Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 12. april, 2007
Hersketeknikkanes ABC
HERSKING: Hersketeknikkar førekjem ikkje berre i politikken, men i dei fleste mellommenneskelege relasjonar, syner Hilde Sandvik og Jon Risdal i ei ny bok. Illustrasjon: Per Dybvig, frå boka.

Hersketeknikkanes ABC

Torsdag 12. april, 2007

FAKTA

* Begrepet «hersketeknikk» stammar frå sosialpsykolog og tidlegare SV-leiar Berit Ås si bok «Kvinner i alle land… Håndbok i frigjøring», som kom ut i 1981.

* «Å identifisere hersketeknikkene, deres opphav og intensjon er en del av kvinnenes frigjøringskamp,» skreiv Ås i innleiinga.

* Ås definerte fem hersketeknikkar: usynleggjering, latterleggjering, tilbakehalding av informasjon, dobbeltstraff og påføring av skuld og skam.

* Hilde Sandvik og Jon Risdal kjem no med boka «Hersketeknikk. En slags håndbok», ein oppdatert analyse og tipsbok om hersketeknikkar.

* Hilde Sandvik er debattredaktør i Bergens Tidende, Jon Risdal er redaktør i Det Norske Samlaget.

LES MER

«Det er ille å seie det, men vi har nok vore heldige med timinga»
Jon Risdal
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Hersketeknikkar kjem aldri til å forsvinne, poenget er at vi må lære oss å rasjonalisere ubehaget, meiner Hilde Sandvik og Jon Risdal, aktuell med ei slags handbok om hersketeknikkar.

Sidan Berit Ås i 1981 gav ut boka «Kvinner i alle land … Håndbok i frigjøring» har omgrepet hersketeknikk vore eit ord i det norske språket. Ås definerte dei fem hersketeknikkane usynleggjering, latterleggjering, tilbakehalding av informasjon, dobbeltstraff og påføring av skuld og skam. I Danmark fekk Ås æresdoktorgrad for arbeidet, og eit undervisningsmateriale om hersketeknikkane er omsett til tolv språk.

No følgjer debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, og redaktør i Det Norske Samlaget, Jon Risdal, i Ås sine fotspor og gjev ut ein oppdatert versjon i boka «Hersketeknikk. En slags håndbok.».

– Det har gått lang tid sidan Berit Ås si bok kom, mykje har forandra seg, ikkje minst i forhold til kjønnsperspektivet ved at mange fleire kvinner i dag har tatt menns tradisjonelle posisjonar, forklarer Risdal.

– «Tatt», spør Sandvik og ler godt av medforfattarens ufrivillige hersketeknikk.

Utvida perspektiv

Det har vore ein ambisjon for dei to forfattarane å utvide bruksområdet for den tradisjonelle analysen av hersketeknikkar.

– Dei fem hersketeknikkane til Berit Ås er blitt ein politisk reiskap, men ein høyrer sjeldan om dei i andre samanhengar, seier Sandvik.

I den nye boka er dei fleste døma ikkje frå organisasjonslivet og det politiske feltet, men frå jobb- og kvardagssamanheng.

– Har det vore eit poeng å avkjønne hersketeknikkane?

– Ja, vi ville utvide perspektivet, men kjønnsdimensjonen er enno tilstades, seier Risdal.

– Sjølv om det er fleire kvinner i leiande stillingar og i politikken i dag enn då Berit Ås skreiv boka si, vil mange framleis hevde at vi lever i eit patriarkalsk samfunn, supplerer Sandvik.

Men Sandvik og Risdal trur ikkje på kritikk frå feministisk hald for at dei utvidar bruksområdet til den tradisjonelle analysen av mannlege hersketeknikkar:

– Dette har vore på gli lenge. Vi er ikkje ferdige med å sjå på menns hersketeknikkar overfor kvinner, men ein må samstundes tørre å sjå kritisk på seg sjølv. Å seie at ein sjølv er fritatt for hersketeknikkar, blir ganske naivt, seier Sandvik.

Fryktar utvatning

Sandvik og Risdal har eit mykje breiare perspektiv enn Berit Ås hadde. Der Ås samla all trakassering under fem hersketeknikkar, opererer Sandvik og Risdal med ei lang ordliste av ulike teknikkar og hersketypar.

– Er det ikkje ei fare for å utvatne omgrepet ved å utvide det?

– Retorisk og pedagogisk er det ekstremt fint å ha fem teknikkar, slik Berit Ås har, og vi kunne godt ha sortert ned til færre teknikkar, til dømes ti. Men då ville vi ikkje ha fått sagt alt vi ynskte å seie, om maktutøving generelt og maktstrukturar i endring, seier Sandvik.

– Eg ser at vi kan bli tatt for å utvatne omgrepet, men det har òg med formatet å gjere. Dette er ei popularisering, og vi ynskte å gå breitt ut, seier Risdal.

Gjenkjenning

Berit Ås si bok resulterte i undervisningsopplegg og inspirerte eit utal bøllekurs for jenter.

– Korleis kan denne boka brukast?

– Målet er gjenkjenninga, at lesarane skal kjenne igjen situasjonane og lære seg å identifisere hersketeknikkane når dei blir utsette for dei. Vi håper boka kan bli eit middel til at folk blir modigare, til at dei tar for seg dei som utøvar hersketeknikkar, på ein ordentleg måte vel å merke. Ein må lære seg å gå inn i dei konkrete situasjonane og sjå på kva som eigentleg hende, seier Risdal.

– Ein skilnad frå Ås sitt prosjekt er at ho meinte at om ein berre fekk sett namn på fenomenet, så ville det forsvinne. Det trur ikkje vi, tvert om ser vi at det dukkar opp stadig nye hersketeknikkar, seier Sandvik.

Sjølvhjelpsbok

Dei to forfattarane er kritiske til den generelle individualiseringa, til sjølvhjelpsindustrien, og tendensen til at vi alle er våre eigne lukkers smedar. Paradoksalt nok, kan boka deira likevel lesast som ei sjølvhjelpsbok til å meistre hersketeknikkar.

– Ja, på eit vis kan ho vel det, innrømmer Risdal.

– Men prosjektet er meir deskriptivt enn ei tradisjonell sjølvhjelpsbok, vi ynskjer å skildre eit samfunn i endring. Vonleg vil denne skildringa ha relevans for folk. Vi må ta på alvor at uhyre mange norske arbeidstakarar er sjukmelde, og vi må ta på alvor den uroa mange opplever i det nye arbeidslivet. Det er bra om folk blir betre på å rekonstruere kva som eigentleg hender når dei blir utsette for ein hersketeknikk, seier Sandvik.

Men ingen av dei trur at vi nokon gong kan bli kvitt hersketeknikkane:

– Hersketeknikkar kjem aldri til å forsvinne, poenget er at vi må lære oss å rasjonalisere ubehaget, å ta vekk klumpen i magen. Og i seg sjølv treng ikkje hersketeknikkar å vere av det vonde, stundom kan det vere nødvendig. Men vi må ikkje gløyme at dei òg blir brukte til å halde menneske nede, seier Sandvik.

Og etter vinterens mediekjør om trakassering og hersketeknikkar i LO-systemet, møter dei to forfattarane ei enorm interesse for boka. Klassekampen rekk knapt å snappe dei to forfattarane mellom Frukost-TV og nettprat med Aftenpostens lesarar.

– Det er ille å seie det, men vi har nok vore heldige med timinga, seier Risdal.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT