
Eit monument over sosialismen
Fredag 11. mai, 2007
FAKTA
LES MER
Kjartan Fløgstad, forfattar
Den sovjetiske gruvebyen Pyramiden var lenge ein av dei største busetnadene på Svalbard. I 1996 budde det enno 590 innbyggarar i byen, i 1997 blei hotellet og symjehallen pussa opp, men i 1998 var det plutseleg over. Gruvedrifta stansa den 1. april 1998, og den 1. oktober same år blei byen forlaten.
Når Kjartan Fløgstad no har vore attende i byen, nesten ti år seinare, er byen blitt ein spøkelsesby. Ingen menneske bur der, men i kulturpalasset stod ti tusen bøker, i kinoen låg enorme mengder med filmrullar og på sjukehuset låg oppslåtte legejournalar.
– Som monument er det heilt eineståande. Russarane stadfestar at dette er heilt unikt. Det har ein surrealistisk effekt at ein slik by finst på norsk grunn, på 79 grader nordleg breidde, fortel Fløgstad.
– Og det minner kanskje om korleis norske industristader kan kome til å bli?
– Ja, det gjer jo det. Ålvik er i ferd med å bli lagd ned, og i Odda er hjartet i byen tatt ut, men eg har ikkje først og fremst tenkt på min eigen lokale identitet. For meg handlar ikkje dette om tilknyting til heimstaden, men til det moderne.
Idealsamfunn
Arbeidarane til gruva blei rekrutterte på kontraktar og måtte binde seg til å vere nokre år i byen. For å få gruvearbeidarar frå heile Sovjetunionen til å busetje seg i Pyramiden, inst i Billefjorden oppunder Nordpolen, måtte byen gjerast til ein attraktiv by å bu i.
– Då dei søkte etter arbeidarar blei det framstild som eit sosialistisk idealsamfunn. Alt var gratis og og ein hadde lange feriar. Ein måtte ha reelle årsaker til at folk skulle hamne der, dei måtte få det betre der enn andre stader i Sovjetunionen.
Og Fløgstads inntrykk i dag stadfestar reklamen:
– Det var ein vakker by, med ein god byplan og hus med god kvalitet. Han hadde alle installasjonane som ein sosialistisk idealby skulle ha, med kulturpalass, symjehall, kino, hotell, barnehage og skule. Byen er tydeleg teikna for å opne seg mot ein fellesskap. Melankolien i boka spring ut av at den fellesskapen ikkje kunne gjennomførast i det lange løp.
– Fekk du sans for denne utopien?
– Det var svært tvitydig, eg hadde sans for noko av det. Og eg kjende ei sorg over det som ikkje hadde late seg realisere. Det er eit sterkt element av melankoli ved å sjå restane av ein kultur som er blitt avvikla på så kort tid, og då tenkjer eg ikkje berre på denne byen, men på den sosialistiske utopien som han spring ut frå, seier Fløgstad.
Kulturkatastrofe
Å rusle gjennom kulturpalasset med ti tusen bøker, eller innom den lokale kinoen der filmrullane no ligg hulter til bulter på golvet, gjev eit vitnesbyrd om kva kulturnivå, i det minste den offisielle sovjetiske kulturen, stod på:
– Den klassiske kunsten og kulturen var mykje sterkare tilstades i Pyramiden enn i Longyearbyen, eller tilsvarande småstader i det kapitalistiske Vesten, seier Fløgstad.
Fløgstad trur vi i Vesten lett misforstår og feiltolkar korleis det har vore å vakse opp på alle desse sovjetiske industristadane, og nemner skrekkbyen ved norskegrensa Nikel, som eit døme på det:
– Nikel er ein by som for oss ser ut som Helvete på jord. Men når eg no treffer menneske som er vaksne opp der, kan dei fortelje om gode barndomar, med rik tilgang på kunst og kultur, klassisk dans og musikk, idrett av alle slag, tre månaders ferie i Sør-Russland og stipend til å studere i utlandet.
– Denne boka handlar dimed om Sovjets ettermæle?
– Ja, absolutt. Men òg om ettermælet til sosialismen. Eller kva ein kan finne av visdom i den tradisjonen og alle dei tradisjonane som blei førte vidare i ulike former for sosialisme.
Gruvemetafor
Men portrettet av Pyramiden handlar om meir enn sosialismen:
– Det handlar òg om heile den industrielle moderniteten. Det er noko svært ekspressivt ved at det er ein gruveby. Det er ein sterk metafor i det moderne knytt til at om ein berre kjem djupt nok, vil ein forstå verda. Samstundes er det gruvene som gjev brennstoff til den moderne verda, men på ein måte som gjer at samfunnet brenn seg sjølv opp, seier Fløgstad
Det finst i dag mange planar om kva ein skal gjere med Pyramiden. Det er mange turistinitiativ og idear på norsk side, alt frå rockekonsertar og ekstremturisme til sovjet-nostalgisk turisme. I ein burlesk epilog i boka teiknar Fløgstad opp eit tenkt framtidsscenario der det nystarta selskapet McArctic ANS lagar byen om til Event Pyramiden og utviklar byen til «postutopisk gesamtkunstverk for kulturelle totalopplevingar».
Det mest sannsynlege scenariet er likevel at elva som no er i ferd med å leggje ruta gjennom byen vil rive med seg heile byen før den tid. Varmare klima, bresmelting og auka nedbør, kan bokstavleg tala grave grunnen under gruvebyen:
– Dette er kolgruver, det er eit materiale som produserer det moderne, men som samstundes truger med å utslette ikkje berre pyramiden, men store delar av den verda vi lever i. Det gjev denne byen ein ekstrem sterk symbolfunksjon.
– Har du endra syn på den industrielle moderniteten etter klimaendringane blei så openberre?
– Ikkje avgjerande, eg har alltid sett på dette som tvitydige saker. Ingen fornuftige menneske ynskjer seg attende til eit førindustrielt samfunn. Eg trur eigentleg at slik som klimaproblemet har sett seg gjennom i samfunnslivet og det politiske systemet, vil det vere mogleg å få til forandringar som er raske og effektive nok.
Boka «Pyramiden. Portrett av ein forlaten by» er eit samarbeid med fotografen Siri Hermansen, som tidlegare har hatt utstilling på Stenersen Kunstmuseum med fotografi frå Pyramiden.
Boka blir meld i bokmagasinet i morgon.










