Venstresidas dagsavis
Til forsiden
Nettutgaven, torsdag 9. september, 2010

Garborg-senter i Haugtussas land?

Forskarane har ikkje vondt av å lette litt på ræva, meiner Solveig Aareskjold, som vil leggje Garborg-senteret til Knudaheio. – Eit meiningslaust forslag, svarer Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Torsdag 26. april, 2007
FAKTA

* Time kommune og utbyggjaren Forum Jæren AS la 17. april fram skisseprosjekt for nytt bibliotek og eit nasjonalt Garborg-senter på Bryne.

* Etter planen skal byggjearbeidet starte om eitt år og senteret kunne opnast ved årskiftet 2009/2010.

* Leiaren i Time Mållag, Tarald Oma, som opphavleg tok initiativ til senteret og som sit i styringsgruppa, er skuffa over skissa og vurderer å trekkje seg frå prosjektet.

* Det har spesielt vekt oppsikt at det er foreslått eit tre etasjars hotell over senteret. No tek einskilde til orde for at heile senteret bør flyttast frå Bryne til Knudaheio ved Garborgs sommarhus.

Garborg-senter i Haugtussas land?
STRIDENS KJERNE: Skal det nye Garborg-senteret samlokaliserast med eit hotell på Bryne, eller vere i naturskjønne omgivingar i Knudaheio (biletet)? Kulturfolk i Rogaland er usamde. foto: onar vikingstad

I går skreiv Klassekampen om striden som er oppstått med omsyn til det planlagde Garborg-senteret på Bryne. Den opphavlege initiativtakaren, Tarald Oma, leiar i Time Mållag, var så skuffa over arkitekt-teikningane at han vurderte å trekkje seg frå prosjektet:

– Viss vi meiner alvor med at dette skal vere eit nasjonalt Garborg-senter, må det ha eit særskilt arkitektonisk uttrykk, sa Oma, mellom anna skuffa over den foreslåtte samlokaliseringa med eit hotell på Bryne.

Forfattaren Solveig Aareskjold er heller ikkje imponert. Aareskjold meiner at heile senteret burde leggjast til Knudaheio, der Garborg hadde sommarhus, der han ligg gravlagd og der handlinga frå «Haugtussa» føregår.

– For dei fleste som er interesserte i Garborg i dag er det Veslemøyaspektet som er inngangen. Folk synest det er fantastisk å kome til Knudaheio, folk blir andektige. Knudaheio har eit veldig potensial, seier Aareskjold.

Knudaheio er i dag eit regulert landskapsområde, og planane Aareskjold støttar er å byggje eit opplevingssenter delvis inne i fjellet på Knudaheio.

– Dette vil ta lenger tid, og eg forstår dei som er utålmodige, men trass alle gode intensjonar er eg redd eit senter på Bryne vil forsvinne litt.

Fagmiljøet ved Universitetet i Stavanger har engasjert seg sterkt for å få senteret etablert på Bryne, men Aareskjold meiner omsynet til kva som er mest praktisk for forskarane ikkje må vege tyngst:

– Då kunne ein jo like gjerne hatt ei avdeling ved Universitetet i Stavanger. Så slapp dei å lette på ræva i det heile tatt, ler Aareskjold.

Større enn Ibsen

Fleire har samanlikna ideen om eit Garborg-senter med det vedtekne Hamsun-senteret på Hamarøy. Hamsun-senteret som skal opnast til forfattarens 150-årsdag i 2009, er teikna av ein av verdas fremste arkitektar og har eit totalbudsjett på over 80 millionar kroner, derimellom 32 millionar frå staten.

– Er Garborg-planane litt smålåtne?

– Ja, eg synest det. Ein tenkjer for mykje på det som ei universitetsavdeling. Du kan skilje mellom dei som tenkjer på den ållmenne litterære opplevinga, og dei som tenkjer på doktorgradsavhandlingar. Eg tenkjer primært på den fyrste gruppa.

Prosjektleiar for Garborg-senteret Trond Lie har tidlegare mana til nøkternheit og realistiske førestellingar om Garborgs popularitet. «Garborg anno 2007 er ikke Ibsen anno 2007,» har Lie uttalt til Jærbladet.

Det synest Aareskjold er eit uheldig standpunkt:

– Eg synest det er ein litt dum ting å seie. I Rogaland er Garborg størst, det er det det handlar om. Ein ting er kva ein personleg føler for ein forfattar, ein annan er kva moglegheiter det er for kultur og lokal identitet. Garborg er så lokalt forankra at i akkurat denne samanhengen er Garborg større enn Ibsen.

Skånsamt bygg

Arkitekt Ole Serinius Trodahl er mannen som opphavleg lanserte ideen om å leggje senteret til Knudaheio. Han understrekar at Knudaheio ikkje er eit nasjonalt verneområde, og at det er mogleg å byggje eit senter skånsamt inn i naturen, med store delar av bygget under bakken.

Trodahl meiner det er heilt naudsynt å knytte senteret opp til ein plass som har med Garborg å gjere:

– Alle andre slike senter som eg kjenner til, som Blixen, Hamsun, Aasen og Undset, er lagde til plassar forfattarane var knytte til. Slik må ein tenkje her òg. Hovudtyngda kjem for å treffe andre, drikke kaffi og sjå på naturen. Det er få som er der for å studere forfattarskapen nøye.

Trodahl vil ikkje uttale seg om det konkrete framlegget frå sine arkitektkollegaer, men han er skeptisk til lokaliseringa midt i ein ny bydel i Bryne, prega av nye og dels høge bygg:

– No byggjer ein eit Brasilia midt i Bryne med ny vidaregåande skule, ungdomsskule og hotell. Og midt inne i dette området skal ein byggje eit Garborg-senter. Eg trur ikkje dette blir ein plass folk gjerne vil leggje søndagsturane sine. Skal Garborg-senteret vere lobby for eit hotell, spør Trodahl, som meiner det finst andre plassar på Bryne som eignar seg mykje betre om ein absolutt skal byggje der.

Meiningslaust

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, er mellom dei som har engasjert seg med støtte til dei føreliggjande planane. Han har liten sans for ideen om å leggje senteret til Knudaheio:

– Eg synest det er litt meiningslaust. Ein kan tenkje seg sjølv korleis det vil vere å leggje eit stort senter langt oppi heia i eit område som er bandlagt av ulike grunnar. Korleis skal du få 300 parkeringsplassar oppå der? Det vil dessutan øydeleggje beitemarka for bøndene, ein må først spørje folk på Undheim om dei er interesserte i det, seier Nicolaysen.

Det smålåtne ved planane tiltalar Nicolaysen:

– Ein kan ikkje berre hive inn pengar i nye monument, eg liker den jærske pragmatismen. Kultur skal ikkje berre vere store synlege symbol, men praktiske anvendelege ting som folk kan ha nytte og glede av i kvardagen. Slik eg forstår det, ynskjer dei å gjere dette til eit nokså breitt og tilgjengeleg senter, der ein kan jobbe med alt frå menneskerettar og det frie ordet til generell kulturformidling. Sjølve Garborgmateriale vil berre vere ein ryggmarg i dette.

At forskarsamfunnets eigne praktiske interesser speler inn, avviser Nicolaysen:

– Forskarane kan forske kvar som helst berre dei har materiale. For oss speler det ingen rolle om vi sit på heia eller på Bryne. Dette er først og fremst eit spørsmål om å få det praktisk til, og no er det berre tida og vegen att. Desse folka som vil ha senteret til Knudaheio veit ikkje korleis eit statsbudsjett fungerer, det er ingen som står klar med 80 millionar for å hive i posen til folk.

Heller ikkje Garborg-biograf Tor Obrestad har sansen for å leggje senteret til Knudaheio:

– Då må ein jo omregulere heile området. Både praktisk og ideologisk synest eg det er heilt greitt å ha Garborg i sentrum der folk bur, så kan ein ha Knudaheio som ein kultstad for spesielt interesserte, seier Obrestad.


Utenriks
Torsdag 9. september, 2010
Onsdag 8. september, 2010
Tirsdag 7. september, 2010
Mandag 6. september, 2010
Lørdag 4. september, 2010
Kultur & medier
Torsdag 9. september, 2010
Onsdag 8. september, 2010
Tirsdag 7. september, 2010
Mandag 6. september, 2010
Lørdag 4. september, 2010
Kommentarer
Torsdag 9. september, 2010
Onsdag 8. september, 2010
Tirsdag 7. september, 2010
Mandag 6. september, 2010
Lørdag 4. september, 2010

Finnalle.no
Finnalle.no
Varer og tjenester?
Du finner det hos oss.