Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Onsdag 4. april, 2007
Kvardag utan kontroll
KVARDAG: Mykje er usikkert i kvardagen, som i stor grad er bestemte av slump. Det er naturleg, men mange ynskjer i dag totalkontroll, meiner filosofen Jon Hellesnes. foto: karin haugen

Kvardag utan kontroll

Onsdag 4. april, 2007

FAKTA

* Er professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø.

* Arbeider mellom anna med praktisk filosofi, sosialfilosofi og filosofiens historie.

* Er ein produktiv essayist og kom i 2004 med essaysamlinga Illusjon? og i 2002 med samlinga Maska bak andletet.

LES MER

«Det er mykje viktig i tilværet, som er skjult bak sin karakter av å vere sjølvsagt og naturleg»
Jon Hellesnes, filosof
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Det går an å leve i kvardagen òg, meiner Jon Hellesnes som har skrive bok om slumpen og det tilfeldige sin plass i menneskelivet.

Filosofiprofessor ved Universitet i Tromsø Jon Hellesnes har lenge vore rekna som ein av våre fremste essayistar. Men i boka «Om livstolking», som kjem frå Samlaget i desse dagar, tek han sjangeren eit skritt vidare og publiserer det som snarare er filosofiske petitar enn tradisjonelle essay. Fleire av tekstane har jamvel stått på trykk som petitar i denne avisa.

Og den tematiske spennvidda går utanom det meste ein kan forvente å finne i ei filosofibok; det handlar om rautande snorking på sørgåande hurtigrute, hattestelande apekattar og sementstøyping på Island.

– Får du sagt noko anna i denne forma, som du elles ikkje får sagt?

– Ja, det gjer eg. Det er ei gamal innsikt at det er mykje viktig i tilværet, som er skjult bak sin karakter av å vere sjølvsagt, naturleg og trivielt. Og for å gjere merksam på det, er det naudsynt med visse retoriske grep. Det er ein del ting her, som viss dei hadde blitt sagt i dagleglivet ville ha framstått som heilt trivielle, medan dei eigentleg er forferdeleg viktige, seier Hellesnes.

Kvardagserfaringar

Det viktige Hellesnes ynskjer å grave fram frå kvardagserfaringane våre, er i kor overveldande grad våre menneskelege vilkår er bestemte av slump. Hellesnes meiner det moderne mennesket vegrar seg for å ta innover seg denne innsikta:

– Denne vegringa kjem tydeleg fram til dømes ved større ulukker, der tv-journalistane blir opprørte og finn seg ein kommunal funksjonær eller minister og intervjuar denne i ein hysterisk refsande tone som om dei har funne den skuldige.

Han meiner denne påfallande åtferda skuldast at ein trur at nesten alt ligg innanfor menneskeleg makt og at alle problem skal kunne løysast, særleg av andre, det vil seie politi, styresmakter eller helsevesen.

– Ein vil ikkje lenger akseptere noko som eit hendeleg uhell, i staden blir alt tolka som eit vitnemål om ein kritikkverdig mangel ved dei administrative rutinane og sikringstiltaka, seier Hellesnes.

Og under den journalistiske standardreaksjonen meiner Hellesnes å finne spor av ein farleg ideologi:

– Under dette ligg ein av dei verste ideologiane i moderniteten: ein teknokratisk og totalitær idé om totalkontroll og absolutt tryggleik. Ein ser det hos folkelege demagogar som vil ha fleire vektarfirma, meir overvaking og hyppigare helsekontroll av friske. I og med at tilstanden aldri kan bli sikker nok, blir marknaden umetteleg.

Meining og flaks

Hellesnes viser gjennom eitt av døma i boka, korleis vi gjerne karakteriserer tilfeldige dødsfall som meiningslause, medan vi aldri seier det same om den som like tilfeldig overlever eit uhell ved hjelp av tilfelle og slump. Vi kan ikkje seie at nokon overlevde på ein meiningslaus måte.

– Kvifor har vi denne asymmetrien?

– Det er nok restar av den førmoderne tenkemåten der alt i tilværet var styrt av eit forsyn. Men eg uttalar meg ikkje om det, eg prøver ikkje å sannsynleggjere nokon hypotese om korleis tenkemåtar er komne inn i verda, eg berre konstaterer at dei finst. Eg forheld meg til verksame tenkemåtar, eller delar av tenkemåtar som ein støyter på i dag.

Hellesnes meiner det er eit samband mellom modernitetens uvilje mot å akseptere det tilfeldige og den overdrivne trua på at mennesket kan endre seg:

– Både marknadsliberalismen og postmodernismen på den eine sida og tradisjonelle marxistisk-leninistiske idear på den andre, legg til grunn at mennesket kan endre seg grenselaust. Båe gir overdrivne førestellingar om den menneskelege evna til å skape eller omskape seg sjølv. Og motivasjonen bak er truleg ein slags rettferdssans, utrustinga er jo alt anna enn likeleg fordelt.

– Har du dimed eit meir pessimistisk menneskesyn?

– Nei, slett ikkje. Det ligg ingen pessimisme i posisjonen min, tvert om kan det vere frigjerande å kvitte seg med overspente idear om perfeksjon.

Han meiner ikkje at det er umogleg å forandre seg, men at det er eit vanskeleg og tungt prosjekt, og framhevar heller dei antikke livsførselsfilosofane som han meiner hadde realistiske oppfatningar om kor vanskeleg det var.

Meining i livet

Ifølgje Hellesnes går det ei skeptisk linje i filosofien frå Pyrrhon frå Elis til Michel de Montaigne, ei retning han sjølv identifiserer seg med og som folkeleg kan oppsummerast med Olav H. Hauges ord: «det gjeng an å leve i kvardagen òg».

– Det dreier seg om å finne ein balanse mellom kontigensfilosofi, skepsis og kritisk rasjonalisme. Det handlar om å finne seg til rette i ei verd der mangt kan gå gale og mykje er usikkert.

Men sjølv om tilværet er prega av slump, vil ikkje Hellesnes avskjere alt snakk om meining:

– Ein distinksjon eg legg til grunn er skiljet mellom meininga med livet og meininga i livet. Når folk snakkar om meininga med livet, ligg det underforstått ei forventing om ein meiningsfull kosmologi, at det skal vere ei meining med det heile.

Han seier at meininga i livet har ikkje nokon slik føresetnad.

– Det er noko Garborg uttrykker fint i Den burtkomne faderen: «Daarane spyrr kvifor dei er til, og Dagtjuvane vil vita Meiningi med Live. Men ingin fær Svar utan den som spyrr rett, og den spyrr rett som segjer: korleis skal eg faa Meining i mitt Liv?»

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT