Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Lørdag 21. april, 2007
Seriøse spel og e-sport
SPELAR: Jonas Alsaker Vikan har vore profesjonell spelar av Counter-Strike og forteljar eit vakse festivalpublikum om unge kommunikasjonstrendar. foto: kim nygård, adresseavisen

Seriøse spel og e-sport

Lørdag 21. april, 2007

FAKTA

* 3. Trondheim International Film Festival. Arrangert første gong i 2005.

* Publikumsfestival for Midt-Norge.

* Bransjearrangement med fokus på ny kommunikasjonsteknologi og talentutvikling.

* Deler ut Kanonprisen, norsk filmbransjes eigne kåring av årsbeste innan filmarbeid.

* Varar frå 19. til 25. april

* Dataspelbransjen er det raskast veksande mediet i verda og omset i dag for 180 milliardar kroner årleg.

* I Norge er det seld 500.000 Play Station-maskinar og omsett to millionar dataspel over disk.

* Det finst åtte norske dataspelprodusentar, og i 2007 kjem det 11 norske dataspel. Dei fleste er utvikla for barn på CD-rom. Det store unntaket er bransjens flaggskip, FunCom, som lanserer vaksen-onlinespelet «Age of Conan».

* Konsoll-spel, som Play Station, XBox og Nintendo, dominerar, men online-spill (spel over internett samen med andre spelarar) er i eksplosiv vekst.

* Eventyrspela, som er bygde opp som eigne virtuelle verder, der ein utfører poenggjevande handlingar som å løysa oppgåver, nedkjempa motstandarar for slik å nå stadig nye nivå, er i prinsippet evigvarande spel. Døme er «Anarcy Online», «World of Warcraft» og det komande «Age of Conan». Alt i 2004 hadde «World of Warcraft» åtte millionar spelarar.

* Counter-Strike (CS) som per i dag er verdas mest populære online-spel, er eit tid og stad-avgrensa lagspel. To lag, «terroristar» og «anti-terroristar», skal gjennomføra eit gjeve oppdrag før dei blir sette ut av motstandaren. I dag omfattast Counter-Strike av omgrepet e-sport. Den første profesjonelle CS-turneringa gjekk føre seg i København i 2000.

LES MER

«Eg kallar det sport fordi spela følgjer reglar og krev trening og disiplin»
Alsaker Vikan, Counter-Strike-spelar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Dataspel er i ferd med å bli eit fleirbruksverkty i arbeidslivet, samstundes som leiken har utvikla seg til konkurransesport.

Båe delar går det an å livnæra seg av. Jonas Alsaker Vikan frå Trondheim er ein av dei som har gjort det.

Alsaker Vikan la i fjor opp som profesjonell spelar av Counter-Strike. I bortimot fem år har 25 åringen levd av å spela verdas mest populære online PC-spel. Counter-Strike er eit lagspel der to lag spelar mot kvarandre. Eit angrepslag og eit forsvarslag.

Den tidlegare proffspelaren nølar ikkje med å kalla den virtuelle valdsutøvinga for ein sport.

Krev disiplin

– E-sport er ikkje idrett, i den forstand at det er noko som fordrar fysisk aktivitet av mange på eit høgt nivå, men eg kallar det sport fordi spela følgjer reglar og krev trening, disiplin og ein gjennomtenkt konkurransestrategi som ikkje står tilbake for krava innan toppidrett.

Framveksten av E-sport og eit internasjonalt online-spelmiljø har kome som eit resultat av – og har utvikla seg parallelt med – den eksplosive veksten av internett. Counter-Strike er eit av dei eldste spela i sjangeren og ei av e-sportsgreinene der det per i dag finst hundrevis av lag og enno fleire einskildutøvarar som lever av å spela, finansierte av sponsorar. I tillegg finst sjølvsagt titals millionar av vanlege spelarar.

– Noko av det fascinerande med eit spel som Counter-Strike, er at det er like artig for alle same kva nivå ein spelar på. Spelet er så enkelt at det er låg terskel for å byrja, samstundes som det er komplekst nok til utvikla seg som spelar.

For dei dediserte blir det arrangert turneringar i alle verdsdelar. Asia er den verdsdelen der e-sport har størst interesse. Ikkje minst i Sør-Korea, men også i land som USA og Tyskland er det mogleg å følgja turneringar i onlinespel på fjernsyn.

Alternativ til fotball

Jonas Alsaker Vikan fekk interesse for onlinespel då han i slutten av tenåra fekk kyssesykje og måtte legga vekk fotballen.

Counter-Strike er heller ikkje heilt ulikt.

– Eg har alltid likt å konkurrera, og for den som vil bli god, følgjer det automatisk i denne som annan lagsport at ein blir involvert i eit sosialt fellesskap. For meg tok Counter-Strike over for fotballen, også på det planet.

– Kvifor er dei mest populære dataspela så valdelege?

– Det finst mange ulike dataspel – bilspel, ulike idrettsspel og jamvel luftgitarspel. Men det som fungerar best i den virtuelle verda, er som regel det som skil seg frå røynda. Det er meir underhaldande å spela Counter-Strike enn onlinefotball. Då snakkar eg ikkje om valds- eller våpenbruk. Det er ikkje interessa åt Counter Strike-spelarar. Det er derimot ferdigheiter, taktikk og metodar for å koma seg forbi ein motstandar til dømes. Om ein er interessert i fotball, gjev det meir å sjå kampar i Champions League, hevdar Jonas Alsaker Vikan.

I dag arrangerer Kosmorama ein oppvisningskamp i Counter-Strike på kinolerret i Trondheim, og Jonas Alsaker Vikan er hyra inn som kommentator. Måndag skal han fortelja eit vakse festivalpublikum om unge kommunikasjonstrendar.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT