
Må ta bokmål-test
Tirsdag 8. mai, 2007
FAKTA
* Blir arrangert av Universitetet i Bergen og Folkeuniversitetet
* Finst på tre ulike nivå:
** Dei to lågaste nivåa er meint for vaksne innvandrarar, og er avsluttande prøver på den statleg finansierte norskopplæringa. Dei kan takast på nynorsk og bokmål.
** Testen for høgare nivå blir kalla Bergenstesten, og er meint for arbeidstakarar og studentar som treng dokumentasjon på sine norskkunnskapar. Denne kan berre takast på bokmål.
LES MER
Arvind Thattai, jurist
Arvind Thattai underviser i rettsvitskap ved Norwich Law School i England, og er gift med norske Rannveig Mossige Thattai. No ønskjer paret å flytte til Noreg, men manglande språktestar på nynorsk kan gjere det vanskeleg for Thattai å søke undervisningsstillingar ved norske universitet. Thattai skriv og snakkar nynorsk, men den norske språktesten for høgare nivå er berre tilgjengeleg på bokmål.
– I stillingsannonsar ved norske universitet blir det opplyst at det er eit krav å kunne undervise på norsk på eit høgt nivå. Problemet er at eg kan språket, men at eg ikkje får ein språktest på den målforma eg har lært meg, seier Thattai.
Han meiner dagens praksis fører til ei forskjellshandsaming mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar.
– Norsk lov seier at nynorsk og bokmål skal vere likestilte som målformer. Om utlendingar som har lært seg nynorsk ikkje får det same høvet til å ta ein språktest på høgare nivå som dei som kan bokmål, er ikkje målformene likestilte. I dag kan utlendingar berre vise at dei har norskkunnskapar på eit høgare nivå om dei kan bokmål, og det synst eg er urimeleg, seier Thattai til Klassekampen.
Ikkje på nynorsk
Dei norske språktestane er tilgjengelege på tre nivå. Dei to første testane er tilgjengelege både på nynorsk og bokmål, men testar berre norsk språk på grunnskulenivå. Testen for norsk på høgare nivå, også kalla Bergenstesten, er tilrettelagt for utanlandske arbeidstakarar og studentar som treng å dokumentere norskkunnskapane sine, men denne er altså berre tilgjengeleg på bokmål. Det er Universitetet i Bergen og Folkeuniversitetet som er fagleg ansvarlege for Bergenstesten.
Thattai har sendt ein førespurnad om det er mogeleg å få testen i ein nynorsk versjon. Svaret var negativt.
– Eg fekk beskjed om at eg kunne få svare på delar av testen på nynorsk, men at dei fleste oppgåvene kravde svar på bokmål, seier Thattai.
Manglande støtte
Berit Halvorsen er seksjonsleiar ved Norsk Språktest, Universitetet i Bergen, og seier at dei ved fleire høve har søkt myndigheitene om støtte til å utvikle Bergenstesten til nynorsk.
– Bergenstesten er ein privat test, som ikkje er finansiert av myndigheitene. Å utvikle testen til nynorsk vil krevje tid og personale, og det har vi ikkje ressursar til sjølve. Difor har vi søkt om økonomisk støtte, men myndigheitene ser det ikkje som sitt ansvar å skulle finansiere dette, seier Halvorsen.
– Om testen ikkje hadde vore privateigd hadde det truleg stilt seg annleis. Då hadde den vore omfatta dei same reglane som dei offentlege norskprøvene på lågare nivå, legg ho til.
– Kva alternativ har utlendingar som brukar nynorsk til å ta språktestar på høgare nivå?
– Studentar som søker opptak til universitet og høgskular, bør ta kontakt med opplæringsinstitusjonane og høyre kva dei kan tilby.
Norsk Språktest vil halde fram med å arbeide for at testen kan takast på nynorsk.
Særskild søknad
Thattai er for tida busett i England, opprinneleg frå Bangladesh og lærte seg nynorsk fordi kona er frå Jæren. Han seier han har forståing for at det truleg ikkje er så mange som søkjer om å få ta Bergenstesten på nynorsk, men at han skulle ønskje det var mogeleg å søkje om å få ta testen på nynorsk, og ikkje berre bli avvist.
– Det hadde vore greit for meg om eg måtte søke tidlegare enn bokmålsbrukarane, eller om eg måtte skrive ein særkild søknad i tillegg til den vanlege oppmeldinga. No står eg utan nokon høve til å søke i det heile.
Vidaregåande eksamen
Løysinga på den manglande språktesten blir truleg at Arvind Thattai må ta nynorskeksamen på ein vidaregåande skule for å dokumentere språkkunnskapane sine. Dette krev ein langt større innsats enn Bergenstesten, ettersom vidaregåandeeksamen inneheld litteratur og debattoppgåver i tillegg til det reint språklege.
Thattai har no byrja å lese seg opp på norsk litteraturhistorie.
– Når eg som utlending, som aldri har budd i Noreg, søker på undervisningsstillingar ved norske universitetet, er det greit å ha konkrete resultat og karakterar som viser at eg kan norsk. No ser det ut til at ein norskeksamen er den einaste måten eg få dokumentert mine språkkunnskapar på, seier han.










