Ja, vi elskar «Ja, vi elsker»

– Som nasjonalsong er «Ja, vi elsker» eineståande fin, fordi han inkluderer heile folket, han handlar ikkje berre om heltar og kongar, seier Vigdis Ystad.

Den fyrste versjonen av «Ja, vi elsker» blei trykt i Aftenbladet 1. oktober 1859, bladet Bjørnstjerne Bjørnson sjølv var redaktør for. Utgangspunktet var den såkalla statthaldarstriden, om kor vidt svenske styresmakter hadde rett til å ha ein statthaldar i Noreg. Det norske Stortinget hadde vedtatt å oppheve ordninga, men den svensk-norske kongen nekta å sanksjonere vedtaket.