Ført opp på «dødsliste»
Mandag 17. januar, 2005
Den verdskjente systemkritikaren Walden Bello er truga på livet av filippinske maoistar, påstår Focus on the Global South (Focus). Focus er eit systemkritisk forskingsinstitutt i Bangkok som Bello er leiar for. Frå midten av desember har knallharde skuldingar hagla mellom Walden Bello og Communist Party of the Philippines (CPP), som i 35 år har ført geriljakrig mot regjeringane på Filippinane. Den knallharde striden blussa opp med desemberutgåva av CPPs publikasjon Ang Bayan («Folket»). Der presenterer partiet ei liste over «Band mellom kontrarevolusjonære grupper, trotskistar og sosialdemokratar». For fyrste gong har Bello fått plass på ei offisiell CPP-liste over «kontrarevolusjonære», i lag med 14 andre. Arturo Tabara, som tidlegare var medlem av politbyrået i CPP sto på samme liste. Etter at han braut med partigrunnleggjar Jose Maria Sison og i 1998 danna eit konkurrerande parti, vart han fordømt som «forrædar mot revolusjonen». 26. september i fjor vart Tabara skoten og drepen. I oktober-utgåva av CPPs offisielle organ Ang Bayan vedgjekk partiet at det stod bak drapet og skulda Tabara for ran, kidnapping og brot på menneskerettane. Fleire andre venstreaktivistar er også blitt drepne av CPP dei siste fire åra. Derfor blir namnelista frå partiet oppfatta som ei dødsliste. «Dødstrugsmålet mot Walden og andre som er peika ut som kontrarevolusjonære er høgst verkeleg og kan ikkje ignorerast», skriv Focus i eit brev som vart signert sist laurdag. Dette blir no distribuert via e-postlister, og Focus oppmodar organisasjonar og nettverk verda over til å fordømma «slike trugsmål og handlingar i sterkast moglege ordelag».Venstre-fascismeWalden Bello høyrer til partiet Akbayan, som slåst for «fredeleg reform». Sentralstyret i Akbayan meiner CPP «sklir mot venstre-fascisme» og har tatt «eit langt sprang framover mot rein og skjær galskap». Partiet har lansert ei veritabel kampanje mot maoistane. I eit brev frå 16. desember, på 36-årsdagen for opprettinga av CPP, skriv Walden Bello og Akbayans kongress-representant Loretta Rosales direkte til CPPs grunnleggjar og ideolog Jose Maria Sison. Dei viser til at fleire av personane på lista over «kontrarevolusjonære» er tekne av dage og at Akbayan-leiaren Ricardo Reyes no er jaga av CPP og partiet si militære grein New People's Army (NPA), og derfor tvinga til å leva i skjul, hevdar Focus. «Tyder dette at du har tenkt å drepa oss ein etter ein», spør Bello og Rosales i brevet til Sison. Bello og Rosales er ikkje i tvil om alvoret i situasjonen: Å bli stempla som «kontrarevolusjonær» av CPP «er i praksis ein dødsdom, der det einaste spørsmålet som står att er tid og stad for når partiet vil gjennomføra dommen» skriv dei i eit brev frå 28. desember. Dei hevdar at «CPP har degenerert til ei fundamentalistisk sekt av Al-Qaida-typen». «Herr Sison og CPP er fossil som sit fast i gjørma frå 1900-talet og alle dets tragediar. Vi i Abkayan og andre progressive organisasjonar har gått vidare til å konfrontera utfordringane som møter det filippinske folket i det 21. hundreåret. Dette er den verkelege grunnen til at vi har blitt peika ut for eliminering», skriv Bello og Rosales. Sison svararCPP-veteranen Sison, som lever i eksil i Nederland, avviser kategorisk at diagrammet over venstregrupper og -aktivistar i Ang Bayan er ei dødsliste. «Dette er ikkje ei liste over mistenkte kriminelle som skal arresterast og etterforskast av NPA og andre rette instansar av den revolusjonære regjeringa», skriv Sison. Han meiner påstandane frå Bello er løgnaktig, vondsinna bakvasking og at Bello «openbert er involvert i ei spin- eller psykologisk krigføringskampanje». Sison meiner påstandane frå Focus inngår i «eit samla forsøk på å avleia merksemda til publikum frå den fulle bodskapen frå CPPs sentralkomite» i samband med partijubileet nyleg.Deretter går Sison til harde åtak og repeterer påstandane om at Walden Bello er ein agent for USA-imperialismen. «Bello er ein veloppdregen og lydig borgar av den valdelege staten til det USA-allierte storborgarskapet og landeigarklassen», skriv Sison i eit brev frå 30. desember. Der konstaterer han vidare at «Bello avslører seg som ein falsk progressiv og falsk antiimperialist ved å spotta dei revolusjonære kreftene i den nasjonale frigjeringa og sosialismen».FinansieringDet er ikkje minst finansiering frå «liberale» amerikanske institusjonar av typen Ford Foundation som avslører Bello i Sisons auge. Han argumenterer med at Focus samarbeider nært med «det imperialistfinansierte mellomleddet Transnational Institute» (TNI). Blant TNIs medarbeidarar finst i tillegg til Bello folk som russiske Boris Kagarlitskij, britiske Hilary Wainwright, franske Susan George og sør-afrikanske Dot Keet. «Finansieringa som strøymer inn i prosjekta til Bello kan i siste instans sporast til USAs regjering og USAs monopolborgarskap», hevdar Sison. Maoistleiaren fordømmer også Bellos samarbeid med «det trotskistiske og reformistiske franske Attac». Sison og CPPs allierte i India har tidlegare fordømt World Social Forum som eit imperialistisk komplott, utvikla for å lura folkemassane vekk frå den revolusjonære vegen. Når Bello kritiserer «globalisering» og «krig», er det «i eit forsøk på å sperra vegen for verkelege progressive og antiimperialistar og deretter føra konferansane han organiserer over i reformistiske banar som skal betra det imperialistiske systemet», skriv Sison. Dette er ein velkjent taktikk, meiner han, der ein «semantisk framstår som antiimperialistisk, men likevel i essens er for å halda oppe det imperialistiske systemet ved å gå til åtak på dei revolusjonære».Sison slår fast at alle gruppene og personane CPP presenterer i si liste over kontrarevolusjonære er allierte med kvarandre «på det felles grunnlaget at dei motarbeider CPP og den revolusjonære rørsla». «Likevel», skriv Sison, «vil eg ikkje påstå at alle som høyrer til desse smågruppene er straffbare kriminelle».@sitat:«CPP har tatt eit langt sprang framover mot rein og skjær galskap»Partiet Akbayan@
Den verdskjente systemkritikaren Walden Bello er truga på livet av filippinske maoistar, påstår Focus on the Global South (Focus). Focus er eit systemkritisk forskingsinstitutt i Bangkok som Bello er leiar for. Frå midten av desember har knallharde skuldingar hagla mellom Walden Bello og Communist Party of the Philippines (CPP), som i 35 år har ført geriljakrig mot regjeringane på Filippinane. Den knallharde striden blussa opp med desemberutgåva av CPPs publikasjon Ang Bayan («Folket»). Der presenterer partiet ei liste over «Band mellom kontrarevolusjonære grupper, trotskistar og sosialdemokratar». For fyrste gong har Bello fått plass på ei offisiell CPP-liste over «kontrarevolusjonære», i lag med 14 andre. Arturo Tabara, som tidlegare var medlem av politbyrået i CPP sto på samme liste. Etter at han braut med partigrunnleggjar Jose Maria Sison og i 1998 danna eit konkurrerande parti, vart han fordømt som «forrædar mot revolusjonen». 26. september i fjor vart Tabara skoten og drepen. I oktober-utgåva av CPPs offisielle organ Ang Bayan vedgjekk partiet at det stod bak drapet og skulda Tabara for ran, kidnapping og brot på menneskerettane. Fleire andre venstreaktivistar er også blitt drepne av CPP dei siste fire åra. Derfor blir namnelista frå partiet oppfatta som ei dødsliste. «Dødstrugsmålet mot Walden og andre som er peika ut som kontrarevolusjonære er høgst verkeleg og kan ikkje ignorerast», skriv Focus i eit brev som vart signert sist laurdag. Dette blir no distribuert via e-postlister, og Focus oppmodar organisasjonar og nettverk verda over til å fordømma «slike trugsmål og handlingar i sterkast moglege ordelag». Venstre-fascismeWalden Bello høyrer til partiet Akbayan, som slåst for «fredeleg reform». Sentralstyret i Akbayan meiner CPP «sklir mot venstre-fascisme» og har tatt «eit langt sprang framover mot rein og skjær galskap». Partiet har lansert ei veritabel kampanje mot maoistane. I eit brev frå 16. desember, på 36-årsdagen for opprettinga av CPP, skriv Walden Bello og Akbayans kongress-representant Loretta Rosales direkte til CPPs grunnleggjar og ideolog Jose Maria Sison. Dei viser til at fleire av personane på lista over «kontrarevolusjonære» er tekne av dage og at Akbayan-leiaren Ricardo Reyes no er jaga av CPP og partiet si militære grein New People's Army (NPA), og derfor tvinga til å leva i skjul, hevdar Focus. «Tyder dette at du har tenkt å drepa oss ein etter ein», spør Bello og Rosales i brevet til Sison. Bello og Rosales er ikkje i tvil om alvoret i situasjonen: Å bli stempla som «kontrarevolusjonær» av CPP «er i praksis ein dødsdom, der det einaste spørsmålet som står att er tid og stad for når partiet vil gjennomføra dommen» skriv dei i eit brev frå 28. desember. Dei hevdar at «CPP har degenerert til ei fundamentalistisk sekt av Al-Qaida-typen». «Herr Sison og CPP er fossil som sit fast i gjørma frå 1900-talet og alle dets tragediar. Vi i Abkayan og andre progressive organisasjonar har gått vidare til å konfrontera utfordringane som møter det filippinske folket i det 21. hundreåret. Dette er den verkelege grunnen til at vi har blitt peika ut for eliminering», skriv Bello og Rosales. Sison svararCPP-veteranen Sison, som lever i eksil i Nederland, avviser kategorisk at diagrammet over venstregrupper og -aktivistar i Ang Bayan er ei dødsliste. «Dette er ikkje ei liste over mistenkte kriminelle som skal arresterast og etterforskast av NPA og andre rette instansar av den revolusjonære regjeringa», skriv Sison. Han meiner påstandane frå Bello er løgnaktig, vondsinna bakvasking og at Bello «openbert er involvert i ei spin- eller psykologisk krigføringskampanje». Sison meiner påstandane frå Focus inngår i «eit samla forsøk på å avleia merksemda til publikum frå den fulle bodskapen frå CPPs sentralkomite» i samband med partijubileet nyleg.Deretter går Sison til harde åtak og repeterer påstandane om at Walden Bello er ein agent for USA-imperialismen. «Bello er ein veloppdregen og lydig borgar av den valdelege staten til det USA-allierte storborgarskapet og landeigarklassen», skriv Sison i eit brev frå 30. desember. Der konstaterer han vidare at «Bello avslører seg som ein falsk progressiv og falsk antiimperialist ved å spotta dei revolusjonære kreftene i den nasjonale frigjeringa og sosialismen». FinansieringDet er ikkje minst finansiering frå «liberale» amerikanske institusjonar av typen Ford Foundation som avslører Bello i Sisons auge. Han argumenterer med at Focus samarbeider nært med «det imperialistfinansierte mellomleddet Transnational Institute» (TNI). Blant TNIs medarbeidarar finst i tillegg til Bello folk som russiske Boris Kagarlitskij, britiske Hilary Wainwright, franske Susan George og sør-afrikanske Dot Keet. «Finansieringa som strøymer inn i prosjekta til Bello kan i siste instans sporast til USAs regjering og USAs monopolborgarskap», hevdar Sison. Maoistleiaren fordømmer også Bellos samarbeid med «det trotskistiske og reformistiske franske Attac». Sison og CPPs allierte i India har tidlegare fordømt World Social Forum som eit imperialistisk komplott, utvikla for å lura folkemassane vekk frå den revolusjonære vegen. Når Bello kritiserer «globalisering» og «krig», er det «i eit forsøk på å sperra vegen for verkelege progressive og antiimperialistar og deretter føra konferansane han organiserer over i reformistiske banar som skal betra det imperialistiske systemet», skriv Sison. Dette er ein velkjent taktikk, meiner han, der ein «semantisk framstår som antiimperialistisk, men likevel i essens er for å halda oppe det imperialistiske systemet ved å gå til åtak på dei revolusjonære».Sison slår fast at alle gruppene og personane CPP presenterer i si liste over kontrarevolusjonære er allierte med kvarandre «på det felles grunnlaget at dei motarbeider CPP og den revolusjonære rørsla». «Likevel», skriv Sison, «vil eg ikkje påstå at alle som høyrer til desse smågruppene er straffbare kriminelle».@sitat:«CPP har tatt eit langt sprang framover mot rein og skjær galskap»Partiet Akbayan@










