
Dramatisk dobbeltportrett
Lørdag 5. mai, 2007
FAKTA
* Født 1942.
* Professor i fransk ved Institutt for moderne fremmedspråk, NTNU.
* Ho har gjeve ut ei rad fagbøker om litteratur og gjendiktingar frå fransk, i tillegg til å skriva romanar, noveller og barnebøker.
* Har også bakgrunn frå kvinneforsking.
* Aktuell med romanen «Maske for et ukjent ansikt» (Gyldendal).
LES MER
I 20 år har franskprofessor, kvinneforskar og forfattar Sissel Lie vore oppteken av historia til Anne Marie Louise d'Orléans de Montpensier (1627–1693), Solkongen Ludvig XIV si kusine, ei av Frankrike sine rikaste menneske, aktiv pådrivar i fransk politikk – kjend for sin brautande latter og tallause brot på kvinneleg hoffetikette.
Anne Marie nekta å følgja kongelege ordrar om allianseekteskap. Ho vart (sannsynlegvis) aldri gift, jamvel om ho 43 år gammal bestemte seg for at det var på tide at også ho vart elska. Ho valde å kasta bort kjensler og formue på ein notorisk jentefut langt under hennar stand, ein som aldri ville ha vorte godkjent som ektemann. Han sveik ho med andre kvinnfolk oftare enn ho rakk å snu seg. Sveik gjorde også kongen, som nytta henne i politiske spel, og faren som skusla bort mykje av pengane hennar. Men ho bøygde seg aldri for mennene sin orden. Og ho møtte hoffet sin hånlatter med overberande arroganse.
Hersketeknikkar
– Det er klart at hennar relative fridom kom av hennar rikdom. Du kunne ikkje vera så annleis i dette samfunnet utan å vera både rik og kusina til kongen, seier Sissel Lie.
– Men Anne Marie er likevel ei svært interessant kvinne. Ho gjorde også mykje med pengane sine. Dei gjekk ikkje berre til hennar eigne slott, ho fekk òg oppført barneheimar. At ho aldri godtok dei svært tronge råmene for kvinneliv på 1600-talet kunne gjort henne til ein modell i samtida. I staden slo hersketeknikkane inn. Ho vart låttleggjort som idiot ved hoffet for si oppførsel, sin utsjånad og si ulukkelege kjærleikshistorie. Eg ville visa fram eit anna bilete av ho, seier Lie.
Fagleg og personleg
Gjennom åra har Sissel Lie vendt tilbake til Anne Marie i fleire fagartiklar og i ei novelle, men den franske prinsessa ville ikkje sleppa taket på ho.
– Det måtte ein roman til for å gje meg svar på kvifor eg var så oppteken av denne kvinna.
Det er over ti år sidan førre roman frå Sissel Lie. Det ligg ein omstendeleg prosess bak «Maske for et ukjent ansikt» (Gyldendal). Det har vorte til eit dobbeltportrett av Anne Marie og ei kvinne frå vår eiga samtid, ei franskkunnig lærarinne som har mange biografiske likskapsdrag med forfattaren. Samtidsplanet er også eit metaplan der lærarinna reiser på leiting etter spor av Anne Marie og sin eigen fascinasjon for ho.
– Eg syntest det var spanande å bruka store delar sjølvbiografi for å skriva fiksjon. Det hadde eg ikkje prøvd før. At eg skulle bli del av ein litterær trend i så måte, var eg ikkje klar over då eg byrja dette prosjektet.
– I byrjinga skreiv eg det som fall meg inn, for å koma i gang. Det som er att i boka no er sterkt omarbeidd, men brokkar av dei tidlege notata finst. Eg ville visa fram skriveprosessen. Mellom anna dukka det opp brokkar frå tekstar eg har skrive før, slik at romanen dels har vorte ei sampling av mine eigne bøker, fortel Lie.
Dei historiske og dei samtidige brokkane vekslar i romanen. Der utgangspunktet for samtidsplanet er Lies eige liv og forfattarskap, er basisen for det historiske planet prinsesse Anne Marie sine omfattande memoarar.
Erkjenningsprosess
Når dei to autentiske forteljingane skrivast saman til ein fiksjon, kjem det fram ei underliggjande historie, der Anne Marie blir ein katalysator for lærarinna si forståing av kven ho sjølv er, og korleis ho har vorte nett denne personen.
– Etterkvart byrjar båe historiene å likna på eit sjølvkritisk livsoppgjer, var dette intensjonen?
– Eg byrja å skriva utan å vita kva som skulle bli resultatet. At det enda i ei erkjenning av noko som galdt meg sjølv, var ei overrasking.
– I utgangspunktet trudde eg at dette var svært like historier, og at det var kjærleikshistoria som batt dei saman. Det var det ikkje. No synest eg kontrasten mellom dei to kvinnene er det mest slåande.
Etterkvart flyttast mykje av fokuset i råmehistoria frå elskarane sitt svik til fedrane sitt svik. Og lærarinna har vondt for å tilgje ein far som har vore fråverande og som ikkje har sett ho slik ho har ønska å bli sett.
– Handlar det heller om svik? Eller kanskje om skuldkjensle?
– Svik og skuld er litt som høna og egget her. Samstundes får det fram kontrasten mellom kvinnene. Anne Marie tilgjev alt, og held fram med livet sitt. Lærarinna oppdagar at ho har levd ut ein slags evigvarande hemn for svika ho har opplevd. Jamvel om det er ein hemn som eigentleg mest råkar hemnaren, sidan ho stengjer ute verda, faren. Eg vart overraska over sjølvinnsikten, over skuldkjensla, som låg i dette. Det er ikkje noko eg har kjent på.
– Kva no? Har du skrive av deg Anne Marie?
– Tja, men eg er ikkje ferdig med å prøva ut eiga historie skjønnlitterært. Det er også fagleg interessant for meg. Som fagperson har eg alltid analysert tekstar, og lenge har det jo bore «forbode» å kopla liv og verk når ein har drive litteraturkritikk. Samstundes er jo interessa for livet ein praksis eg kjenner til frå kvinneforsking, og no har også både forfattarar og litteraturforskarar igjen opna augo for litteratur som iscenesetjing av seg sjølv, seier Sissel Lie.










