«Vi har lagt vekt på å få ei breiare politisk forankring av styret»
Endre Brunstad, valnemndsleiar
SKYT SEG SJØLV: ? Noregs Mållag skyt seg sjølv i foten ved å ta inn ein Frp-ar i styret. Skal vi solidarisere oss med folk som vil dele opp samfunnet og halde grupper frå kvarandre, spør Stephen J. Walton, professor ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskule |
Neste helg er det landsmøte i Noregs Mållag. Valnemnda har foreslått Austevollsordføraren Helge André Njåstad frå Framstegspartiet som fyrste vararepresentant til styret. Det synest Stephen J. Walton, professor ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda, er ein uvanleg dårleg idé:
– Noregs Mållag skyt seg sjølv i foten. Det er både politisk naivt og verdimessig tvilsamt, seier Walton til Klassekampen.
– Hadde denne Frp-aren utmerkt seg som ein ivrig nynorsktilhengar og gjort eit kjempearbeid for saka, til dømes ved å kjempe mot nynorskpolitikken til Frp sentralt, kunne ein ha argumentert for at vedkomande burde få plass i styret. Men dette er berre politisk opportunisme, dei forskotterer ein valsiger for Frp i 2009, og dei vil ha han innanfor teltet, seier Walton med referanse til president Johnsons klassiske strategi: «Better to have him inside the tent pissing out, than outside pissing in.»
Vegval
Walton viser til at målrørsla tradisjonelt har vore positiv til etableringa av eit fleirkulturelt Noreg:
– Målrørsla var tidleg ute med å profilere seg som aktive støttespelarar i framveksten av eit kulturelt mangfald i Noreg. Ein kunne ha tenkt seg eit scenario der nynorsken knytte seg opp til framandfiendtlege straumdrag i tida, men det skjedde ikkje, og det har vore utruleg viktig. Målrørsla har omfamna det fleirkulturelle fordi ein er i ein minoritetssituasjon sjølv, og ser at det her er ein interessefellesskap.
Denne fleirkulturelle tradisjonen må målrørsla hegne om, meiner Walton:
– Det handlar om kven ein vil solidarisere seg med i den pågåande verdidiskusjonen. Skal vi solidarisere oss med folk som vil dele opp samfunnet og halde grupper frå kvarandre, eller skal vi melde oss inn i det 21. hundreåret? I ein situasjon der sidemålsmotstandarane skyv innvandrarane framfor seg, var det klokaste Mållaget kunne ha gjort om dei fann ein god innvandrarrepresentant til å sitje i styret. Det ville ha vore fantastisk, seier Walton, som understrekar at han sjølv ikkje er kandidat.
– Det er kulturkompetansen til dei framandspråklege ungdomane frå Oslo vi treng no, ikkje ein Frp-ordførar på Vestlandet.
Framstegspartiet har programfesta at dei vil fjerne den skriftlege sidemålsstilen. At Helge André Njåstads varaplass i Mållaget skal endre Frps språkpolitikk, har Walton lite tru på:
– KrF blir ikkje ateistar fordi om dei får ein vararepresentant i styret til Human-Etisk Forbund. Frp har sitt program og sin ideologi, og viss ein meiner at ein vararepresentant i styret til Noregs Mållag fører til at dei ser lyset i målspørsmålet, er eg tvilande til det. Eg trur faktisk det skal litt meir til.
– Men leiaren i valnemnda Endre Brunstad er ein fornuftig mann, eg går ut frå at han har tenkt gjennom dette. Eg vil ikkje tillegge folk motiv, men min reaksjon er at dette er feil.
Ei vurdering
Valnemndsleiar Endre Brunstad kan stadfeste at dette er problemstillingar som har vore drøfta i valnemnda:
– Vi har lagt vekt på å få ei breiare politisk forankring av styret, og Njåstad verkar som ein oppegåande og idérik person som har uttalt seg godt om nynorsken. Og sjølv om Frp har ein veldig dårleg språkpolitikk sentralt, står dei sterkt i mange nynorskkommunar. Dei har 13 ordførarar totalt, åtte av desse i nynorskkommunar, fortel Brunstad.
Det har dei siste åra blitt forsøkt reist mange debattar om målrørslas forhold til ytste høgre. Både Hans Fredrik Dahl og Finn Erik Vinje har skrive om sambandet mellom målrørsla og NS-ideologien. Morgenbladet hadde nyleg fleire artiklar som sette målsaka opp mot omsynet til framandspråklege innvandrarar.
– Bør ikkje Mållaget vakte omdømmet sitt og halde ein viss avstand til det mest ytterleggåande høgrepartiet vårt?
– Dette er noko ein må vurdere, og det har vi gjort i valnemnda. For sjølv om Morgenbladet, Dahl og Vinje nok ville ha kome med sine påstandar uansett, er dette eit spørsmål som er verdt å ha med i vurderingane. Det å innstille Njåstad som fyrste vararepresentant er nettopp ein måte å gjere denne type vurderingar på.
På landsmøtet neste helg er Magnus Marsdal mellom dei politiske leiarane. Han er i desse dagar aktuell med boka som skal knekke Frp-koden.
– Er ikkje det paradoksalt?
– Eg har vore leiar i valnemnda, og har ingenting med korleis landsmøteprogrammet blir, men det betyr vel at innstillinga frå valnemnda ikkje har blitt sett på som uinteressant.
– Partipolitikk
Stridens kjerne, ordførar i Austevoll Helge André Njåstad, er ikkje overraska over kritikken:
– Eg veit ikkje om eg blir vald, det vil overraske meg stort om det går knirkefritt, men eg har sagt meg villig. Eg synest alle utfordringar eg får er spanande, sameleis med denne. Eg takka ja for å lære meir om organisasjonen og saka, seier Njåstad.
Kritikken frå Walton oppfattar han som usakleg:
– Eg betraktar det som han er ute etter å drive partipolitikk. Det viktigaste målet for Noregs Mållag må vere å arbeide for nynorsken, og då må ein samarbeide med alle parti, også Framstegspartiet, ikkje minst i ein situasjon der Framstegspartiet har fleire ordførarar som er medvitne nynorskbrukarar.
– Kjenner du deg heime i Mållaget?
– Det blir det store spørsmålet. I og med at dei har foreslått meg, reknar eg med at dei ynskjer seg eit sterkare samarbeid, og eg trur vi kan ha gjensidig nytte av kvarandre. Truleg vil korkje Mållaget eller Frp endre kurs dramatisk, men eg reknar med at eg kan vere eit bindeledd mellom organisasjonane.
– Er du samd i Framstegspartiet sentrale språkpolitikk?
– For å vere heilt ærleg er ikkje språkpolitikken det som opptek meg mest, så eg kjenner ikkje til alle sider av språkpolitikken vår, men eg er samd i prinsippet om at det ikkje gagnar nynorsken om han blir prakka på folk som ikkje ynskjer han.
– Er du medlem av Noregs Mållag?
– Nei, det er eg faktisk ikkje. Det har eg ikkje tenkt på, men det burde eg kanskje ordne.