Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 19. april, 2007
Revolusjonær moro
SYSTEMKOLLAPS? Systema kollapsa av seg sjølve, ikkje fordi eg sloss på gata med politiet, seier forfattaren Péter Zilahy om engasjementet sitt i dei austeuropeiske revolusjonane.

Revolusjonær moro

Torsdag 19. april, 2007

FAKTA

* Péter Zilahy, f. 1970, er ungarsk forfattar og fotograf. Han har gjeve ut fleire diktbøker og høyrespel.

* Boka hans «Den siste vindussjiraffen» kjem på norsk i dag på Spartacus forlag, som førebels nittande språk.

* I kveld blir boka lansert på Café Mir i Oslo klokka 19.00, med føredrag og samtale med Aage Borchgrevink.

* Péter Zilahy har eiga side på internett: www.zilahy.net

LES MER

«Høyrde vi ei melding frå det sovjetiske nyhendebyrået TASS, visste vi alltid at det motsette var tilfelle.»
péter zilahy, forfattar
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Eg hadde det berre gøy og var slett ikkje modig, seier forfattar og tidlegare yrkesdemonstrant Péter Zilahy om engasjementet sitt i dei austeuropeiske revolusjonane.

I 1998 gav den ungarske poeten Péter Zilahy ut boka med den smått absurde tittelen «Den siste vindussjiraffen». Boka og tittelen speler på ein barne-ABC som dei fleste ungarske barn i Zilahys generasjon kjenner, der dei ungarske orda for vindauge og sjiraff, utgjer fyrste og siste oppslagsord, alfabetets alfa og omega.

Zilahy vrei på denne barneboka, og laga sitt eige oppslagsverk, ei blanding av roman, ordbok og korttekst-samling, pedagogisk og oversiktleg ordna i alfabetisk rekkefølgje. Men der den opphavlege boka var ei doktrinær barnebok som skulle oppdra barna til lojalitet mot den sovjetiske staten, er Zilahys oppslagsverk snarare ein antiautoritær revolusjonsmanual:

– Den opphavlege boka kom i 1971 og var ei doktrinær barnebok med bilete av Lenin. Ho er i bruk den dag i dag, men er oppdatert og endra og er no utan bilete av Lenin. Mi bok er motsett, hovudpersonen er mot makt, boka handlar om fridom, om å leve mot eit diktatur med ein viss stoltheit og humoristisk sans, seier Zilahy.

Internasjonal suksess

Då Zilahy gav ut boka i 1998 blei det oppfatta som ei smal bokutgjeving, som neppe ville oppnå kommersiell suksess, og aldri bli omsett til noko framandspråk. Når han no er i Noreg ni år seinare for å lansere den norske omsetjinga, er det førebels omsetjing nummer 19, ifylgje forlaget.

Sjølv har han mist oversikten:

– Eg veit ikkje heilt, eg trur det er 18 eller 19 språk. I år kjem ho i alle fall ut i Kroatia, Slovenia, England og Noreg, seier Zilahy og rister oppgitt på hovudet over den endelause interessa.

Boka er sjølvbiografisk i den forstand at hovudpersonen heiter Péter, og til liks med Péter Zilahy er vaksen opp i Ungarn, og brukte ungdomstida si på å reise omkring i heile Aust-Europa for å delta i revolusjonane og oppstandane der på 1980- og 1990-talet:

Zilahy var noko så sjeldan som ein sjølverklært yrkesdemonstrant:

– Eg deltok i protestane i Tsjekkoslovakia, Aust-Tyskland, Polen, Romania og Jugoslavia. Eg var ein profesjonell demonstrant. Og ved å delta i så mange demonstrasjonar, lærte eg etter kvart mykje og hadde mange idear og hjelpte difor til ved dei ulike demonstrasjonane. Men eg var aldri nokon politisk aktivist, eg var ikkje tilknytt nokon politisk organisasjon, eg var med som privatperson. Boka mi spring ut av desse private erfaringane.

– Kvifor deltok du i alle desse demonstrasjonane?

– Det var spanande, både intellektuelt og for adrenalinnivået. Det var mykje action, og det var ei enorm kjensle av fridom og håp ved å sjå historia bli skapt.

Ikkje modig

Zilahy vektlegg heller gleda ved å delta i desse demonstrasjonane, enn den politiske betydninga:

– Det var ein veldig spanande måte å treffe nye folk på. På ein halv time kunne ein få ti nye vener. Folk var så glade, alt var tillate. Det høyrest litt patetisk ut, og det var litt patetisk. Eg hugsar ein gong eit par som pulte i eit vindauge, medan folkemengda såg opp og heia på dei, ler Zilahy.

Han oppfattar på ingen måte sin eigen innsats som heltemodig:

– Eg hadde det berre gøy og var slett ikkje modig. Klassekameratane mine deltok ikkje, fordi dei var redde, men eg meiner ein kunne sjå allereie den gongen at dette ikkje var farleg. Eg visste at systemet ville bryte saman.

– Men demonstrasjonane hadde då politiske konsekvensar?

– Nei, systema kollapsa av seg sjølve, ikkje fordi eg sloss på gata med politiet. Vi hjelpte berre til slik at det skjedde fortare. Og på 1990-talet blei alt verre igjen, alt handla om den nye kapitalismen, det var inga toleranse eller solidaritet mellom folk, alle ville berre bli rike og vestlege. Eg likte ikkje 90-talet.

Ukrainsk helt

Under den oransje revolusjonen i Ukraina 2004 blei Zilahys bok brukt som revolusjonsmal. Mellom opplysningane ein finn i boka, er det mange konkrete demonstrasjonstips og aksjonsidear som ukrainarane lét seg inspirere av.

– Boka mi blei kåra til årets bok i Ukraina, og dei brukte henne som ei slags handbok. Ho hadde nok ei viss innflyting under den oransje revolusjonen. Ein av dei politiske leiarane skreiv til meg at dei «levde boka» mi.

– Men sjølv drog du ikkje til Ukraina?

– Nei, det ville ha vore falskt, nærmast som katastrofeturisme. Eg villa ha blitt ein slags helt, og å kome til eit land som ei stjerne, er ikkje heilt min stil. Dessutan veit eg at revolusjonen berre er ein overgang, eg har vore gjennom det der.

Naivisme

Stilen i Zilahys ordbok er langt på veg naivistisk. Boka er krydra med sitat frå den opphavlege barneboka, små klassiske gullkorn som «Det motsatte av nei er ja» og «Den som går mot øst, har vest bak ryggen.»

Men naiviteten i Zilahys framstelling er ikkje tilgjord:

– På ein måte er boka naiv og likefram, men det er ikkje ein kunstig naivitet. Det er ei form for uskuld som eg ynskte å fange, sjiraffen er meint som eit bilete på det.

– Men er det ikkje eit generasjonsfenomen å snakke om alvorlege politiske spørsmål i ein naiv tone?

– Det er vel eigentleg ironien du sikter til då, eller den ironien som kjem til uttrykk i naiviteten. Men hos meg er dette ikkje ein kynisk eller kald form for ironi, det er ein emosjonell ironi. Då eg voks opp måtte vi snakke eit koda språk. Alt vi høyrde på tv og offisielle nyhende var løgn. Humor og ironi var viktig for å få fram sanninga. Dei store politiske kabaretane hadde enorm innverknad, seier Zilahy.

– Høyrde vi ei melding frå det sovjetiske nyhendebyrået TASS, visste vi alltid at det motsette var tilfelle. Vi snudde meldingane 180 grader.

Enno klarer ikkje Zilahy å late vere å sjå den absurde ironien i livet:

– Om nokon hadde sagt til meg, ein av gongene eg blei slått ned av ein politimann, at eg om 15 år ville sitje på ein ærverdig kafé i Noreg, og snakke med ein journalist frå ei avis som heitte Klassekampen, om dette, ville eg ha ledd godt, seier Zilahy.

Og ler.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT