Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Innenriks
Onsdag 26. april, 2006
Tilbyr tilsette lønnskutt
BIBLIOTEK: ? Skulle vi bli nøydde til å streika for å slå tilbake åtak på arbeidstidsordningane våre, trur eg lånarane vil forstå oss, seier Trine Kruse, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Kultur- og idrettsetaten i Oslo kommune. Til venstre bibliotekar

Tilbyr tilsette lønnskutt

Onsdag 26. april, 2006

FAKTA

* Kommunane sine krav om utviding av normalarbeidsdagen, bortfall av betalt matpause og avtalefesta pensjonsordningar vart sendt ut torsdag i førre veka.

* Hovudsamanslutningane leverte sine svar til Oslo kommune i går ettermiddag.

* Økonomiske krav frå hovudsamanslutningane blir konkretiserte i løpet av veka.

* Om lag 43.000 tilsette er omfatta av desse forhandlingane.

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
I starten av tarifforhandlingane vil Oslo kommune blant anna utvida normalarbeidsdagen og fjerna betalt matpause – tiltak som vil føra til drastiske lønnskutt for dei tilsette.

Oslo kommune har levert krav til tarifforhandlingane i år som får dei tilsette og deira tillitsvalde til å sjå raudt:

* Utviding av normalarbeidsdagen til kl. 20.00. Det vil seia at alle tillegg for arbeid mellom kl. 17 og 20 skal vekk.

* Den betalte matpausa, som kontortilsette har hatt sia 1940-talet, skal vekk.

* Dei som har 37,5 timars veke, skal ikkje lenger få tillegg for ordinær teneste mellom kl. 17 og 06.

* Pensjonsvilkåra skal ikkje tariffestast.

– Frekt

– Dette er noko av det frekkaste vi har sett frå Oslo kommune, er ein samrøystes kommentar frå ei rekkje bibliotekarar og andre tilsette ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Her må fagforeiningane bruka dei midla som trengst for å stansa eit provoserande utspel frå arbeidsgivaren, meiner dei tilsette.

Dei bibliotektilsette er folk med god utdanning, men låg lønn. Topplønn for ein bibliotekar med full opptening er i underkant av 300.000 kroner i året. Ragnhild Sørensen, som har jobben sin i skranken i hovudbiblioteket, har tittelen sekretær – med bacheloreksamen i kulturfag, og ei årslønn på 239.000 kroner.

– Med ei slik årslønn får du ikkje lån i banken til å kjøpa bustad, seier Sørensen.

4000 kroner i kutt

Og skulle kommunen få gjennomslag for utvidinga av normalarbeidsdagen, ville det føra til direkte lønnsnedslag for Sørensen og andre bibliotektilsette. Biblioteket har ope til kl. 19 på kvardagar og opningstida på laurdagar er nyleg utvida med ein time, til kl. 16. Eit par av filialane har søndagsope. Dei fleste arbeider til 19 ein eller to dagar i veka, og kvar tredje eller fjerde laurdag.

Tillegget for arbeid etter kl. 17 vart for dei bibliotektilsette for to år sia auka frå 6,20 kroner til 20 kroner per time. Skulle dette bli borte, ville det føra til eit kutt i årslønna på nærare 4000 kroner for dei fleste.

Og det er ikkje det einaste kuttet. Å fjerna den betalte matpausa, som har vore avtalefesta sia 1940-talet, vil i praksis seia at arbeidsdagen blir ein halv time lengre for kvar dag, utan fem øre i lønnskompensasjon.

– Matpausen er ikkje fritid, vi må vera i huset og vera tilgjengelege når det trengst, seier Jørn Helge Dahl.

– Det er ikkje godt å seia kva som er det aller verste med dette. Eg blir skremt av at dei krev at pensjonsavtalar ikkje lenger skal vera ein del av tariffavtalen, seier Kari Bjørklid.

– Lånarane vil forstå

Trine Kruse, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Kultur- og idrettsetaten i Oslo kommune, veit ho har medlemmene i ryggen når ho seier blankt nei til utspelet frå arbeidsgivarsida. Skulle det bli naudsynt med ein streik for å stansa arbeidsgivaren sine åtak, trur ho lånarane vil forstå dei tilsette.

– Eg er stolt av jobben min, ei velferdsteneste som rettar seg til alle som bur i Oslo. Men eg er ikkje stolt over ein arbeidgivar som ikkje ser den formidable jobben som 43.000 tilsette i Oslo kommune gjer, seier ho.

– Poenget med tariffoppgjeret er vel at vi skal få betre vilkår. Med å køyra ut på denne måten pressar kommunen oss til å bruka mykje krefter på å forsvara det vi har. Men dette er iallfall ein god grunn for alle til å gå i 1.mai-tog i år, seier Kari Folvik.

– Vi strekkjer oss langt for å gjera ein god jobb. Det er utruleg surt om vi skal mista opptente gode, som er smular i den store samanhengen, legg ho til.

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT