
– Uforsvarleg anke
Lørdag 3. juni, 2006
FAKTA
* Avin Khadir Yousef (22) og dottera Aida (7) kom til Noreg og søkte asyl 31. mars 2002.
* Grunnlag for søknaden: Omfattande mishandling i ekteskapet, og det at familien nekta å betala operasjon for Aida, som hadde ein alvorleg medfødd hjartefeil.
* Avslag på asylsøknaden frå Utlendingsdirektoratet, klage sendt til Utlendingsnemnda (UNE) 24. juni 2003.
* Endeleg avslag frå UNE 3. november 2005. Saka var ikkje behandla i nemnd, men avgjort av nemndleiar åleine, som ei sak utan vesentleg tvil.
* Rettssak i Oslo tingrett 20. og 21. april 2006.
* Dom i saka 5. mai: Vedtaket i UNE 3. november 2005 er ugyldig.
LES MER
I brev til kommunal- og forvaltningskomiteen 31. mai i år understreka inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen at det er regjeringas politikk at det «ved vurdering av sterke menneskelege hensyn skal foretas en selvstendig vurdering basert på barnas situasjon», og at opphald kan innvilgast om barna har opparbeidd «sterk tilknytning til riket som følge av lang botid». Samtidig ankar staten dommen fra 5. mai, der vedtaket om å nekte Avin Yousef Khadir og dotter hennar opphaldsløyve vart kjent ugyldig.
Terje Sjeggestad, direktør i UNE, stadfestar at saksbehandlinga frå UNE si side, og handteringa av rettssaka, ikkje blir påverka av politiske «signal» før dei eventuelt er nedfelt i lover og/eller forskrifter.
– Vi opererer ut frå det som til ei kvar tid er gjeldande politikk, fastsett i regelverket, seier Terje Sjeggestad.
Dette inneber at UNE vil endre praksisen sin først når dei politiske signala anten har ført til endringar i det formelle regelverket, eller dersom dei politiske signala har ført til ei endring i rettspraksis.
Meldinga om at staten ankar dommen i saka til Avin Yousef Khadir til lagmannsretten, har skapt undring hos hennar advokat, Ellen-Karine Hektoen. Ho etterlyser ein samanheng mellom behandlinga av denne saka og det som no skjer på politisk nivå. Dommen i Oslo tingrett, som sa at Utlendingsnemnda (UNE) sitt vedtak om at Khadir og dotter hennar ikkje skulle få opphald i Noreg, var ugyldig, var i all hovudsak basert på ei vurdering av omsynet til barnets beste.
– Eg er overraska over at staten ankar når vi nettopp har vunne fram på dei punkta som gjeld omsynet til barnets beste, med vekt på kor lenge ho har vore i Noreg og kor godt integrert ho er, seier Hektoen til Klassekampen.
– Ikkje juridisk grunnlag
Tingrettsdommen seier mellom anna at «hovedproblemet i UNEs vedtak er imidlertid at det ikke er foretatt en grundig helhetsvurdering knyttet til 'barnets beste', slik [barne]konvensjonen forutsetter at man skal gjøre».
I anken blir det lagt stor vekt på at UNE meiner Khadir ikkje er truverdig, dette er mellom anna basert på at ho, da ho søkte asyl, ikkje gav korrekte opplysningar om korleis ho hadde reist frå Iran via Nederland. Det kom fram under rettssaka at ho hadde blitt sterkt pressa til ikkje å fortelja sanninga da ho reiste frå Nederland til Noreg.
– Eg synest det er merkeleg at dette blir brukt slik det blir i anken. Om mora si forklaring om reiseruta er truverdig eller ikkje, skulle ikkje ha noko å seia for omsynet til barnets beste. Eg kan ikkje sjå at det finst noko juridisk grunnlag for å seia at det at mor har snakka usant skal vera til hinder for å gi opphald på humanitært grunnlag ut frå omsynet til barnets beste, seier advokaten.
Hektoen peiker også på den store menneskelege påkjenninga som følgjer med ein slik ankeprosess, i tillegg til at prosessen er ressurskrevjande både for partane og rettsapparatet.
– Og spesielt meiningslaust verkar dette når det akkurat no er gitt politiske signal om at det skal leggjast større vekt på omsynet til barns beste i asylsaker. Summen av dette gjer at eg meiner det er uforsvarleg å anka denne saka, seier Hektoen.
– For lite forpliktande
Tysdag som kjem skal kommunal- og forvaltingskomiteen i Stortinget leggja fram sitt syn på eit framlegg som går inn for rett til ny saksbehandling for barnefamiliar som har vore meir enn tre år i landet utan å ha fått rett til opphald.
Bjørg Tørresdal (KrF), ein av forslagsstillarane, er glad for nye signal frå Bjarne Håkon Hanssen om at det skal leggjast større vekt på omsynet til barna.
– Men så langt har statsråden uttalt seg for lite forpliktande, det er ikkje nok å få dette inn i lov og forskrift for framtida. Utfordringa er å få ei ordning som kan gjelda for dei som per i dag har vore i landet i meir enn tre år, seier Tørresdal.
– Er systemet for utlendingsforvaltninga godt nok, når ein dom som nettopp legg vekt på barnets beste, blir anka av staten, på tvers av dei politiske signala som blir gitt?
– Denne saka er eit eksempel på at her har vi ein jobb å gjera for dei det gjeld. Vi ønskjer å få meir kunnskap om kommunikasjonen mellom dei som lagar reglane og dei som handhevar dei, seier KrF-representanten.
Frå inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen får vi opplyst at han tar sikte på at ei ny forskrift først skal gjelda frå 1. januar 2007.










