Jon Cash
- Når LO-forbundet El & IT opnar landsmøte i dag, har styret og toppleiinga i vår dominerande telebedrift gjort sitt for å skape kampglød og samtaleemne. Telenors toppsjef Jon Fredrik Baksaas har sikra seg ein samla opsjonsgevinst på 37 millionar kroner. Tysdag realiserte han ein gevinst på vel tolv millionar, ved å selje unna aksjar med innløysingskurs på ein firedel av dagens aksjekurs. Næringsminister Dag Terje Andersen seier til Dagens Næringsliv at staten vil «sette bom» for slike avlønningsordningar. Næringskomiteens leiar, Lars Peder Brekk, seier dette er ein «urimelig gevinst for en enkeltperson». Mildare kan ein nesten ikkje få sagt det.
- Vi har vent oss til litt av kvart av grådigheitskultur og mangel på skamvett på næringslivets øvste hyller. Men det er nesten fascinerande å sjå kor lite av samfunnsdebatten om dette som har trengt inn i direktør- og styreleiarkontora. «Han trenger cash,» seier Telenors pressetalsmann Dag Melgaard til DN som grunngjeving for aksjesalet. Baksaas tener bortimot fire millionar i året, men treng cash for kjøpe ut familien frå ein landstad på Tjøme. «Noen vil mene det, andre ikke,» seier styreleiar Thorleif Enger på spørsmål om opsjonsprogrammet er for lukrativt. Det seier vel mest om kven slike som Enger har omgang med.
- Heilt sia avlønningssystema for toppleiarar i næringslivet for alvor tok av, har det synt seg at appellar om samfunnsmoral ikkje bit på dette sjiktet av toppdirektørar og styreleiarar som sikrar kvarandre svimlande lønningar, fallskjermar, opsjons- og pensjonsordningar. Så langt det er mogleg, må politikarane gripe inn med reguleringar og skattlegging. Det er ikkje dokumentert nokon rasjonell samanheng mellom selskapas økonomiske utvikling og bonusordningar til toppsjefane, på toppen av eventyrlønningane dei får. Det er naturleg å ta fatt i selskap der staten er hovudeigar, som i Telenor. Her er det opp til styresmaktene kor lenge uvesenet skal få halde fram. Andersen varslar strengare retningsliner for bruk av opsjonar i eigarskapsmeldinga. El & ITs leiar Hans Felix går inn for endringar i aksjelova, slik at opsjonsavtalar til toppsjefar blir forbode, både i private og offentlege verksemder. Her har dei raudgrøne ei vinnarsak, om dei vågar.











