
– Verre enn i ein flyktningleir
Mandag 19. juni, 2006
Audun Lysbakken, nestleiar i SV Mads Gilbert, overlege i akuttmedisin
«Vi forbeholder oss retten som nasjon å foreta en selvstendig vurdering på basis av en individuell vurdering av den enkelte. Da kan det hende at det kan ligge noen anbefalinger fra FN som vi ut fra en individuell vurdering mener ikke er riktig å følge.»
Slik laud orda frå Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen frå Arbeidarpartiet fredag kveld, i eit intervju med TV 2. Statsråden kommenterte stoda for dei afghanske flyktningane, som sveltestreikar utanfor Domkyrkja i Oslo mot styresmaktene sitt krav om at dei må reisa attende til eit krigsherja Afghanistan.
Hanssen sine ord er kontroversielle internt i regjeringspartia.
«Elendig og umenneskeleg.» Det er desse tre orda Reza Rezaee nyttar då Klassekampen spør korleis han ser på regjeringa si framferd andsynes afghanarane til no. Rezaee er internasjonal leiar i regjeringspartiet SV og var ein av aktørane då SV sitt landsstyre denne helga diskuterte stoda for dei sveltestreikande afghanarane. Sjølv om det til slutt var stor semje om eit vedtak, er det eit merkbart steg frå dei første utsegnene frå SV, til det som etter ein lang diskusjon vart resultatet på partiet sitt landsstyremøte. Onsdag sist veke uttalte SVs Heikki Holmås at «Vi har tiltru til at dei flyktningane som er her, har fått sine individuelle behov for vern vurdert av Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE).»
Vil følgja FN
Etter eit intenst arbeid for å få på plass eit kompromiss, med SV-nestleiar Audun Lysbakken som sentral aktør, enda partiet med eit vedtak der det mellom anna heiter følgjande:
* Alle FN sine tilrådingar skal bli følgde. Ingen skal bli internflyktningar i Kabul. Utlendingsmyndigheitene må få instruks om dette, og det må bli klårgjort for flyktningane at ingen i denne situasjonen vil bli sendt ut av landet.
* Det må bli gjeve ei ny tryggleiksvurdering for dei som er tenkt returnert til Afghanistan.
* Alle flyktningane må få tilbod om å få saka si sett på av ein uavhengig instans: Utsendingane må førebels bli stoppa inntil det er gjeve høve til grundig informasjon frå Flyktninghjelpa si INCOR-gruppe og mogleg ny vurdering av avslag frå NOAS, til alle som ønskjer det. Tilbodet må bli gjeve uavhengig av om dei sluttar seg til det frivillige returprogrammet.
* Regjeringa må slå fast at alle kommentarar FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Kabul kjem med i høve til konkret retur skal bli følgd. Ingen skal bli returnert dersom UNHCR i Kabul meiner det ikkje bør skje.
Lysbakken vonar vedtaket gjev eit fruktbart grunnlag for å koma vidare i den til no fastlåste konflikten:
– I den stoda vi er i no kviler det eit stort ansvar på alle for å finna konkrete løysingar som kan vinna fram, seier Lysbakken til Klassekampen. Han er svært bekymra for stoda i Afghanistan og meiner styremaktene parallelt med ei uavhengig vurdering av kvar einskild sak er forplikta på å gjera si eiga vurdering av stoda i Afghanistan, og om desse endringane bør ha innverknad på handsaminga av sakene til flyktningane.
– Skam og skandale
Det er heitt i salen der SVs landsstyre diskuterer situasjonen for dei afghanske flyktningane. SV-representantane diskuterer saka vel vitande om at situasjonen utanfor Domkyrkja er særs alvorleg. Etter at politiet natt til fredag reiv ned telta, konfiskerte personlege eigedelar som tannbørster og teppe og fjerna dei sveltestreikande, er dei afghanske flyktningane no attende utanfor kyrkja. Og tilstanden blir verre for kvar dag.
Utanfor Domkyrkja er lege Mads Gilbert i ferd med å sjekka helsetilstanden til afghanske Yama, som sveltestreikar på 24. døgnet.
– Tilhøva for dei sveltestreikande er under all kritikk. Det er ei skam og ein skandale at eit av verdas rikaste land kan la menneske som oppheld seg her leva under slike tilhøve, seier Gilbert og legg til:
– Dei lever under vilkår som er langt verre enn kva flyktningleir som helst.
Gilbert har røynsle frå omfattande arbeid i flyktningleirar, mellom anna i Afghanistan.
Dei hygieniske tilhøva for dei sveltestreikande er ifølgje Gilbert i strid med det ansvaret Oslo kommune har for alle menneske som oppheld seg i kommunen.
– Etter at politiet fjerna dei sveltestreikande og reiv telt og fjerna personlege eigedelar er situasjonen dramatisk forverra. I går mangla dei rennande vatn, tilgang til handhygiene, forsvarlege toalett-tilhøve, telt og liggjeunderlag.
– Kvar er regjeringa?
Etter at Gilbert tok kontakt med Raude Krossen på laurdag fekk leiren tilgang på rennande vatn, og tepper kom også på plass. Men framleis manglar latriner, telt, liggeunderlag og energitilgang.
– Domprosten burde ha opna Domkyrkja. Men det torer han vel ikkje, det var trass alt han som initierte aksjonen der flyktningane vart fjerna.
Gilbert har også vore i kontakt med helsemyndigheitene i Oslo, som er samde i kritikken av hygienetilhøva. Bystyrerepresentant i Oslo, Erling Folkvord (RV), sendte i går eit brev til byrådsleiar Erling Lae, der han kravde at Oslo kommune umiddelbart oppfyller plikta til å førebyggja sjukdom mellom personane som sveltestreikar.
Gilbert vil ikkje uttala seg om vedtaket frå SVs landsstyre, men etterlyser regjeringa framom domkyrkja.
– Eg saknar Kristin Halvorsen og Erik Solheim her: Kvar er andleta til den raudgrøne regjeringa? Dei burde koma hit, om ikkje anna for å gje ei flaske vatn.
Stor avstand
Men det har vore kontakt mellom afghanarane og SV. SV-leiar Kristin Halvorsen snakka med fleire av dei sveltestreikande afghanarane då dei oppsøkte SV sitt landsstyremøte på laurdag. Og i eit brev frå dei sveltestreikande til SVs landsstyre, sendt etter møtet, heiter det: «For første gang siden vi startet vår kamp mot tvangsutsendelse til vårt krigsherjede hjemland, føler vi at vi blir tatt på alvor.»
Då Klassekampen kjem til Domkyrkja i Oslo er aksjonistane informerte om SV sitt landsstyrevedtak med krav om ny vurdering for dei afghanske flyktningane. Dei Klassekampen får veksla ord med verkar positive til SV sitt initiativ, men dei er avventande og usikre på kva som konkret vil koma ut av det.
For det er klårt at det er stor avstand mellom det som no er vorten SV si haldning og dei siste signala frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etter det Klassekampen erfarer er det omfattande sinne og frustrasjon i høve til Bjarne Håkon Hanssen si takling av sveltestreiken. «Det verkar som Hanssen retter seg mest mot Frp i denne saka» seier ei kjelde til Klassekampen.
Kompromiss
Vona no er at SV sitt framlegg skal kunna tena som eit kompromiss i regjeringa. I så fall vil også SVs Reza Rezaee vera nøgd.
– Viss SV sitt vedtak får gjennomslag og blir regjeringa sin politikk i handsaminga av dei afghanske flyktningane, så er dette eit godt kompromiss, seier SVs internasjonale leiar Reza Rezaee.
RV-leiar Torstein Dahle seier på si side han er lei for at Rezaees forslag om amnesti ikkje vart vedteke.
– Vedtaket frå landsstyret er ikkje mykje verdt. Det er i hovudsak eit indremedisinsk vedtak for å roa ned situasjonen i partiet. Det vil vera til mindre hjelp for dei sveltestreikande afghanarane, meiner Dahle.
SVs Audun Lysbakken er ikkje samd. Han rettar no ei klår oppmoding til Bjarne Håkon Hanssen:
– SV krev no vilje til dialog og reelle diskusjonar om løysingar med afghanarane, uttalar han.
NTB meldte like før Klassekampen gjekk i trykken at arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen hadde følgjande kommentar til SV sitt vedtak: «Jeg synes innspillet fra SVs landsstyre om at Flyktninghjelpen og NOAS får økte ressurser til å hjelpe med eventuelle omgjøringsbegjæringer, er positivt. Det er imidlertid ikke aktuelt å se dette i sammenheng med sultestreiken, fordi det ikke skal være mulig å sulte seg til opphold i Norge.»










