– Taliban må stillast til ansvar
Mandag 11. desember, 2006
Den afghanske Ahmad Fahim Hakim er uroleg for den makta Taliban får i Afghanistan som følgje av at regjeringa ikkje er i stand til å stansa korrupsjon og garantera personleg tryggleik for innbyggjarane. Særleg er situasjonen alvorleg sør i landet.
– Kva kan det internasjonale samfunnet gjera for å redusera Taliban sin innverknad?
– Sterkare politisk press mot Pakistan, med krav om ikkje å la Taliban ha ein trygg bakgård innafor pakistanske grenser, vil vera viktig, seier Hakim. Han peiker på at Taliban i dag har gode vilkår for både å trena sine styrkar og få helsehjelp i Pakistan.
Hakim understrekar elles at han ikkje har motførestillingar mot å gå inn i forhandlingar med Taliban om korleis konfliktar i Afghanistan kan løysast.
– Men det må vera eit klart vilkår for slike forhandlingar at Taliban ikkje er immune når det gjeld tidlegare krigsbrottsverk. Taliban er velkomne med i afghansk politikk, men det må samstundes vera rom for å stilla dei til ansvar og krevja straff for krigsbrottsverk, understrekar menneskerettsforkjemparen.









