
Samlast om CO2-krav
Mandag 25. september, 2006
FAKTA
* Statoil ønskjer å byggja eit gasskraftverk på Mongstad i Hordaland, i tilknytning til oljeraffineriet som finst der i dag. Utan reinsing vil dette auka CO2-utsleppa frå Mongstad-anlegget med ein million tonn i året.
* Statens forurensingstilsyn har råda Miljøverndepartementet til å avslå søknaden.
* Norges vassdrags- og energidirektorat rådar Miljødepartementet til å seia ja til søknaden. Dei siste vekene har LO og sterke krefter i Ap og Sp pressa på for at Statoil skal få konsesjon til å byggja gasskraftverk utan den naudsynte reinsingsteknologien på plass.
* Soria Moria-plattformen slår fast at Noreg ikkje skal byggja nye gasskraftanlegg utan CO2-reisning.
LES MER
bård lahn, leiar i natur og ungdom
«IKKE GJØR SOM LO SIER!» stod det på store banner frå Natur og Ungdom då miljøvernminister Helen Bjørnøy og SV-leiar Kristin Halvorsen entra SV sitt landsstyremøte laurdag. Saka galdt den omstridde søknaden frå Statoil om å få byggja gasskraftverk på Mongstad. Regjeringsplattformen Soria Moria gjer det klårt at det ikkje skal bli bygd gasskraftverk utan CO2-reinsing, noko som er sett på som ein stor siger for SV og miljørørsla. Men dei siste vekene har sterke krefter i LO, Ap og Sp pressa på for at Statoil bør få byggja gasskraftverk utan at reinseteknologien er på plass. No ligg saka på Bjørnøy sitt bord i Miljødepartementet, og det er venta hard tautrekking om saka internt i regjeringa.
Då landsstyret i SV skulle handsama saka i helga var det såleis knytt stor spaning til kor langt partiet ville gå i å posisjonera seg før tingingane i regjeringa. Ville partiet halda på kravet om «reinsing frå dag éin», eller søkja ein ny strategi basert på mindre forpliktande formuleringar? På førehand hadde Kirsti Bergstø, leiar for Sosialistisk Ungdom, åtvara mot eit klamt kompromiss som ville frata SV musklar i tingingane. Men då Per Østvold, leiar for redaksjonsnemnda, sundag føremiddag la fram ei samrøystes innstilling til fråsegn i Mongstad-saka, var det klårt at kompromisset var mindre klamt enn mange hadde frykta. Landsstyret vedtok samrøystes ei pakke med harde krav til CO2-frie gasskraftverk i Noreg.
Den viktigaste formuleringa i landstyrevedtaket lyder slik: «SV står fast på at det må stilles krav om rensing av CO2 i utslipptillatelsen for det planlagte gasskraftverket på Mongstad. Alle konsesjoner for gasskraftverk må binde utbyggerne både juridisk og økonomisk til å fatte beslutninger, prosjektere og investere i CO2-håndtering. I konsesjonene må utbyggerne bindes opp til å investere i CO2-rensing på en slik måte at utbyggingen av renseanlegg og gasskraftverk skjer parallelt.»
– Tøft mandat
– Her har vi laga formuleringar som gjer at vi har det presset vi treng til tingingane internt i regjeringa. Det viktigaste er ikkje formuleringar om reinsing frå dag éin eller to, men at krava er bunnsolide: Vi skal ha CO2-reising, seier Per Østvold til Klassekampen.
– Kva vil «juridiske og økonomiske bindingar» innebera?
– No skal det bli tingingar med oljeselskapa og regjeringa vil måtta forma ut dette nærare. Men frå vår side er det heilt klårt at det ikkje skal bli bygd gasskraftverk utan at selskapa har forplikta seg på strengast mogleg måte i høve til reinsing av CO2. Målet vårt er at det ikkje skal bli mogleg å gå tilbake på dette, uansett stortingsfleirtal etter 2009. Tida med forureinande gasskraftverk i Noreg skal vera forbi.
Også SU-leiar Bergstø, som sjølv satt i redaksjonsnemnda, er nøgd med vedtaket.
– Sp og Ap snakkar no som om dei er kjøpt og betalt av den norske oljelobbyen. Då er det avgjerande at SV står opp for Soria Moria-plattformen. Det meiner eg vi gjer i vedtaket vårt: Vi seier klårt at det skal vera juridiske og økonomiske bindingar til ein eventuell konsesjon, og at utbygginga av gasskraftverk skal skje parallelt med reinseanlegg. Klårare blir det ikkje, seier Bergstø.
Ho meiner miljøminister Bjørnøy har fått eit tøft mandat å ta med seg inn i tingingane i regjeringa.
– Eg har full tillit til at Bjørnøy vil kjempa med nebb og klør for at gasskraftverk på Mongstad ikkje blir bygd utan at anlegg for reinsing blir klårt samtidig.
Natur og Ungdom nøgde
Mykje av SV sitt truverde i miljøspørsmål vil no vera knytt til korleis dei handsamar Mongstad-saka. Miljørørsla følgjer SV-politikarane med argusaugo. Etter landsstyremøtet er den førebelse dommen frå Bård Lahn, leiar i Natur og Ungdom, positiv.
– Viss dette blir regjeringa sin politikk, er vi nøgde, seier han til Klassekampen.
Lahn meiner SV sine krav vil innebera at Statoil blir tvungne til å byggja ut reinseanlegg samstundes med gasskraftverket på Mongstad. Viss gasskraftverket skulle bli klårt ei tid før, meiner Lahn det vil krevja dispensasjon frå regjeringa, og dét vil det i så fall ikkje vera grunn til å gje:
– Viss LO eller andre kraftsosialistar i Ap vil krevja full start utan at reinseanlegget er klårt, vil det vera ei rein symbolmarkering. Det får vi eventuelt ta då, seier Lahn.
Men innan den tid vil mange slag vera utkjempa, både i regjeringa og i dei einskilde partia. Laurdag uttalte Helen Bjørnøy at ho gjerne tok i mot eit tøft mandat frå landsstyret. Om ho maktar å gjera landsstyret sitt vedtak til regjeringa sin politikk gjenstår å sjå. Den komande kraftkrisa vil ikkje gjera presset på Bjørnøy mindre.










