Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Not_categorized
Mandag 17. januar, 2005

– SV må på banen

Mandag 17. januar, 2005

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Vi kan ikkje overlata banen til andre parti i ei så stor sak. Eg skulle ynskja at SV markerte eit syn til venstre for Ap i pensjonsdebatten, seier Per Østvold.– Vi kan ikkje overlata banen til andre parti i ei så stor sak. Eg skulle ynskja at SV markerte eit syn til venstre for Ap i pensjonsdebatten, seier Per Østvold.

Per Østvold er utålmodig. I LO Aktuelt skriv leiaren for Transportarbeidarforbundet at det er «oppsiktsvekkende» at Gerd-Liv Valla «stiller seg bak de to viktigste innsparingsforslagene» til Pensjonskommisjonen. Dette har LO-leiar Valla gjort som medlem av Aps programkomite. Østvold viser til at LO sjølv har rekna ut at forslaget frå Pensjonskommisjonen kan føra til at pensjonen fell til 50 og kanskje heilt ned mot 40 prosent av lønna for gjennomsnittlege inntekter. «I så fall får vi et nivå som er like dårlig som i USA og Storbritannia», skriv Østvold. Han kritiserer Valla og Aps programkomite, og skryt heller ikkje av SVs representant i Pensjonskomiteen, Henriette Westhrin: «Både Aps og SVs representanter i PK har dumma seg ut», meiner Østvold, som sjølv er SV-ar. No vil han ha partiet sitt på banen i pensjonskampen. – Må på banen– Det er ingen grunn til å venta. Vi kan ikkje overlata banen til andre parti i ei så stor sak. Eg skulle ynskja at SV markerte eit syn til venstre for Ap, som går inn for store nedskjeringar, seier Østvold til Klassekampen. Partileiar Kristin Halvorsen har vore lite aktiv i pensjonsdebatten. Klassekampen har søkt i arkiva til Adresseavisen, Aftenposten, Bergens Tidende, Dagsavisen, Dagbladet, Dagens Næringsliv og NTB. Generelt er Kristin Halvorsen nemnt i 64 prosent så mange saker som Ap-leiar Jens Stoltenberg. I saker der «pensjonsreform» er omtalt, er frekvensen til Halvorsen 31 prosent av Stoltenberg sin. SVs finanspolitiske talsmann, nestleiar Øystein Djupedal, har nesten ingen treff. Denne omtrentlege undersøkinga indikerer at Halvorsen er omlag halvparten så aktiv som Stoltenberg i pensjonskampen. Per Østvold håper på ein betre balanse framover. – Andre er på banen heile tida og meiner noko. SV har ikkje teke standpunkt. Men det må partiet gjera når saka no kjem opp i landsstyret. Det er ingen grunn til å venta til landsmøtet, seier Østvold. Landsstyret har møte 11. til 13. februar. Fundamentalt usamdI Pensjonskommisjonen foreslo SVs Henriette Westhrin ei anna fordeling enn modellen til fleirtalet. Men ho gjekk inn for like stor nedskjering i folketrygda som representantane frå Ap og høgresida. Østvold uttaler at han er «fundamentalt usamd» med Westhrin på dette punktet. Østvold argumenterer i tråd med LO, som meiner kutt i folketrygda ikkje vil redusera samfunnets utgifter til pensjon, men føra til ei forskyving frå offentlege, felles ordningar til privat pensjonsforsikring. Forbundsleiaren meiner ambisjonane om regjeringssamarbeid legg ein dempar på SV-leiinga sin vilje til politisk konfrontasjon med Ap. – Ap og SV søker forståeleg nok å koma til semje i alle store spørsmål, kommenterer han. Men partiet bør ta prinsippielt standpunkt mot kutt i folketrygda og vedta at saka ikkje skal opp i Stortinget før etter valet til hausten. Vanskelege mindre spørsmål som «besteårsregelen» kan trengja meir debatt før SV tek stilling, meiner forbundsleiaren. Men partiet må ta stilling til dei store spørsmåla no: – SV vil setja Ap i ein vanskeleg situasjon dersom partiet set ned foten no i denne saka. Og det tykkjer eg godt vi kan tillata oss å gjera. @sitat:«SV har ikkje teke standpunkt. Men det må partiet gjera når saka no kjem opp i landsstyret»per østvold@

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT