
Estiske kvinner ber tungt
Tirsdag 3. april, 2007
FAKTA
* Suzanne Stiver Lie er professor emirita ved Universitetet i Oslo og aktuell som redaktør for boka «Carrying Linda's Stones. An Anthology of Estonian Women's Life Stories» (Tallinn University Press 2006)
* Ho fortel om estiske kvinneskjebner. I tillegg til femten kvinnehistorier innheld boka også kapittel om estisk historie og analysekapittel om korleis kjønnsrollene har utvikla seg i ulike periodar.
* Stiver Lie har hatt med seg Lynda Malik, Ilvi Jõe-Cannon og Rutt Hinrikus i arbeidet med boka.
* 1918: Estland vart ein sjølvstendig republikk.
* 1940: Sovjet okkuperte dei tre baltiske landa.
* 1941–1944: Okkupert av Tyskland.
* 1944: Ny sovjetisk okkupasjon.
* 1991, 20.august: Estland igjen sjølvstendig.
LES MER
Suzanne Stiver Lie, professor
«Eg lærte å vera redd fly fordi dei sleppte bomber, og redd tog fordi dei tok folk vekk.» Slik skildrar den yngste av forfattarane i ein ny antologi om estiske kvinners liv eit lite barns oppleving av den andre verdskrigen.
Vaksne og barn i Estland kunne ha grunn til å vera redde for tog, også etter krigen: I mars 1949 gjekk den andre runden med deportasjonar til Sovjet føre seg. Felles for dei tre baltiske landa Lituaen, Latvia og Estland er at dei vart okkuperte på same dag, deportasjonane skjedde på same tid, og alle tre landa mista om lag ein tredel av innbyggjarane sine i løpet av eit tiår.
– Eg tenkte det var viktig å gjera estiske kvinners historier og erfaringar tilgjengelege for eit engelsktalande publikum, seier Suzanne Stiver Lie, professor emerita ved Universitetet i Oslo til Klassekampen.
Ho har skrive fleire kapittel i «Carrying Linda's Stones» og vore med på å redigera den. Sitt første møte med dei baltiske landa hadde ho i 1992, da ho som den første utanlandske forskaren heldt førelesingar om kvinne- og kjønnsforsking i Vilnius. Frå 1995 var Lie sjølv busett i Tallinn, og engasjerte seg i oppbygging av eit senter for kvinneforsking der.
Etter å ha lese ein upublisert artikkel av Ilvi Jõe-Cannon, ei forteljing om ein familie som slapp unna deportasjon til Sibir fordi dei ikkje var heime den junikvelden i 1941 da om lag 10.000 estiske menn, kvinner og barn vart henta og plasserte i krøttervogner, fekk ho ideen til antologien om estiske kvinner.
Det første opplaget på 1000 eksemplar er alt utseld – eit nytt er snart klart.
«Sosialt farleg element»
Blant dei deporterte som fortel si historie, er Helgi-Alice Päts, svigerdotter til den tidlegare presidenten i Estland. Ho vart først deportert i lag med familien i juli 1940, da hadde ho to søner på sju og fire år. Eit år seinare, medan dei var i Ufa i Sovjet, kom representantar for NKVD (seinare KGB) og henta svigerfaren og mannen hennar. Dei kom aldri tilbake. Seinare vart gutane plasserte i ulike barneheimar, medan ho vart fengsla, med merkelappen «sosialt farleg element». I juni 1946 vart ho sett fri, og etter ei lang reise kunne ho møte att den eldste sonen, som da hadde blitt tretten år. Den yngste var ikkje lenger i live. Han hadde vore i ein barneheim der barneheimsstyraren hadde selt det meste av maten som ungane skulle ha på svartebørs. Det vart ikkje oppdaga før ungane tok til å døy av svolt.
Vel tilbake i Estland utdanna ho seg som sjukepleiar. 8. mars 1950 vart ho kalt inn til NKVD og arrestert. I november same året vart ho sendt til Kazakhstan, og fekk vita at der skulle ho vera i ti år. Da Stalin døydde i 1953, vart forvising redusert til fem år. I 1955 var ho tilbake i Estland.
Ulike liv
Lie minner om at dei fleste livshistoriene som har vore publiserte etter andre verdskrigen, har handla om menn. Dei har hatt ein tendens til å leggja mest vekt på sin eigen kamp for å halda seg i live.
– Kvinners og menns liv i denne perioden vart svært ulike. Kvinnene hadde for ein stor del ikkje berre seg sjølve, men også familien å ta hand om, og det under svært vanskelege forhold, seier professoren.
I utvalet av historier vart det lagt vekt på å finna representative historier som ikkje berre fortel om oppsplitting av familiar, men også om korleis det vart utvikla nettverk og solidaritet, både heime og i utlandet. Desse nettverka vart for ein stor del både skapt og vedlikehaldne av kvinner. Kjønnsrollene og ideologiane frå fredstida vart tilpassa, slik at det kunne byggjast fellesskap som kunne gi omsorg, spesielt for barn, sjuke og eldre.
– Vi har lagt vekt på å få med historier frå ulike sosiale klasser og frå ulike delar av landet, og både by og bygd, kvinner med og utan utdanning, seier Lie.
Dei aller fleste historiene er henta frå innsamla arkivmateriale av folks eigne forteljingar – frå dei som vart verande i heimlandet til dei som vart deporterte og dei som flykta vestover.
Likskapsidol
Ei av dei kvinnene som korkje flykta eller vart deportert, Elmiine Otsman fødd i 1924, var dotter av estiske foreldre som budde på sovjetisk side av grensa. Kollektiviseringa av jordbruket frå 1931 tvinga dei til å flytta frå den jorda dei hadde dyrka, og til ein landsby. Frå ho var 16 var ho bestemt på å bli traktorkøyrar, og lærde seg både å køyra og å reparera traktorar. Da ho fekk ein billett til Estland i 1945, starta eit nytt liv. Ho hadde nesten gløymt morsmålet, og hadde ingen kjende i Estland. Med ulike jobbar og ingen fast stad å bu, var det eit strevsamt liv. Men våren 1948 bestemte ho seg for å kontakta sentralkomiteen i det kommunistiske partiet, og fekk samtykke til å ta kurs på ein traktorstasjon. Ho omtalar denne våren som starten på det verkelege livet. Noko av det beste var når ho kunne køyra ein liten «Fordson»-traktor og pløya estisk jord. Å komma vekk frå byen var lykke, dette arbeidet gav både tårer og latter, men var aldri keisamt. Ho vart sett på som ei sovjetisk stjerne, og eit likskapsidol for estis
ke kvinner.
– For meg var det eit poeng å få fram samanhengen mellom dei individuelle opplevingane med den nasjonale historia, seier Lie.










