Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523

Fest og fest

Fest og fest

Lørdag 16. desember, 2006

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Ordet «kjøpefest» er som vanleg desembers verste klisjé, og det seier ikkje lite. Ukritisk nytta av media og kremmarstand står omgrepet som eit symbol for det verste ved det private overforbruket, i ei tid då klimakrise og manglar i det offentlege tilbodet ropar på heilt andre prioriteringar. Aller verst er det når «fest» blir knytta til den elleville prisauken i bustadmarknaden – jo høgare bustadprisar, jo større fest. Jo større prisauke i bustadmarknaden, jo større glede i finanspressa. Klårare kan ein ikkje vise definisjonsmakta til dei som eig, medan dei som ikkje eig betaler blodpris for festen det er å få seg ein stad å bu.
  • Dette er ein del av bakteppet for regjeringas nye lov om eigedomsmekling. Dette er ein bransje som dei siste åra har skodd seg eventyrleg på priseksplosjonen i eigedomsmarknaden, som mellom anna har gitt meklarane stor eigeninteresse av å presse opp salssummen. No går regjeringa inn for å forby såkalla progressiv provisjon, fordi dette kan gje meklaren for stor interesse i salssummen og bryte prinsippet om meklarens uavhengige rolle. Finansminister Kristin Halvorsen strammar opp regelverk og kompetansekrav for meklarane, og skjerpar krava til kva slags opplysningar som skal bli gitt om eigedommane. Ho seier at den nye lova vil bidra til større tryggleik for forbrukarane, og ein ryddigare bustadmarknad.
  • Vi trur at tilstramming og betre regelverk i meklarbransjen er døme på ein fornuftig raudgrøn politikk som vil vera populær blant veljarane, slik det også vil vera å setje ned foten mot opsjons- og bonus-«festane» i dei delar av næringslivet der staten har noko den skal ha sagt. Det har vore mange døme på useriøs atferd frå eigedomsmeklarar, som har gitt standen eit meir og mindre velfortent snyltarpreg. Også Norges Eiendomsmeklerforbund meiner at rolla som mellommann i den kompliserte bustadmarknaden, der folk gjer sine største økonomiske transaksjonar, bør skjerpe kompetansekrava i bransjen. Her er det grunn til å merke seg at meklaren også skal ta vera på interessene til kjøparane. Då må det bli slutt på at dei håver inn meir ekstra jo større overpris bustaden blir seld for.
Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT