Tvil
- Advokatane Tor A. Fusdahl og Jan Tennøe har i fagbladet Juristkontakt retta sterk kritikk mot den offentlege Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, slik Klassekampen fortalde før påske. Tennøe meiner at grunngjevinga for å avvise gjenopptaking av Torgersen-saka var så uhaldbar at den brakte skam over kommisjonen, heller enn å grunngje at Fredrik Fasting Torgersen er skuldig i drapet han vart dømt for i 1958. Fusdahl meiner kommisjonen har for stor lojalitet til Høgsteretts tidlegare avgjerder, og at lovgrunnlaget kommisjonen arbeider etter gjer at altfor få saker blir gjenopptatt.
- Kritikken frå dei to advokatane får VG til å reagere med sin tradisjonelle, systemlojale betrevitarmine. I VGs augo er det ingenting å utsetje på kommisjonens arbeid, og slett ikkje på avgjerda i Torgersen-saka. Her er konklusjonen ifølge VGs leiarskribent «så godt underbygd at det forundrer oss at Torgersens våpendragere har mage til å filleriste kommisjonen slik de forsøker å gjøre. Vårt råd til dem er at de heretter bør gå litt stillere i dørene». Rådet bør sendast i retur. Ein kan ikkje avfeie Fusdahl og Tennøe som «Torgersens våpendragere», slik klassisk hersketeknikk går ut på. Ingen av dei har jobba for Torgersen eller tilhøyrer kretsen av hans støttespelarar. Men verre er det at VG avviser kritikken utan å gå inn på innhaldet i han. «Når opinionen (inkludert massemedia) synes å være fornøyd med avgjørelsen, må det skyldes at man ikke har satt seg inn i det som står der», skriv Tennøe. Alt tyder på at dette også råkar VG.
- Om det skulle vera nokon tvil om at dommen mot Torgersen var riktig, «er den hvert fall ikke stor nok til at det er grunnlag for gjenopptakelse», meiner VG. Større er altså ikkje respekten for rettsstatens grunnprinsipp om at tvilen skal komme tiltalte til gode, når det står om prestisjen til politiet, påtalemakta og rettsapparatet gjennom 50 år. Ei rekkje sakkunnige har slått fast at dei tekniske bevisa mot Torgersen i 1958 er verdilause. Tennøe konkluderer med at kommisjonen held fast på Torgersens skuld på grunnlag av andre bevis enn dei som var avgjerande i 1958. Ei kritisk presse burde gå så alvorlege påstandar etter i saumane, i staden for å refse bodbringaren.











