Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Fredag 9. juni, 2006

Tør ikkje reisa, får ikkje gifta seg

Fredag 9. juni, 2006

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Afghanske Sultan Mohammedi er ein av dei som held lag med dei sveltestreikande flyktningane for å støtta dei, og han fryktar sjølv for å bli tvangssend tilbake til heimlandet. Han vil gjerne vera med på sveltestreiken, men til no har den norske kjærasten trygla han om ikkje å sveltestreika.

– Eg sa til henne da vi vart kjende at ho ikkje måtte bli forelska, eg ikkje visste kor lenge eg kunne bli i Noreg. Det ville vera betre om vi gløymde kvarandre, fortel han.

Men ingen av dei gløymde, og no vil dei helst gifta seg. Men det får dei ikkje så lenge han ikkje har lovleg opphald. Og han kan heller ikkje reisa til eit anna land. Han har prøvd å få pass frå den afghanske ambassaden, men svaret var nei.

– Kan bli drepen

Afghanske Sultan Mohammedi er ein av dei som held lag med dei sveltestreikande flyktningane for å støtta dei, og han fryktar sjølv for å bli tvangssend tilbake til heimlandet. Han vil gjerne vera med på sveltestreiken, men til no har den norske kjærasten trygla han om ikkje å sveltestreika.

– Eg sa til henne da vi vart kjende at ho ikkje måtte bli forelska, eg ikkje visste kor lenge eg kunne bli i Noreg. Det ville vera betre om vi gløymde kvarandre, fortel han.

Men ingen av dei gløymde, og no vil dei helst gifta seg. Men det får dei ikkje så lenge han ikkje har lovleg opphald. Og han kan heller ikkje reisa til eit anna land. Han har prøvd å få pass frå den afghanske ambassaden, men svaret var nei.

Ikkje frå Kabul

Da Mohammedi forlet heimlandet, var faren, som var aktiv kommunist, drepen i konflikt. Sjølv er han også kommunist, og overtydd om at han risikerer livet om han reiser tilbake. Han fortel at før han reiste vart bror hans spurd av muslimane om kor han var, og han fekk kutta av den eine armen da han nekta å gi opplysningar.

– Du kan bli drepen fordi du er kommunist, og du kan bli drepen om du har pengar i lomma. Det er inga rettferd i Afghanistan no. Dei som sit med makta, har drepe mange i borgarkrigen, seier han.

Mohammedi fekk asylsøknaden sin behandla i Utlendingsdirektoratet (UDI) medan den såkalla «15-månadersregelen» galdt. Dei som ikkje hadde fått svar frå UDI i løpet av 15 månader, fekk opphald. Da han hadde venta i 14 månader, vart afghanar-saker sett på vent i fire månader. Da saksbehandlinga vart tatt opp att, kom avslagsbrevet, med beskjed om at han kunne reisa til Kabul og bu der.

Alder uviss

I samband med det returprogrammet regjeringa no vil gjennomføra, blir det også sagt at det kan vera trygt å reisa tilbake til Kabul, vel å merka for dei som har eit nettverk der. Men, likt med mange av dei som sveltestreikar, kjem Mohammedi ikkje frå Kabul, og har korkje familie eller anna nettverk der.

– Eg har ingen familie i Afghanistan lenger, seier han. Heimstaden hans er i Jagori, som ligg langt utanfor hovudstaden, mellom Kabul og Khandahar.

Mohammedi har jobba mykje av den tida han har vore i Noreg, og hatt bra inntekt, men etter det andre avslaget på asylsøknaden våga han ikkje å gå på jobb lenger. For kvar dag var han redd for å bli henta av politiet og bli send ut av landet.

Han veit ikkje kor gammal han er, han er ikkje fødd på eit sjukehus, og har aldri hatt fødselsdokument. Han kom til Noreg i lag med kameratar som sa dei var 16–17 år gamle. Etter nærare halvtanna år i landet vart han alderstesta. Etter testen av handa skulle han vera 19 år, medan testen av tennene viste at han skulle vera 27 år. Sjølv trur han det første er mest rett, men han fekk beskjed om å gå til politiet og få legitimasjon som stadfesta at han var 27.

– Hadde det ikkje vore farleg å reisa tilbake, hadde eg reist for lenge sia. Men no vil eg helst få lov til å leva eit liv i lag med kjærasten min, seier han.

Men framleis fryktar han for kvar dag at han kan bli send ut av landet med tvang.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT