
Til kamp for vestlege verdiar
Tirsdag 17. april, 2007
FAKTA
* Karen Jespersen er tidlegare sosialminister og innanriksminister i Danmark. Ho har nyleg meldt overgang frå Socialdemokraterne til Venstre.
* Ralf Pittelkow er politisk kommentator i Jyllands-Posten. Dei har saman skrive boka «Islamister og naivister. Et anklageskrift», på Kagge Forlag, oversatt av Dorthe E. Erichsen.
* I boka skildrar dei islamismen som eit totalitært trugsmål mot tradisjonelt vestlege fridomsverdiar.
* Politikarar og kommentatorar i Vesten som ikkje ser alvoret i dette trugsmålet, beteiknar forfattarene som naivistar.
LES MER
Karen Jespersen, dansk politiker.
Tidlegare sosialminister og innanriksminister i Danmark, Karen Jespersen, har i lag med ektemannen, politisk kommentator i Jyllands-Posten, Ralf Pittelkow, forfatta boka med den provoserande tittelen «Islamister og naivister. Et anklageskrift.»
Boka, som kom på norsk før helga, er eit forsvarsskrift for såkalla vestlege verdiar, og eit åtak på islamismen. Islamisme er, ifylgje forfattarane, ei radikal retning innanfor islam, som utgjer eit stigande trugsmål mot dei fridomsorienterte verdiane i Europa.
– Det er ein verdikamp, ikkje ein kamp mellom religionar og under ingen omstende ein kamp mellom folkegrupper. For meg gjeld det å stå opp for humanisme, rettferd og fridom, seier Karen Jespersen til Klassekampen.
Stått i ro
Karen Jespersens politiske karriere byrja som medlem i Venstresocialisterne. Deretter var ho ei kort tid i Socialistisk Folkeparti før ho melde seg inn i Socialdemokraterne, som ho blei folketingsrepresentant for i 1989. Ho var med nokre månaders avbrekk sosialminister i sju år, frå 1993 til 2000, og innanriksminister i nærmare to år etter det.
Det vakte difor oppstuss i Danmark då ho i fjor haust melde seg ut av Socialdemokraterne og kort tid seinare blei folketingskandidat for regjeringspartiet Venstre.
Men Jespersen avviser at det er innvandringsdebatten som har sendt henne til høgre på den politiske aksa. Ho er ikkje ein gong samd i at ho har flytta seg:
– Heilt grunnleggjande opplever ikkje eg at eg har flytta meg. Eg opplever at det er to grunnpilarar i det moderne samfunnet, velferdsstaten og dei liberale fridomsverdiane. Eg meiner at Venstre har tatt velferdsstaten til seg og erkjent at om ein skal sikre like moglegheiter for alle, må du ha ein sterk velferdsstat. Eg synest ikkje Socialdemokraterne i same grad har anerkjent dei liberale verdiane.
Vestlege verdiar
I boka blir demokrati, ytringsfridom og likestilling trekte fram som dei sentrale vestlege verdiane. Men Jespersen innrømmer at omgrepet «vestleg» er upresist:
– Dei vestlege verdiane er først og fremst fridomsverdiar, og dei blir kalla vestlege verdiar fordi dei i hovudsak finst her, som eit kjenneteikn ved den vestlege verda og den del av verda dom har vore gjennom ei opplysningstid.
– Så det ville ha vore meir presist å snakke om fridomsverdiar?
– Ja.
– Kva er dei viktigaste austlege verdiane då?
– Jo, altså du har alltid noko positivt ved alle kulturar og alle menneske. Men det vi ser, er at jo sterkare fridomsverdiane er, jo betre er samfunna. I 2001 laga FNs utviklingsprogram (UNDP) ein rapport der dei undersøkte kvifor det framleis er så mykje fattigdom i dei arabiske landa, og konkluderte med mangelen på fridomsverdiar som årsaka. Ein kan ikkje kome ut av fattigdom utan personleg fridom, likestilling, ytringsfridom og kritisk forsking, seier Jespersen.
Gråsone
Karen Jespersen og Ralf Pittelkow meiner det i dei europeiske landa finst ei stor gråsone av menneske med innvandrarbakgrunn, som korkje identifiserer seg eintydig med islamistane eller med demokratane. Om desse sjelene står den avgjerande ideologiske kampen i vår tid.
– Ein såg det tydeleg ved Muhammedteikningane i Danmark. I byrjinga var det knapt nokon som reagerte kraftig mot teikningane, men då islamistane byrja å køyre kritikken sin, kom det målingar som synte at den breie mellomgruppa var blitt meir kritisk. Det var eit illustrerande døme på korleis islamistane påverka denne mellomgruppa. Det har dei sjølvsagt rett til, men eg synest det var trist, og vil kjempe for å forsvare ytringsfridomen.
– Korleis trur du di eiga bok kan påverke denne mellomgruppa?
– Eg veit etter kontakt med innvandrarar med muslimsk bakgrunn, at det er mange som ynskjer å integrerast betre i Danmark, men er redde for islamistane. Islamistane er politiske ideologar, dei følgjer med på korleis den breie mellomgruppa orienterer seg, og her kjem vår bok inn som eit forsøk på å forklare desse mellomgruppene kva fridomsverdiane går ut på.
Jespersen håper òg boka kan ha ein opplysande funksjon overfor ikkje-muslimske lesarar:
– Det er utruleg viktig å få fram at islamistar og muslimar ikkje er det same. Vi må slutte å sjå på muslimane i Danmark som ei einsarta gruppe, og slutte å sjå på islamistane som representantar for denne gruppa.
Forverring
Jespersen og Pittelkow meiner islamistane har hatt ein markant framgang, både i dei muslimske landa og mellom muslimar i Europa dei siste tiåra.
– Det skjer mellom anna fordi reformrørslene i dei muslimske landa har mislukkast. Mange av desse var forbundne med korrupsjon og bestikkingar og lukkast ikkje i å avskaffe fattigdomen. Då stod islamistane klare med svaret, og svaret var det reine islam. I fortviling vende mange seg til desse, og dette har smitta over på mange av innvandrarane i Vesten, som har nær kontakt med heimlanda sine.
– Kan ikkje enkelte vestlege lands politikk, og til dømes Bushs krigføring i Irak og Afghanistan forklare fenomenet òg?
– Det er klart at det inngår i radikaliseringa, men om du ser på Frankrike og Tyskland som ikkje har vore med i desse krigane, så finn du ei like sterk islamisitisk radikalisering der. Ein kan ikkje seie at det er sjølve årsaka.
Fem tiltak
Jespersen og Pittelkow meiner ein strengare innvandringspolitikk er naudsynt for å stagge islamismen. Danmark innførte i 2002 ein strengare innvandringspolitikk. Allereie no kan ein sjå fruktene av tiltaka, meiner Jespersen:
– Fleire unge med innvandrarbakgrunn giftar seg med unge frå Danmark, fleire innvandrarar får seg arbeid og fleire innvandrarar opplyser i meiningsmålingar at dei ikkje føler seg diskriminerte. Den strenge innvandringspolitikken har gjeve rom for ein betre integreringspolitikk.
Likefullt meiner Jespersen at ein må vere på vakt overfor alle former for religiøse særkrav:
– Vi må vere kritiske overfor religiøse særkrav, for religiøse særkrav er islamistanes måte å motarbeide integrasjonen. Det er ei viktig side ved det moderne samfunnet at det er verdsleg.
– Protestane mot trykkinga av Muhammedteikningane var eit religiøst særkrav. Dei handla ikkje berre om at muslimane skulle ha lov til å leve etter Koranens reglar, men at danskar i Danmark skulle rette seg etter Koranens reglar. Slik sett var det ei skilsetjande hending.










