Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Mandag 12. februar, 2007
«Diskriminering å nekta religiøse kvinner niqab»
RELIGIØSE SYMBOL: ? Eg synest det er eit problem at ein i den offentlege debatten blandar saman religiøse symbol som hijab og niqab, med undertrykking av kvinner som ikkje er ein del av islam; æresdrap, tvangsekteskap og omskjæring av kvinner, seier Sandr

«Diskriminering å nekta religiøse kvinner niqab»

Mandag 12. februar, 2007

«I islam symboliserer tildekking fromheit, ikkje underordning»
Sandra Maryam Moe, muslim
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Niqab-debatten handlar om kvinnenes rett til å bestemma over eigen klesdrakt, meiner den norske muslimen Sandra Maryam Moe.

«Forbud mot niqab er et tilbakesteg for kvinners frigjøring,» skriv den norske muslimen Sandra Maryam Moe i eit debattinnlegg som står på trykk i Klassekampen i dag.

– Frekt og provoserande, er Moes karakteristikkar av Lars Gule, studieleiar ved Høgskolen i Oslo, sitt initiativ for å forby bruk av niqab, ansiktsslør, i undervisninga ved Høgskolen.

Moe konverterte til islam for 11 år sidan, og er styremedlem og leiar for kvinneavdelinga ved Tromsø Islamske Senter (Alnoor). For henne handlar niqab om kvinners rettar.

– Viss vaksne kvinner har lyst til å bruka niqab, vil eg forsvara deira rett til å gjera det. Noko anna er rein diskriminering av kvinnene, seier Moe.

Solidaritet

Ho går dermed rett inn i eit stridsspørsmål blant muslimar i Noreg. I samband med debatten som vart utløyst då Oslo Handelsgym ønskte å forby bruk av niqab i timane hausten 2005, hevda både tidlegare leiar i Islamsk Råd, Lena Larsen, og SV-politikaren Akhtar Chaudry at verken burka eller niqab har noko å gjera i Noreg.

– Her er eg ueinig. Eg ønskjer heller å vera solidarisk med mine muslimske søstrer og forsvara deira rett til å visa fram si religiøse fromheit gjennom niqab.

Moe seier ho meiner det er underleg at nokon vil bruka tid på å forby niqab.

– Som muslim føler eg at dei som ønskjer å forby niqab har ein annan agenda ettersom niqab ikkje er eit reelt problem. Det er jo nesten ingen som brukar det. Poenget ser heller ut til å vera at ein vil vinna eit symbolsk slag mot islam.

Ikkje upraktisk

Moe har sjølv brukt Niqab då ho studerte islam ved universitetet i Sanaá i Yemen, eit land der niqab er utbreidd. Alle dei kvinnelege studentane brukte niqab, og Moe hevdar at dette verken var til hinder for undervisning eller kommunikasjon.

– Eg syntest sjølv det var fint å visa min kjærleik til gud gjennom å bruka niqab, seier Moe.

– Du knyter niqab til fromheit og religiøsitet, men ansiktssløret har ikkje same status innanfor islam som hovudplagget, hijab?

– Her finst det ulike tolkingar. Dei fleste meiner det ikkje er eit påbod med niqab, medan hijab er obligatorisk. Men så er det altså nokon som meiner at religionen også påbyr niqab, og når dei trur det, må dei få lov til å bruka niqab, seier Moe.

Ho trur at forbod mot ansiktsslør i undervisning vil hemma integrering av dei kvinnene som brukar det.

– Det vil bidra til å isolera desse kvinnene, og det synes eg ikkje er rett veg å gå, seier Moe.

Fromheit

– Du argumenterer for niqab ut frå eit kvinnerettsperspektiv. Men ansiktsslør blir av mange forstått som symbol på underordning?

– Dei som hevdar slikt, taler i uvitenheit om islam. I islam symboliserer tildekking fromheit, ikkje underordning.

– Men jentene er vel om ikkje akkurat underordna familien, så i alle fall påverka av han. Det er ikkje så lett å bli overtydd om at dette berre handlar om fridom?

– Muslimske jenter blir vel påverka av familien og det miljøet dei er i, akkurat slik norske barn blir påverka av det miljøet og den kulturen dei veks opp i. Poenget mitt er at vaksne menneske må få bestemma sjølv.

Moe trekkjer opp eit skilje mellom religion og kultur.

– Eg synest det er eit problem at ein i den offentlege debatten blandar saman religiøse symbol som hijab og niqab, med undertrykking av kvinner som finst i enkelte kulturar, men som ikkje er ein del av islam; æresdrap, tvangsekteskap og omskjering av kvinner, seier Moe.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT