Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Mandag 17. juli, 2006
Ufred om freding
EINESTÅANDE: ? Anlegget har svært høg kultur- og sosialhistorisk, arkitektonisk og kunstnerisk verdi, seier Byantikvaren om Prinds Christian Augusts Minde i Storgata i Oslo, som no er foreslått freda.

Ufred om freding

Mandag 17. juli, 2006

FAKTA

LES MER

«Alle veit kva 'mellombels' kan bety i slike samanhengar»
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Oslo kommune har vedtatt å plassera eit sprøyterom på område som skal fredast. – Potensielt problematisk, seier Byantikvaren.

Meldinga frå Byantikvaren om freding av Prinds Christian Augusts Minde i Storgata i Oslo, som kom sist veke, er ei gladmelding til alle som har følgt med på eit langvarig arbeid for å fått tatt vare på dette heilt spesielle anlegget. Dels gøymd bak tregjerde i Storgata ligg det som har vore karakterisert som eit nasjonalt kulturminne på line med Akershus festning.

Mangelsgården vart oppført i 1698 som ein lystgård for fint folk. I 1809 oppretta Fattigkommisjonen Stiftelsen Prinds Christian Augusts Minde, og kjøpte eigedommen Storgata 36. Det vart oppretta ein arbeidsanstalt for dei fattigaste, seinare utvikla den seg til ein tvangsarbeidsanstalt som var i bruk fram til 1915, og i 1829 fekk Christiania sitt første «dollhus» i sidebygningen. For vel hundre år sia var Christiania Kommunale Sindssygeasyl det neste største i landet, etter Gaustad.

Dette anlegget rommar mykje kultur- og sosialhistorie, inkludert psykiatrihistorie.

– På høg tid

Forskar Wenche Blomberg har gjennom sitt arbeid med psykiatrihistorie dokumentert mykje av aktiviteten i Christiania dollhus.

– Det er på høg tid, og veldig bra at det no har komme eit framlegg om freding av dette spesielle og unike anlegget. Det er mellom anna viktig for den uavklarte reguleringssaka med Thon som har ønskt å byggja ut ein del av området. Så langt eg kan sjå, ser dette til å vera ein effektiv stoppar for Thon sine planar om nybygging som ville berøra området sterkt, seier Blomberg til Klassekampen.

Politisk problem

I tillegg til at fredinga omfattar alle eksisterande bygningar som tilhøyrde det gamle anlegget, med det som finst av laust og fast inventar, er det også presisert at uteareala er omfatta av fredinga. Fredinga skal «sikre virkningen av kulturminnene i miljøet og beskytte vitenskapelige interesser til anlegget».

Men det går også fram av fredingsdokumentet at det er gjort politiske vedtak i Oslo kommune som kan skapa trøbbel. Det er nemleg vedteke i 2006 at det skal etablerast eit sprøyterom akkurat på denne eigedommen. Det er meint løyst med ein mellombels brakkerigg på om lag 400 kvadratmeter.

– Korleis det kan gjerast utan at det kjem i konflikt med føremålet med fredinga, og utan at det strir mot den arkitektoniske heilskapen, er for meg ei gåte, seier Blomberg. – Og alle veit kva «mellombels» kan bety i slike samanhengar, legg ho til.

Både bydelsutvalet, politiet og dei som driv handelsverksemd i denne delen av Storgata har varsla at dei er svært kritiske til å plassera eit sprøyterom i dette området.

– Fortvilande

Byantikvaren varslar også at dette kan bli vanskeleg. I framlegget til fredningsreglar heiter det at det ikkje må setjast i verk tiltak eller bruksendringar «som akn orandre områdets karakter eller på annen måte motvirke formålet med fredningen. […] Det kan oppføres ny bebyggelse forutsatt at denne […] tilpasses miljøet og ikke svekker opplevelsen av de historiske strukturene og anleggets lukkethet.»

Om det vedtekne sprøyterommet skriv Byantikvaren at det vil la seg gjera å etablera det med plassering og utforming som kan aksepterast i forhold til fredinga. Men det er ikkje sikkert alle problem er løyst med det. «De bruksmessige konsekvensene for området som helhet er imidlertid uavklarte og potensielt problematiske,» heiter det i høyringsdokumentet.

– Det er fortvilande om fredingssaka skal bli ein diskusjon om sprøyterom. Det vil stengja for ein viktig diskusjon om annan bruk av uteområda, seier Blomberg.

Ho etterlyser ein diskusjon om korleis uteområda kan setjast i stand til variert bruk til nytte for folk.

– Her kan der vera rom for både ein stillehage, arena for kulturopplevingar og ein variert park med historiske referansar. Det ville vera interessant både for folk som bur i nærleiken, for leigetakarar som skal bruka bygningane, og for publikum flest, seier forskaren.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT