trur Viskum tapar fagleg terreng på å bruke så sterke verkemiddel som han gjer, seier Marianne Zamecznik.
Ho trur at samtidskunsten har lite å seie for mannen i gata, men at Morten Viskum har funne ut at han kan nå ut til folket ved å skape skandalar.
– Ved å dra inn skjending av lik i kunsten er det enkelt å få overskrifter i media, og dermed skape ein slags skandaleeffekt. Ved å skape skandalar har Viskum funne ei effektiv oppskrift for å få mediemerksemd. Dermed blir det enda vanskelegare for andre samtidskunstnarar å få merksemd for sitt arbeid om dei ikkje vil følje Viskums skandaleoppskrift, seier Zamecznik.










