Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Fredag 13. april, 2007
– Er ikkje eit triks
IKKJE LIKE: ? Den største feilen kvinner gjer, er om dei trur dei kan bruke dei same strategiane overfor menn, som menn bruker mot dei, meiner Berit Ås etter å ha lese den nye boka om hersketeknikkar. Foto: rebekka westgaard

– Er ikkje eit triks

Fredag 13. april, 2007

FAKTA

* Hilde Sandvik og Jon Risdal er aktuelle med boka «Hersketeknikk. En slags håndbok», ei forsøksvis oppdatering av Berit Ås sin klassiske hersketeknikkanalyse.

* Dei to forfattarane har utvida lista over hersketeknikkar, og vil og delvis avkjønne tematikken.

LES MER

«Framleis er det slik at menn har meir makt enn kvinner»
kristin førde, fett
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Hersketeknikkane er ikkje triks som alle kan lære seg. Kvinner kan ikkje utan vidare ta igjen med dei same teknikkane, meiner Berit Ås, opphavskvinna bak hersketeknikkbegrepet.

I går skreiv Klassekampen om boka «Hersketeknikk. En slags håndbok», forfatta av Hilde Sandvik og Jon Risdal. Boka er ei forsøksvis oppdatering av Berit Ås sin klassiske hersketeknikkanalyse, nærare 30 år seinare. Men der Ås opererte med fem overordna hersketeknikkar og fokuserte på menns hersketeknikkar overfor kvinner, har dei to forfattarane vald å utvide lista betrakteleg og å avkjønne tematikken:

– Det har gått lang tid sidan Berit Ås si bok kom, mykje har forandra seg, ikkje minst i forhold til kjønnsperspektivet ved at mange fleire kvinner i dag har tatt menns tradisjonelle posisjonar, sa forfattar Jon Risdal i gårsdagens Klassekampen.

Berit Ås har ikkje vore involvert i arbeidet med den nye boka, og hadde ikkje ein gong høyrd om henne før fagtidsskriftet Prosa bad Berit Ås melde boka. Men ho er glad for ei ny bok om emnet, sjølv om ho ikkje er samd i alle analysane:

– Denne boka gjer veldig mykje bra fordi ho set lys på hersketeknikkane i alle slags fasongar, men forfattarane gjer nokre feil, til dømes ved å snakke om kvinners hersketeknikkar overfor menn. Den største feilen kvinner gjer, er om dei trur dei kan bruke dei same strategiane overfor menn, som menn bruker mot dei.

Ikkje læring

– Når kvinner er sinte på menn er dei «uhøflege» og «aggressive», medan menn som er sinte på kvinner er «sterke», og berre seier klart ifrå om kvar dei står, seier Ås.

Berit Ås trudde sjølv ei tid at ho som kvinne kunne nytte dei same hersketeknikkane attende som ho blei utsett for sjølv, men innsåg at ho hadde tatt feil:

– Eg skjønte etter kvart at det var fordi eg var akademikar og hadde høg status at eg kunne bruke desse teknikkane. Då eg reiste rundt i verda, skjønte eg kor djupt forankra dette fenomenet var i språkkulturen.

Særskild lèt Ås seg provosere av den vesle kommentaren som Sandvik og Risdal har late opne boka: «Takk til dere som lærte oss triksa.»

– Det er ikkje triks, som alle kan lære seg. Ei underordna gruppe kan ikkje bruke dei same triksa overfor ei overordna gruppe. Kontordamer som blir klypte bak, kan ikkje berre klype Røkke og Fredriksen på enden.

Empiri

Til liks med Sandvik og Risdal bygde òg Ås på eit omfattande empirisk materiale då ho skreiv boka si.

– Menn brukar hersketeknikkar overfor menn, menn bruker hersketeknikkar overfor kvinner og kvite bruker hersketeknikkar overfor svarte. Dette er ganske komplekst. Det eg valde å fokusere på, var det eine som eg såg i alle land eg var, frå Tibet til Kenya til USA og Kina, nemleg at innan alle kulturar dreiv menn med hersketeknikkar overfor kvinnene.

Berit Ås registrerte at det var store likskapar mellom korleis menn brukte hersketeknikkar overfor kvinnene, og samla desse strategiane under dei fem hersketeknikkane usynleggjering, latterleggjering, tilbakehalding av informasjon, dobbeltstraff og påføring av skuld og skam.

Sandvik og Risdal har derimot utvida lista til eit mykje større repertoar av teknikkar og hersketypar.

– Eg valde å operere med fem hersketeknikkar på grunnlag av ein innhaldsanalyse av alle døma mine. Dei som blir tråkka på, er ofte ikkje så fagleg utdanna og trena i abstrakt tenking, og av pedagogiske omsyn er det viktig å kunne dekke dei fleste hersketeknikkane med få grep, formulert i eit enkelt språk.

– Eg førelas mellom anna for fysisk og psykisk funksjonshemma personar, og desse opplevde analysane som veldig treffande. Slikt skjer med oss heile tida, fortalde dei. Det er viktig å nå fram til offera.

Enno kjønnsdimensjon

Kristin Engh Førde, redaktør i feministtidsskriftet Fett, meiner òg at kjønnsdimensjonen framleis bør vere ein del av hersketeknikkdebatten:

– Hersketeknikkane siktar ikkje berre til utøving av makt i kjønnsrelasjonar, slik sett er eg samd med dei to forfattarane. Men fenomenet har framleis ein kjønnsdimensjon ved seg. Framleis er det slik at menn har meir makt enn kvinner, og det vil difor ofte vere snakk om mannlege hersketeknikkar, seier Førde.

– Fryktar du ei utvatning av hersketeknikkomgrepet, om lista blir for lang ?

– Som feministisk analyse har det vore kjempeviktig at ein har halde seg til fem teknikkar, at ein har kunna lære seg dei og kunna namngje dei. Men det blir sjølvsagt for snevert om det ikkje skal vere mogleg å snakke om meir enn fem hersketeknikkar, seier Førde, som sjølv har rik erfaring frå praktisk bruk av Ås sine teoriar, mellom anna gjennom «Sett grenser»-kampanjen mot seksuell trakassering i skulen:

– Berit Ås har hatt stor betydning, ikkje berre i Noreg, men òg utanfor. I forhold til ein personleg frigjeringsstrategi leverte ho noko utruleg viktig, avsluttar Førde.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT