Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523

Jol i Oslo

Jol i Oslo

Lørdag 23. desember, 2006

«Den einaste gleda eg unnar dykk, er gleda ved aldri å ha sakna ei verkeleg jol»
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Alt dette svineriet, i denne tarmen av ein by. Alle parasittane skal feire jol igjen. Folket i hovudstaden har aldri greidd seg sjølv, det er ikkje noko nytt i det. Hadde Oslo med tilliggjande herlegdomar vorte skilt ut som eigen stat, ville byen ha våre rikshovudstad i Vest-Europas fattigaste land. No er det i staden hovudstaden i verdas rikaste, takka vere oss vestlendingar. At vi aldri fekk ei separatistrørsle, er av desse mysteria i soga. Her har Kåre Lunden forsømd seg.

Då eg vaks opp, byrja jola klokka fem den 24. desember. Aldri før, av og til litt seinare. Var det problem i fjøsen, kunne far verte noko sein. Så benka vi oss ved bordet, frå kyrkja kom klangen, ikkje ein austlending i sikte. Kjetta og kjøtaren sneik rundt stolbeina. Lammet la seg saman med løva.

Vi åt og vi drakk. Det vi hadde i oss, hadde vi sjølv skaffa. Potetene var frå eigen åker, kålrabien frå eigen kjellar, lammet hadde vi odla fram, slege i hel, partert, salta og røykt. Blåbæra til safta var handplukka i eigen skog. Og i omnen brann den turre bjørkeveden. Vi var kongar i eige hus, ikkje eit svin, ikkje ein austlending, ikkje ei spritflaske i syninga. Vi såg at alt var såre vel.

Etterpå las far joleevangeliet: «Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.» Landshovding, det er noko anna enn guvernør, det. Så gjekk vi rundt joletreet, gåvene var bøker, på nynorsk. Kor mange forfattarar har Oslo produsert? Etterpå las vi jolehefta frå Norsk Barneblad medan vi åt epla frå apalen i hamnehagen. Freden senka seg. Vi var tepte.

Men dyret var der, klokka ti måtte vi ned i fyrste høgda. Til bestemor og bestefar. Dei hadde ei svigerdotter hjå seg, ho sat glinsande ved bordenden og fortalde alltid kor mykje ho sakna svineribba. Ho var frå Oslo. Eg syrgde alltid for å søle brus på joleduken ho hadde dampa. Vi visste kven fienden var. Far hadde fortald det.

Men no sit eg straks ein annan stad. Eg har laga joleribbe, ungane snakkar vestkant og under treet ligg det altfor mange gåver. I jola er eg immigrant, flyktning og kua. Jola byrjar i november, drikken er laga av nokre umandige franskmenn, kjøtet er vasstrekt, og vi les: «Det skjedde i de dager at det gikk ut befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle innskrives i manntall.»

Så syng vi songar på dansk. Varmen kjem frå ein foss på Vestlandet, gåvene frå ein fabrikk i Kina, svinet frå sentralslakteriet på Hamar, medisterkakene er frå «Spis» og potetene kjem frå Kypros. «Pappa, hvorfor er det ikke snø?» «Av di Vesten er folkesett av folk som i Oslo, folk som ikkje maktar å lage noko sjølv». 20 meter frå husværet gjeng trafikken tung. 50 meter lenger oppe held Trond Bakkevig ei jolepreike om kor viktig det er at vi skaper fred i Palestina. Kyrkjelyden nikkar vyrdsamt.

«Pappa, hvorfor er du i så dårlig humør!» «Kjeften unge! Har du ikkje nett fått ein Nintendo DS?»

God jol til alle Oslo-imperialistar der de sit i Dressmann- og Kapp Ahl-kostyma dykkar, sydde av små asiatiske jenteungehender. Den einaste gleda eg unner dykk, er gleda ved aldri å ha sakna ei verkeleg jol, for de visste aldri kva det var. Sjokoladen renn nedetter munnvikane. «Nå melker de for Freia igjen.»

«Og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine.»

Neste år skal eg heim til jol. «Men tenk på barna,» seier kona. Det er nett dei eg tenkjer på.

«Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song.» For ein gjeng med hyklarar!

«For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.» Slik ja.

Vil de ha kvit jol, får de laga ho sjølv.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT