Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Onsdag 23. august, 2006
Uavhengig av Soria Moria
FRI? ? Soria Moria-erklæringa er ikkje eit signal som Utlendingsnemnda skal følgja. Det ville vera i strid med kva Stortinget har bestemt, seier UNE-direktør Terje Sjeggestad.

Uavhengig av Soria Moria

Onsdag 23. august, 2006

FAKTA

* I går vart boka «Styring og autonomi. Organisasjonsformer i norsk utlendingsforvaltning» presentert. Forfattarar: Professor Tom Christensen, professor Per Lægreid og forskingsassistent Arne R. Ramslien.

* 1988: Utlendingsdirektoratet (UDI) oppretta.

* 2001: Behandling av klagesaker overført frå Justisdepartementet til den nyoppretta Utlendingsnemnda (UNE).

* 2005: Integreringssaker flytta frå UDI til nytt Integrerings- og mangfoldsdirektorat.

* 2005: Utlendingspolitikken overført frå Kommunal- og regionaldepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

«Utlendingsnemnda ønskjer politisk styring, men politikarane har ikkje følgt opp»
Terje Sjeggestad, Utlendingsnemnda
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Soria Moria-erklæringa er ikkje eit signal som UNE skal følgja, meiner direktøren i Utlendingsnemnda (UNE), Terje Sjeggestad. Problematisk, meiner forvaltningsforskarar.

Ei ny bok om utviklinga av ulike organisasjonsformer i norsk utlendingsforvaltning, «Styring og autonomi», problematiserar rolla til Utlendingsnemnda (UNE). UNE vart oppretta i 2001, som ein uavhengig domstolliknande instans for behandling av klagesaker på utlendingsfeltet.

Forfattarane av boka, professorane Tom Christensen og Per Lægreid og forskingsassistent Arne R. Ramslien, karakteriserer UNE som ein organisasjonsmessig hybrid, som har element av både finjus, politisk styring og lekmannsinnslag.

– Det oppstår problem når eit slikt organ skal vera så uavhengig av politisk styring, seier Lægreid.

Han peiker på at utlendingslova inneheld ei rekkje skjønnsmessige formuleringar som må fortolkast, og som såleis gir eit stort handlingsrom til forvaltingsorgana. Det gjeld mellom anna uttrykk i lova som «sterke menneskelege omsyn» og «innvandringspolitiske omsyn».

– Når avgjerder blir overlatne til uavhengige fagorgan, blir skjønnet flytta over i fagorganet, men politikken blir ikkje borte, legg han til.

Soria Moria

Ifølgje Soria Moria-erklæringa vil regjeringa føra ein heilskapleg innvandrings- og flyktningpolitikk forankra i internasjonale forpliktingar, som «i større grad tar hensyn til anbefalingene fra FNs høykommissær for flyktninger (UNHCR)».

Direktøren i Utlendingsnemnda (UNE), Terje Sjeggestad, meiner UNE ikkje er forplikta av erklæringa.

– Soria Moria-erklæringa er ikkje eit signal som UNE skal følgja. Det ville vera i strid med kva Stortinget har bestemt, seier han, og forklarer at den politiske styringa berre kan utøvast gjennom lover og forskrifter. Han meiner det er mykje ukunne om korleis den spesielle styringsforma for UNE skal fungera.

– Men ligg det ikkje innafor det handlingsrommet UNE har å ta meir omsyn til dei signala som ligg i Soria Moria-erklæringa?

– Erklæringa seier noko om kva det politiske nivået har planar om å gjera, men formuleringane er for vage til å gi noko svar på kva vi skal gjera. Det står ikkje at ein alltid skal følgja UNHCR, og vi kan ikkje forskuttera kva regjeringa meiner om desse spørsmåla, seier UNE-direktøren.

Han understrekar at UNE ønskjer meir politisk styring dersom politikarane meiner at dagens praksis er uheldig.

– Ikkje overraska

Professor Lægreid er ikkje overraska over at det ikkje har komme tydelegare instruksar frå den ansvarlege statsråden.

– Kanskje ansvarlege politikarar ikkje er imot tvangsreturane? Bjarne Håkon Hanssen er livredd for Frp, og det er slett ikkje sikkert han og UNE er ueinige i desse sakene, seier Lægreid.

Denne sommaren har tvangsretur av afghanske og somaliske flyktningar i motstrid til tilrådingar frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) aktualisert spørsmålet om politisk styring av UNE.

Lægreid meiner spørsmålet om å stansa tvangsreturar av både afghanske og somaliske flyktningar ville vore løyst om ein hadde hatt ei mindretalsregjering. No er delar av flyktningopposisjonen i Stortinget bunden av regjeringssamarbeidet, trur han.

Sverige som eksempel

I den debatten som gjekk over fleire år før UNE vart oppretta, var eitt av argumenta at både Sverige og Danmark hadde tilsvarande nemndordningar. Eit anna var at rettstryggleiken skulle styrkjast. 30. mars i år vart den svenske Utlänningsnämnden avvikla, og klagebehandlinga er overført til ordinære domstolar.

– Bør Noreg følgja Sverige og avvikla UNE?

– Ei endring som den som no er gjort i Sverige, kunne styrkt rettstryggleiken, seier professor Lægreid.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT