Innenriks
Tirsdag 20. juni, 2006
Kva kan du gjera?
Tirsdag 20. juni, 2006
Eit nettverk av støttepersonar hjelper til med praktisk organisering kring sveltestreiken. Mykje er på plass, men det trengst framleis folk til nattevakter og anna praktisk assistanse.
Ein spontan innsamlingsaksjon under markeringa på Domkyrkjeplassen sist laurdag gav om lag 7000 kroner, men det trengst framleis pengar, både til medisinar, tannbehandling, sko og klede.
Kan du ta ei nattevakt? Ring Brage Aronsen tlf. 92691142.
Kan du bidra til kulturstafetten? Ring Beret Werner tlf. 47385617.
Pengar kan sendast til konto 1644 03 52352.
Følg med på www.sultestreiken.net.









