Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Staden vi står på, verda som er vår heim.

Den sosialistiske draumen kan ikkje vera ein nostalgi, det må vera ein draum om den forandring og den framtida som er mogleg

Arbeidarorganisasjonane og arbeidarpartia, arbeidarrørsla, nasjonalt og internasjonalt, var den viktigaste politiske krafta i det 20. århundret. Ingen annan politisk ideologi forandra livet på kloten i same grad som dei sosialistiske ideane. Det gjeld for vesle Norge, og i den store verda! I dag er det nesten ingen som er stolt over det, få som snakkar om det, men det var slik det var. I det 20. århundret vart den industrielle revolusjonen gjennomført i Europa og på det nordamerikanske kontinentet. Kolonialismen vart avskaffa i Asia og Afrika. Frigjeringsrørsler tok opp dei sosialistiske ideane, heiste opprørsfana, skapte håp om eit betre liv for millionar og atter millionar av menneske. Dette er ei historisk kjensgjerning som ingen nye politiske motar kan gjera noko med.