
Sivile krigsheltar i løyndom
Lørdag 12. mai, 2007
FAKTA
LES MER
. Foto: Norges Hjemmefrontmuseum. Frå boka.Svein Sæter, forfattar
«XU» – der X'en står for ukjend og U'en for Undercover – var ein sivil norsk etterretningsorganisasjon under andre verdskrigen. Omlag 1500 hemmelege agentar mottok og samla inn informasjon om tyske krigsplanar i Noreg, og smugla desse på dei mest raffinerte måtar til Militærkontoret Mi2 i Stockholm, som igjen sende opplysningane vidare til Forsvarets Overkommando i London.
Og innsatsen var forbløffande vellukka. Den amerikanske historikaren Arnold Kramish meiner XU var «den best organiserte og mest produktive etterretningsorganisasjonen som opererte under den andre verdskrigen».
– Dette systemet, som det ville ha vore eit enormt arbeid å byggje opp i fredstid, klarte norske uskolerte sivilistar å byggje opp, i ein situasjon der landet var okkupert og der det var dødsstraff for det dei føretok seg. Det er vanskeleg å finne ord for ein slik prestasjon. Det er noko i klisjeen om at krig får fram det beste og det verste i mennesket. Det er heilt forbløffande, seier Svein Sæter.
Svein Sæter, har i lag med faren, den gamle XU-agenten Einar Sæter, skrive boka «XU. I hemmeleg teneste 1940–45». Boka som denne veka kom i ny og oppdatert versjon frå Det Norske Samlaget, fortel ein underleg gløymd del av norsk krigshistorie:
– Vi meiner dette er ei slags nyskriving av krigshistoria, ikkje den faghistoriske, men slik ho eksisterer i folks medvit. Etterretninga og den norske handelsflåta var Noregs viktigaste bidrag under krigen, men det er Milorg og Gutta på skauen som dominerer fullstendig i folks medvit.
Heldig grense
– Kven var XU-agentar?
– Det var omlag 1500 agentar spreidde over heile landet. Dei representerte alle slags folk, det var bønder, NSB-tilsette, NS-lensmenn som dreiv dobbeltspel. Men spesielt i XU-leiinga i Oslo var det mange unge studentar, veldig unge studentar. Mange av dei var pasifistar, og det var mange kvinner. Det var fleire kvinner i toppleiinga.
– Korleis kunne desse norske sivilistane byggje opp Europas beste etterretningsorganisasjon?
– Det kom av dyktigheit i mange ledd. Øistein Strømnæs som var leiar lenge, må ha vore eit organisasjonstalent utover det vanlege. Dei som møtte han og som visste at han leia organisasjonen, legg alle vekt på kor flink han var til å motivere folk og å løyse vanskelege situasjonar.
Dessutan låg forholda godt til rette reint geografisk:
– Det som var spesielt med Noreg var Sverige. Vi hadde 2000 kilometer med grense til fridomen. Det fanst eit stort, trygt mottaksapparat i Stockholm.
Høgteknologisk
Smuglinga av informasjon føresette avanserte teknikkar. Otto Øgrim utvikla eit kodesystem som var så godt at Secret Service plukka det opp etter krigen, og fotografen Kaare Hemsen utvikla ein teknikk for mikrofilmfotografering, som gjorde at informasjon tilsvarande eit A4-ark kunne kopierast ned til storleiken av eit frø. Og deretter kopierast opp att i Stockholm.
Desse frøa med avgjerande militær informasjon blei mellom anna smugla i ein mutter på vasskranene ombord på toaletta på toga.
Slike teknologiske genistrekar, blei ifølgje Svein Sæter parra med ein disiplin og ein offervilje, som knapt er til å forstå i ettertid. Då ein av leiarane, Anne Sofie Østvedt, trudde ho skulle døy av difteri, og dei andre diskuterte å lette på tryggleiksrutinene ved å hente foreldra hennar til ein siste avskil, protesterte ho:
– Nesten medvitslaus protesterte ho frå senga. Berre seink meg i eit tjern og bli ferdig med det, sa ho. Slik kunne ei 23 år gamal jente snakke. Det er knapt til å tru, seier Sæter.
– Og fleire av agentane tok sjølvmord då dei blei arresterte, for ikkje å røpe noko i avhøyr. Jacob Thorsen frå Tvedestrand heiv innpå ein blåsyretablett då han i februar 1945 blei arrestert av Gestapo.
Arbeidspress
Arbeidet som agent i løynd, ofte på nattetid, kombinert med sivile liv og jobbar på dagtid, medførte eit enormt arbeidspress. Fleire av dei tydde til sentralnervestimulerande amfetaminliknande middel for å halde det gåande.
– I XU-leiinga blei det ikkje brukt, men i Mi2 var det fleire som måtte gå på nedtrappingskur etter krigen. XU-leiinga sende på det meste 500 ark i døgnet med informasjon, det var ikkje tid til å sove under slike forhold. Otto Øgrim prøvde eit slikt stoff ein gong. Han fortalde at han blei heilt spinnvill i tre dagar, ler Sæter.
– Kvifor fekk ikkje Gestapo has på XU?
– Det er det store spørsmålet. Det er i grunnen litt usannsynleg at organisasjonen ikkje blei rulla opp. Men når andre etterretningsorganisasjonar sprakk, var det oftast fordi dei hadde samarbeidd med andre militære einingar, og XU var påpasseleg med at slikt samarbeid ikkje skulle førekome. Dei var dessutan organisert etter celleprinsippet med vasstette skott mellom cellene.
– Men Gestapo var på sporet av XU. Dei var i nærleiken. Men kor nære dei var, er vanskeleg å seie.
XUs første leiar Arvid Storsveen blei skoten av Gestapo i 1943, men utan at Gestapo nokon gong fann ut kven dei hadde tatt:
– Det var heilt tilfeldig at dei drap han, og dei fann aldri ut kven dei drap. Om dei hadde funne ut det, ville dei sannsynlegvis ha kunna rulle opp heile XU. Dei etterlyste han i Polititidende, men absolutt ingen tysta. Det kan ha vore avgjerande for XU.
Togn
Etter krigen har det vore påfallande taust om XU. Sabotørane, Milorg og Gutta på skauen har fått heltestatus, XU-agentane er stort sett utanfor det kollektive minnet.
– Dei takka nei til alle utmerkingar etter krigen, dei takka nei fordi dei meinte alle eller ingen burde heidrast. I dag er det nokre som angrar på det, fordi dei føler XU er komen heilt i skuggen i norsk krigshistorie.
– Men kvifor har dei vore tause om eigen innsats?
– Sjølv gjev dei det enkle svaret på det vanskelege spørsmålet, at dei ville vidare i liva sine. Det var unge menneske som var ferdige med krigen, no ville dei vidare, seier Sæter, som fortel at nokre av agentane seinare blei innlemma i dei hemmelege tenestene, men langt frå mange nok til at det kan forklare togna.
– Ein skulle tru dei hadde eit psykologisk behov for å fortelje?
– Ja, det har slått meg òg. På 1960-talet var det ein del av dei som tok til å treffast med jamne mellomrom, men ikkje eingong på desse treffa snakka dei om det som hadde hendt. Kanskje det er typisk norsk, kanskje det er fortrenging? Eg veit ikkje.










