Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523

Nådelaust

Nådelaust

Tirsdag 20. juni, 2006

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Sjeldan blir eit regjeringsparti så nådelaust overkøyrt av storebror som SV vart av Arbeidarpartiet søndag kveld. Nådelaust er også ordet for regjeringas handtering av dei sveltestreikande afghanarane. Ikkje sia samane sveltestreika mot Alta-utbyggjinga for 25 år sia, har ein aksjon av denne typen utfordra styresmaktene i Norge så sterkt. Dramatikken for liv og helse er større no enn den gongen. Det same er desperasjonen frå aksjonistane, i gapet mellom avmakt og makt. Politisk og humanitært er det som går føre seg midt i sommar-Oslo hjarteskjærande i dobbel forstand.
  • Leiaren for SVs internasjonale utval, Reza Rezaee, kom til landsstyremøtet med framlegg om å gje amnesti til dei afghanske flyktningane på grunn av den dramatiske forverringa i Afghanistan sia heimsendinga av flyktningane vart vedtatt. Dette vart avvist, sjølv om det utvilsamt har brei støtte på grasrota i SV og blant store delar av dei som røysta inn den raudgrøne regjeringa. Men landsstyret ba trass alt om ei ny vurdering av tryggleiken for dei som skal sendast tilbake, slik at utsendinga må bli utsett inntil vidare. Tilsvarande åtgjerder har Utlendingsnemnda (UNE) tatt tidlegare, i høve utsending av flyktningar til Irak og Etiopia. Men no skal både styresmaktene og byråkratiet tydelegvis statuere eksempel, om liv så skulle gå tapt.
  • Rett etter møtet gjekk inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen ut og stadfesta at SVs vedtak ikkje er verdt papiret det vart skrive på. Regjeringskollegane i SV fekk foten i fjeset, med eit faderleg skulderklapp for framlegget om å auke ressursane til Noas og Flyktninghjelpen for å gå gjennom sakene på nytt – medan han presiserte at «det ikkje er aktuelt» å sjå dette i samanheng med sveltestreiken. Dette vart konfirmert av statsminister Jens Stoltenberg same kveld. Vi har i andre saker sett at lovnadene frå Soria Moria om ein meir human asyl- og flyktningepolitikk ikkje er anna enn munnsvær. Jamvel ikkje i dette dramaet ser det ut til at det indre Ap-kabinettet med Stoltenberg og Hanssen har gravd seg ein politisk naudutgang. Sveltestreiken har sprengkraft og moglege konsekvensar så katastrofale at regjeringas skryteliste ved feriestart mest kan gje flau smak i munnen.
Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT