Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 8. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120208
Innenriks
Tirsdag 20. juni, 2006
Bløff om FN-godkjenning
SVELTESTREIK: Horeida Bashardost (23) har vore i Noreg sia 2003. Han kjem frå eit område langt unna Kabul, og har vore i sveltestreik i 22 dagar.

Bløff om FN-godkjenning

Tirsdag 20. juni, 2006

FAKTA

* 26. mai: 23 flyktningar startar sveltestreik i Oslo, med krav om at avtalen om tvangsretur må trekkjast tilbake.

* 9. juni: UNHCR kritiserer den norske regjeringa for planane om tvangsretur.

* 16. juni: Politiaksjon mot flyktningleiren ved Domkyrkja fjerna telt og eigedelar, dei sveltestreikande vende tilbake til leirplassen.

* 19. juni: Om lag 70–75 sveltestreikande i Oslo.

«UNHCR vil bli forelagt opplysninger om alle som er planlagt returnert. Hvis UNHCR har innsigelser for enkeltpersoner, vil retur av disse bli vurdert på nytt, eventuelt utsatt.»

Pressemelding fra AID 10. juni 2006: «Tilbakereise til Afghanistan».

«Det er full oppslutning i regjeringen om den praksis Norge følger. Hver gang vi skal returnere en person, må vi fylle ut et omfattende papir som så blir behandlet av Høykommissærens kontor i Kabul. Der kan de si om den enkelte kommer fra et trygt eller usikkert område, og det rådet følger vi.»

Statssekretær Libe Rieber-Mohn til NTB 10. juni 2006.

«Det som er viktig å understreke er at det er en trepartsavtale mellom Norge, afghanske myndigheter og UNHCR. Det sendes ikke flyktninger tilbake til Afghanistan uten at UNHCR har godkjent det. […] Det er viktig å sikre at UNHCR gjennomgår alle sakene og godkjenner vedtakene om retur.»

SV-leder Kristin Halvorsen til NTB 17. juni 2006.

«UNHCR skal få rapport om kvar einskild person før tvangsretur skjer. Dei vil seia ifrå om det er nokon det ikkje er trygt for.»

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen til Klassekampen 1. juni 2006.

«UNHCR i Kabul mottar beskjed på forhånd, før noen reiser fra Norge. UNHCR vil gi en tilbakemelding på om de mener at det er trygt å sende en person til Afghanistan.»

Pressemelding fra AID 15. juni 2006: «Regjeringen lar seg ikke presse av sultestreikende afghanere».

«I henhold til avtalen skal UNHCR varsles skriftlig før alle returer. Politiets Utlendingsenhet (PU) er ansvarlig for det operative samarbeidet med UNHCR i Kabul. Returer gjennomføres ikke før UNHCR har gjennomgått listene med personopplysninger. Dette gjelder både frivillige og tvangsmessige returer. Tvangsmessige returer vil ikke bli gjennomført uten at UNHCR er informert. Det er helt klart at ingen vil bli returnert hvis de har grunn til å frykte forfølgelse.»

Pressemelding fra AID 12. juni 2006: «Avtale om retur til Afghanistan».

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Regjeringa har lovt FN-godkjenning av «trygg retur» for flyktningar som skal tvangsreturnerast Afghanistan. – Slike rutinar finst ikkje, fortel sjefen for Politiets utlendingsenhet.

UNHCR (FNs høgkommissær for flyktningar) har kritisert den norske praksisen for retur av afghanske flyktningar, og har understreka at det berre er flyktningar som har tilknyting til Kabul og har eit nettverk der, som kan returnerast.

For snart tre veker sia forsikra inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen at UNHCR skal få beskjed om kvar einskild person før tvangsretur skjer. «Dei vil seia ifrå om det er nokon det ikkje er trygt for,» forklarte statsråden i Klassekampen 1. juni.

Dette vart forsterka av Libe Rieber-Mohn overfor NTB 10. juni: «Hver gang vi skal returnere en person, må vi fylle ut et omfattende papir som så blir behandlet av Høykommissærens kontor i Kabul. Der kan de si om den enkelte kommer fra et trygt eller usikkert område, og det rådet følger vi,» sa statssekretæren.

Dette samsvarer dårleg med den informasjonen Klassekampen får frå Politiets utlendingsenhet (PU), som har ansvaret for uttransportering av flyktningar som har fått endeleg avslag på asylsøknad.

– Dette med informasjon til UNHCR er ein del av avtalen for frivillig retur, men det står ingenting om slik informasjon når det gjeld tvangsretur, forklarer politimeister Arne Jørgen Olafsen, sjef for PU.

Han legg til at dei prøver å følgja reglane for frivillig retur, også ved tvangsreturar.

Inga tilbakemelding

Det er høgst uklart kva UNHCR kan gjera for kontrollera opplysningane dei får frå Noreg om dei einskilde flyktningane.

– UNHCR får beskjed to til tre dagar før transport frå Noreg når det gjeld frivillig retur, opplyser Olafsen.

Det standardskjemaet som blir brukt for å formidla slike opplysningar har kolonner for namn, fødselsdato, fødestad, kjønn, talespråk og siste kjende adresse i Afghanistan. Inga kolonne for 'nettverk i Kabul i 2006'.

Det er heller ingen rutinar for tilbakemelding frå UNHCR ut frå desse opplysningane.

Frå UNHCR har det vore understreka at det er viktig at dei som reiser tilbake, både høyrer til og har eit nettverk på den staden dei skal tilbake til. Det er vanskeleg å finna slike opplysningar i skjemaet. Korkje 'fødestad' eller 'siste kjende adresse i Afghanistan' seier noko om kva som finst av nettverk i dag. Mange av dei flyktningane som no risikerer utsending, forlet heimlandet for tre til fire år sia, år som har vore mykje prega av krig.

– Ubrukbart

Zahir Athari, talsmannen for dei sveltestreikande, ristar på hovudet når han får sjå skjemaet.

– Med desse opplysningane kan du bruka eit år på å finna att ein person i Kabul, seier Athari.

– Dette kan sjå greitt ut for folk som kjenner systemet i Noreg, men gir inga meining når vi snakkar om Kabul, legg han til.

Han forklarer at Kabul, med fire–fem millionar innbyggjarar, manglar system for postadresser, i tillegg til at det ikkje finst noka sentral registrering av fødselsdatoar. Som kjent har mange flyktningar komme til Noreg utan å vita noko om sin eigen fødselsdato.

PU-sjefen opplyser at dei har sendt brev til om lag 400 afghanske flyktningar med endeleg avslag, som fekk oppgitt ein utreisefrist 26. mai. Av desse skal om lag 200 vera frå Kabul-området, og ut frå regjeringa si fortolking av tilrådingane frå UNHCR, aktuelle for retur.

Ifølgje PU-sjefen er det svært få afghanske flyktningar som til no er førte til politiinternatet på Trandum for å vidaresendast til Afghanistan.

– Nøyaktige tal har eg ikkje, men det er iallfall ikkje meir enn fem, seier han.

Til no skal det vera oversendt opplysningar til UNHCR i Kabul om ein person som er aktuell for retur.

– Arbeidet med returar skjer i tett samarbeid med Utlendingsnemnda, forklarer Olafsen. Dei som skal sendast ut, skal gjennomgå helsesjekk og den afghanske ambassaden skal skaffa dei reisedokumenta som trengst.

Kultur & medier
Onsdag 8. februar, 2012
Går ut mot distriktene

Går ut mot distriktene

Norsk forskning blir i for stor grad styrt av distriktspolitiske hensyn, mener biologiprofessor Dag O. Hessen.
Utenriks
Onsdag 8. februar, 2012
Obama forspiller

Obama forspiller

SKJEBNEVALG: Da Barack Obama sikret bankene tidenes redningspakke under finanskrisa, gjorde han det klart at den ene rikeste prosenten i USA også var den viktigste, mener økonomen Michael Hudson.
Innenriks
Onsdag 8. februar, 2012
- Handler om mer enn meg

- Handler om mer enn meg

STRID: LO mener firmaet DHL, med NHO i ryggen, driver en fagforeningsfiendtlig praksis. De vil få Arbeidsretten til å kjenne avskjedigelsen av tillitsvalgte Monica Okpe ugyldig.
Dagens leder
Onsdag 8. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Finanspakten

Finanspakten

Dagens leder
Powered by eonBIT